Setesdal regionråd

Setesdal regionråd Alt vi gjer er mynta på at det skal være godt å bu og drive verksemd i Setesdal.

Eit interkommunalt samrbeid for kommuane Bykle, Valle, Bygland, Åseral og Evje og Hornnes. Arbeider med næringsutvikling, interkommunale samarbeid, infrastruktur og kompetanse.

Denne veka vart nye barnehagelærarar feira etter fire år med distriktsvenleg utdanning.Desentraliserte utdanningstilbod ...
26/06/2026

Denne veka vart nye barnehagelærarar feira etter fire år med distriktsvenleg utdanning.
Desentraliserte utdanningstilbod gjer det mogleg å ta høgare utdanning der ein bur, og er heilt avgjerande for rekruttering til viktige yrke i distrikta.
Vi er stolte av innsatsen deira og ønskjer dei lukke til vidare i ein av dei viktigaste jobbane i samfunnet 💛
Les saka her 👇

Torsdag kveld var det duka for ei høgtideleg og varm avslutningsfeiring for bachelorstudentar i distriktsvenleg barnehagelærarutdanning i Lister og Setesdal. Feiringa fann stad på Rosfjord Strandhotell i Lyngdal, der studentane frå det distriktsvenlege

10/06/2026
Setesdal regionråd har dei siste dagane gjennomført fleire møte på Stortinget og i departement. Vi møtte energiminister ...
21/05/2026

Setesdal regionråd har dei siste dagane gjennomført fleire møte på Stortinget og i departement.

Vi møtte energiminister Terje Aasland i Energidepartementet, der vi løfta saker som er viktige for Setesdal og Agder i energipolitikken – mellom anna behovet for føreseielege rammer og god kapasitet i straumnettet.

Nokre av ordførarane møtte òg heile stortingsgruppene for å ta opp aktuelle saker og styrkje kontakten.

Vi har i tillegg hatt møte om barnevern, nasjonal turistveg, forsvar, forenkling i byggjesaker, villrein og ny motorferdselslov, og vi har møtt både stortingsgrupper og Agderbenken.

Takk for gode samtalar, god informasjon og for at de lytta til innspela våre.
Vi tek med oss viktige avklaringar vidare i arbeidet for Setesdal.

I dag hadde dei fire interkommunale politiske råda i Agder dialogmøte med fylkesutvalet. 🤝Styreleiar Inger Lise orienter...
12/05/2026

I dag hadde dei fire interkommunale politiske råda i Agder dialogmøte med fylkesutvalet. 🤝

Styreleiar Inger Lise orienterte om arbeidet i regionen, med særleg vekt på nokre av sakene vi står samla om: Nasjonal turistveg RV9, desentralisert utdanning, Forsvaret si tilstadevering i regionen – og arealpolitikken og utfordringane vi opplever knytte til dette.

Takk til fylkesutvalet og fylkeskommunen for gode samtalar om samarbeid og om korleis vi saman kan utvikle heile Agder vidare!

Stor takk til Evje og Hornnes Sparebank 💐🤩
29/04/2026

Stor takk til Evje og Hornnes Sparebank 💐🤩

Setesdalskonferansen er som nevnt tidligare, heldige å ha med fire flotte samarbeidspartnarar på laget. No har turen i signeringsrekkja kome til Evje og Hornnes Sparebank og det er med stor glede vi kan seie at avtalen med dei er fornya 🥳
Tusen takk for at de framleis ynskjer å vere med oss og bidra til å utvikle Setesdalskonferansen vidare 💐

🎯 Landsskytterstevnet 2030 kjem til Evjemoen! 🎯I dag vedtok Skyttertinget samrøystes å tildele Landsskytterstevnet 2030 ...
25/04/2026

🎯 Landsskytterstevnet 2030 kjem til Evjemoen! 🎯

I dag vedtok Skyttertinget samrøystes å tildele Landsskytterstevnet 2030 til Evje og Hornnes skytterlag, i samarbeid med Greipstad og Vennesla skytterlag. Stemnet blir arrangert på Evjemoen.

Ordførar Morten Haraldstad og leiar av søknadskomiteen Terje Bronebakk presenterte ein sterk søknad og løfta fram Evjemoen som arena – eit tett samarbeid mellom kommune, Forsvaret, næringsliv, frivillige og regionen.
– LS 2030 blir meir enn eit arrangement – det blir eit varig løft, seier ordføraren.

Setesdal regionråd gratulerer og gler seg til å ønskje heile skytter-Noreg velkomen til Evjemoen og Setesdal i 2030! 🌄👏

Fredag hadde Setesdal regionråd møte med statssekretær Vorren i Samferdselsdepartementet, saman med politisk leiing i fy...
22/04/2026

Fredag hadde Setesdal regionråd møte med statssekretær Vorren i Samferdselsdepartementet, saman med politisk leiing i fylkeskommunen, om det vidare arbeidet med riksveg 9. I møtet vart partane samde om behovet for vidare dialog og samarbeid for å arbeide meir konkret med moglegheiten for å løfte riksveg 9 som nasjonal turistveg.

a { text-decoration: none; color: ; } tr th, tr td { border: 1px solid ; } tr th { background-color: ; } a { text-decoration: none; color: ; } tr th, tr td { border: 1px solid ; } tr th { background-color: ; }

God dialog med kommunestyret i Evje og Hornnes kommune.I går tok styreleiar og dagleg leiar i Setesdal Regionråd turen t...
27/03/2026

God dialog med kommunestyret i Evje og Hornnes kommune.

I går tok styreleiar og dagleg leiar i Setesdal Regionråd turen til Evje og Hornnes kommune. Vi fekk ein effektiv time med kommunestyret for å presentere regionrådet og kva vi arbeider med for regionen vår.
Det vart ein god og nyttig time med fleire spørsmål og konstruktive innspel frå lokalpolitikarane.

Slike tilbakemeldingar er utruleg viktige for oss i det vidare arbeidet med å styrke Setesdalsregionen!

Takk for invitasjonen og for det gode engasjementet.

Adresse

Valle
4747

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Setesdal regionråd legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Setesdal regionråd:

Snarveier

Del