Kvemmadokkje Husmannsplass

Kvemmadokkje Husmannsplass Kvemmadokkje Husmannsplass

Ein husmannsplass på garden Børsheim i Ulvik i Hardanger. Siste husmannem dreiv til om lag 1930. Plassen er restaurert.

Kvemmadokkje er ein husmannsplass på garden Børsheim i Ulvik. Den ligg ca. 200 m vest for hovudtunet. Første husmannen kom frå Kvam, kvemming. Plasset ligg i eit dokk, eit søkk. Derav namnet Kvemmadokkje. Ein husmann var ein som leigde jord hjå ein gardbrukar. Første husmannen Johannes Arnesson Ålvik kom frå Kvam og festa plasset i 1823. Gunnar Børsheim frå Bergo overtok plasset i 1869. Han gifte

seg med Ingebjørg frå Bagne.Dei fekk 12 born. I 1880-åra bygde dei på husa slik dei står i dag. Yngste dottera Gurid som var utdanna skreddar i Bergen busette seg på plasset i 1920-åra for å stella foreldra. Dei døydde kring 1930. I 1935 vart plasset nedlagt og overteke av hovudbruket. Gurid som var ugift fekk rett til å bu der i si levetid. Ho budde der til 1967 og døydde i 1971. Då overtok hovudbruket husa. I 1970-åra vart det gjort noko vedlikehaldsarbeid på plasset, m.a. vart det lagt platetak på stovehuset. Kring år 2000 var det tid for ei større utvendig restaurering av plasset. Grunnarbeid, oppattmuring av gråsteinsmurane, ny kledning og nytt rastatak på stovehuset. Arbeidet vart støtta med kulturvernmidlar frå Ulvik herad og kulturlandskapsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland. Innvendig er husa slik dei var då husmannsfolket budde der. Me ynskjer at plasset skal fortelja litt om korleis husmannsfolket hadde det. Seinare har vatn og avløp med nytt kjøken og sanitæranlegg gjort det mogeleg å nytta plasset betre til tilskipingar m.m. Der er også høve til overnatting. Husmannsplassen vert årleg nytta til større konsertar og framsyningar. Siste året er det også kome til eit grindbygg som både kan vera selskapslokale, møterom og scene for kulturaktivitet. Toril Lunde Børsheim
Johan Børsheim

19/07/2026

Nokre glimt frå førebuing, undervegs og etter konsert.

Tusen takk til alle gode hjelparar - de er gull verdt og me er heilt avhengige av slik hjelp for å få til arrangement som dette 😍🙏

11/07/2026

Då er me i gang med lydprøve!

Hugs at me har rikeleg med mat til alle. Både husmannskost og burger og pølse frå eigen storfeproduksjon!

Me prøver å opna for innslepp mellom 16-1630 når ting er klart.

Ta med sitteunderlag om du har.

Velkomne til ein magisk dag i Kvemmadokkje 🌞🌞

Alle skal få! 🥳🎻🎸🎶⚽🏆Me framskundar alt av program og bussreiser med ein -1- time. Kjem meir info i eigen e-post til dei ...
06/07/2026

Alle skal få! 🥳🎻🎸🎶⚽🏆

Me framskundar alt av program og bussreiser med ein -1- time. Kjem meir info i eigen e-post til dei som har billett 😎

800 publikummarar har kjøpt billett til konserten med Odd Nordstoga laurdag kveld. No tek Torkjell Lunde Børsheim grep for å unngå kollisjon med Noreg–England i fotball-VM.

05/07/2026

HEILT UTSELD KONSERT 11.juli!

Det er med glede og spenning me konstaterar at årets konsertkveld er fullstendig fullteikna, allereie for nokre veker sidan!🥳

Sjølv om me har god plass i tunet på Kvemmadokkje Husmannsplass, har me satt eit tak for å sikra ei god oppleving for alle som kjem. Vonar på forståing for det. Me ynskjer sjølvsagt å gje plass til alle som vil ta turen til oss, men i år har me måtte setja ei grense...
NB! For dei som kunne ha tenkt seg å prøva lukka, må me då informera om at det ikkje vert råd å kjøpa billett i døra, som tidlegare år.

Om nokon skulle ha ein billett dei ikkje får nytta seg av, er det kanskje nokon som vil ha han - ein kan ropa ut her i kommentarfeltet, til dømes.

Mbh
Vertskapet

12/06/2026

Kvemmadokkje 11.juli 2026. Sjå program og kjøp billett 🤩

Plakaten er klar og heng snart på eit hjørna rundt der du går - men, me legg den ut her for deg som bur både her og der....
08/05/2026

Plakaten er klar og heng snart på eit hjørna rundt der du går - men, me legg den ut her for deg som bur både her og der.

Me gler oss til ODD NORDSTOGA med band // The Nordic Fiddlers Bloc // Silje Skare Storhei // Kvitanesen skal underhalda laurdag 11.juli.
Billettane ryk som aldri før! Har du sikra deg? I år må me nok setja eit tak for publikumstalet - slik at alle som kjem får ei god oppleving i Kvemmadokkje 🤠

Visste du at det går buss frå både Voss og Lofthus - og frå Brakanes i Ulvik - direkte til Kvemmadokkje? I samarbeid med Voss Sparebank kan du ta Bankbussen til ein rimeleg penge som fraktar deg til og frå konsert. Sutalaust opplegg! Bussen frå Voss er straks full, men me set truleg opp ein til..

Velkomne! Me gler oss til å sjå deg 😊

08/05/2026
Han her og bandet kjem mellom anna til oss i Ulvik i sommar. Stas!Billettsalet går unna som aldri før - sikre deg ein pl...
06/05/2026

Han her og bandet kjem mellom anna til oss i Ulvik i sommar. Stas!
Billettsalet går unna som aldri før - sikre deg ein plass i 'dokkje i godt lag🤠

Har fått med meg bandet mitt og jamen skal me ut på tur i sommar. Me sjåast ute i sola! ☀️

09/04/2026

Odd Nordstoga med band.
The Nordic Fiddlers Bloc.
Silje Skare Storhei.
Kvitanesen.
Konsert med fullspekka program klart i Kvemmadokkje. Laurdag 11.juli.
Billettar på kvemmadokkje.ticketco.events

Adresse

Byrsevegen 100
Ulvik
5730

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvemmadokkje Husmannsplass legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kvemmadokkje Husmannsplass:

Snarveier

Del