Ulvik SV

Ulvik SV Sosialistisk venstreparti sitt lokallag i Ulvik.

24/05/2026

I heradsstyremøte 15. april var me svært nøgd med at me fekk felirtal for å stoppa planane om fiskeoppdrett i Bruravik - for no.
Gledeleg var det og at høyrings-uttalen frå Ulvik, til Nou-en om bærekratig kommunesektor, var tydleg på at bemanningsnorm er naudsynt både for barnehage og skule for å sikra kvalitet og eit likeverdig tilbodt i oppveks-sektoren.

I heradstyret 20. mai vart me derimot nokså skuffa då fleirtalet ikkje ville søka om offentleg tilskott til organisering av frivillig arbeid. Dermed gjekk me glipp av mesten ein halv milion og ein ny arbeidsplass i bygda. Grunnengjevinga til fleirtalet er at heradet må gje ein garanti på inn til 40 % av den nye stillinga (minus skatteinntekter). Det er trist at dei ikkje har fått med seg potensialet, som er skildra i ein grundig rapporten, som heradstyret sjølv har bedt om.

Men kanskje kan me koma sterkare tilbake vd neste søknadsrunde.

15/02/2026

Heradstyremøte 11.02.26
Jenny og Torunn møtte.
I samarbeid med V, vart Lina Hamre nytt medlem i kontrollutvalet. Det er bra.
Det vara lagt opp til eit langt møte, men me var ferdige alt i 3-tida. Det var eit heller skuffande møte.
Debatten om KS sitt debatthefte "Tid for taktskifte" var, i fylgje ordføraren, ferdig-debattert i formannskapet.
Det same var Samfunnsdelen til Kommuneplanen, og Jenny sitt grundige arbeid med merknader og forslag vart ikkje teke til fylgje, korkje som høyrings-innspel, eller som endringsforslag i møte. Mitt innlegg til debatthefte til KS, vart aldri lagt fram.

Me får koma sterkare tilbake i neste møte, som er i mars.

16/01/2026

Minner om
Årsmøte i Ulvik SV måndag 19. januar kl. 18
i møterommet Solsæ på Omsorgstunet

Årsmøtesaker:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste til møtet
2. Val av møteleiar, skrivar og to til å underteikna møteprotokoll
2. Årsmelding ved skrivar
3, Rekneskapen for 2025 ved kasserar
4. Arbeidsplan og budsjett for 2026
5. Eventuelle innkomne saker
6. Eventuelle politiske uttaler
7. Val ved valnemnda

Marianne Sæhle frå Vestland SV kjem. Me har bedt ho om å ha innlegg om oppdretsnæring og bustadbugging.

Seks SV-arar samla utanfor COOP én i dag for å spreia julestemning og samla inn pengar til Redd Barna. Det var uvanleg l...
20/12/2025

Seks SV-arar samla utanfor COOP én i dag for å spreia julestemning og samla inn pengar til Redd Barna. Det var uvanleg lite folk ute på ein laurdag, men det var ei triveleg innleiing til julehøgtida for oss som var der. Pengane vert samla inn via SPLEIS. I fjor klarte me vel 10 000 kr. klarar me det i år? Her er adressa:

Alle pengene som samles inn går til Redd Barnas arbeid for barn i krig og katastrofer. Når katastrofen inntreffer sørger Redd Barna for at de mest sårbare barna raskt får beskyttelse, mat, rent vann og medisiner.

10/12/2025

Heradstyremøte i dag 10.12.25.
Me skal bygga ny barnehage - hurra!
Sv fekk einstemmig gjennom våre forslag om regjeringa sine løyvingar for å styrka bemanninga i barnehagen bør gå til barnehagen og at skulen held fram som 10 delt skule, men må spara inn 11 undervisningstimar, og at dei kan slå saman klassar når det er pedagogiske forsvarleg og teneleg.
Eit par forslag til innsparing er det funne anna finansiering til.
Stiftinga Skeiemylna er no "forankra" i heradet.

Det er eit stramt budsjett med lite slingringsmon. Me har avvikla nokre tilbod som me gjerne skulle ha halde fram med. Noko tenester/ytingar må me betala for, eller betala meir for, men alt i alt er budsjettet til å leva med.

Jenny og Torunn har hatt ein lang møtedag frå 9 til 17. Me har samarbeida godt med Venstre i fleire av saken, og i noken saker og med AP. Då har me klart å snu negative innstillingar, til positive vedtak.

05/12/2025

Gruppemøte mandag 8. desember kl 17 på Omsorgstunet.
Mange viktige saker. Mellom anna ny barnehage og budsjett.

I år er økonomien så stram at det er lite rom for påplussingar i budsjettet. Skal me fremja nye tiltak og/eller ta inn att foreslåtte tiltak, må me koma med ny forslag for å dekka det inn.

Dette skuldast ikkje berre nytt banehagebygg, men at me, i høve til mange andre kommunar, har hatt god økonomi. Kommunen har og dekka kostnader, som det no er rglar for at innbyggjarane skal betala for. Det gjeld mellom anna vann og kloakk, og byggjesaker.. Der får me ein stor auke.

Det er fleire innsparingar som me helst ikkje vil ta, men....
Me har sendt inn fleire forslag til innsparingar.

Me vurderer barnehagen som det viktigaste å få på plass i dette budsjettet.

Kom gjerne på møtet og ver med å diskuter.

Adresse

Ulvik
5730

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ulvik SV legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del