Hakestad Gard

Hakestad Gard Slektsgard med fokus på matproduksjon. Gartnar og lyrikar Olav H. Hauge budde her heila livet. Me tek i mot grupper og enkeltpersonar etter avtale.

På garden driv me aktivt med frukt og sau. Dersom du ynskjer å oppleva heimstaden til Olav H. Hauge kan me visa deg rundt. Turen vert avslutta i kårahuset som var bustaden til lyrikaren frå 1937-1994. Stein Olav Hauge Kolås 95 70 08 49
Tove Kolås Forshaug 95 10 49 55

21/01/2026

4. april 1970
Sol. Fint. Skaren ber no. Skore tre. Det er lenge arbeid. Ser at Torsteins-aplane har friska mykje dei tvo siste år; det har vore turre, solrike sum-
marar; krefti arbeider ikkje so mykje då, no har dei friske skot.

Dagbok, Olav H. Hauge, band lll

Fornøgd med frukosten🌿
18/01/2026

Fornøgd med frukosten🌿

08/12/2025

1. desember 1973
Det er ironisk å koma i hug. Nemner ein Hardanger, ser folk flest for seg ein blid idyllisk fjord med blømande frukthagar, konor i kvite skaut og syljeringlande unggjentor, felespel og brudlaupsbåtar. Harðangr, sa dei gamle. Og dei hadde vel sine grunnar for å kalla dette fjordlandet soleis. Navnet tyder hard tid, trengsle, naud. Det skulle tyda på at dei hadde ikkje so blide og romantiske tankar um stroket her som me i dag. I grunnen såg dei gamle rett. Hardanger er eit hardt og magert land, - det inntrykket fekk Ivar Aasen òg fyrste gongen han kom hit, - han såg fjorden med bondeaugo og ikkje gjennom romantiske brillor. I denne månaden har verkeleg Hardanger vore Harðangr; kulde og snjo og naud.
Dagbok, Olav H. Hauge, band IV

No er fjelledelgran klare for sal🎄Enkel parkering og sjølvbetening. Pris kr. 500,-Vipps til 131874
05/12/2025

No er fjelledelgran klare for sal🎄Enkel parkering og sjølvbetening. Pris kr. 500,-
Vipps til 131874

Som tidlegare er det sjølvbetjening i krysset ved øvragardsvegen 71🎄kjem attende når fjelledelgran står klare for sal!
24/11/2025

Som tidlegare er det sjølvbetjening i krysset ved øvragardsvegen 71🎄kjem attende når fjelledelgran står klare for sal!

10/11/2025

23. oktober 1979
I dag brennande kaldt. Fann på eg skulde ta trehjularen, ein svensk sykkel med tvo hjul framme og eitt bak som ho Bodil har kjøpt seg - og køyra ein eplekasse ned til Brakanes til bror min. Ja vel, eg har aldri vore til Brakanes med motorsykkel, men det gjekk fint.
Dagbok, Olav H. Hauge, band IV

Freya epler til sals🍎Fast, søt, syrleg og saftig, med ein smak som minner om Elstar. Høver både til konsum og matlaging.
29/10/2025

Freya epler til sals🍎
Fast, søt, syrleg og saftig, med ein smak som minner om Elstar. Høver både til konsum og matlaging.

15. september 1966Bra ver. Plukka Prinsar, lyt vera flittig ei tid no.Dagbok Olav H. Hauge, band lll
21/09/2025

15. september 1966
Bra ver. Plukka Prinsar, lyt vera flittig ei tid no.
Dagbok Olav H. Hauge, band lll

Discovery🍎
03/09/2025

Discovery🍎

No er eplesesongen i gong! Epler til salgs 🍎 Ta kontakt på tlf 95104955
23/08/2025

No er eplesesongen i gong! Epler til salgs 🍎

Ta kontakt på tlf 95104955

Adresse

Øvragardsvegen 71. Rossvoll
Ulvik I Hardanger
5730

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hakestad Gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hakestad Gard:

Del