15/03/2026
Årsmøte i Vestland Arbeidarparti er ved veis ende og det har vore eit årsmøte med mange viktige saker satt på dagsorden. 🌹
Finansminister Jens Stoltenberg vitja oss i går og snakka blant ana om den urolege verdens situasjonen og regjeringas arbeid med å tryggja økonomien, velferda og landet. I ein humoristisk tone fortalde han om når Jonas kom på døra ein laurdag ettermiddag og spurde om han kunne verta finansminister, i ei tid han eigentleg ikkje hadde tenkt seg tilbake i politikken. Stor respons i salen tala vel for seg sjølv, at finansministeren vår var nok ei av årsaka til at me gjorde ei godt val i fjor. Han fekk høyra mange gode innlegg i det politiske ordskifte og summerte ein del på slutten av dagen
I det politiske ordskifte var det fokus på blant ana fråværsgrensa, lærarnorma, dørterskeltilbod, pliktår, kvinnefengsel, lokalsjukehus, byggeforbod på myr, lokale sparebankar og mykje meir. Ut i frå dei innkomne sakene og redaksjonsnemnda sin innstilling vedtok blant ana Vestland Arbeidarparti:
- Bevara lærarnorma
- Styrka kommuneøkonomien
- Få på plass ei lovregulering som sikrar at bemanningsnorma i barnehagane gjeld for heile opningstida.
- Innføra dørterskeltilbod
- Betre soningsforhold til kvinner
Og mange mange andre gode forslag.
Med andre ord eit godt og innhaldsrikt årsmøte med mange gode drøftingar, diskusjonar, humoristiske innslag, og ein sterk historie frå Ruben Håvik som overlevde Utøya for 15 år sida. Det satte spor...
Takk for tilliten, no jobba me vidare mot valet til neste år🌹