22/07/2026
Kunstnar KRISTIAN FINBORUD kan du finne både i galleributikken og stabburet på Ullinsvin i sommar.
«Motiva hans bevegar seg frå høgfjellet til strandsona. I det store spennet mellom himmel og hav plasserar han figurane sine og ser kva som skjer. Han lyfter fram store og små augeblikk, og med eit lunt blikk fangar han på eit humoristisk vis den norske folkesjela i ord og bilete. Motiva kjem fram gjennom ein karakteristisk skisseaktig strek som saman med ein klar komposisjon og nesten abstrakte naturskildringar utgjer uttrykket han er kjent for.»