Hå kommune

Hå kommune Kontakt oss gjerne - servicetorget svarer innanfor opningstidene. Personangrep og hets vil me ikkje ha nokon stad, heller ikkje her på sida.

Her vil me koma med smått og stort frå heile kommunen, og du kan spørja om ting og få svar – som regel innanfor vanleg kontortid. Har du saker du vil ha handsama, ber me om at du sender dei til [email protected] og ikkje her.

🏡 Vil du vere med å forme framtidas Nærbø sentrum?Hå kommune inviterer til informasjons- og medverknadsmøte om ny regule...
02/06/2026

🏡 Vil du vere med å forme framtidas Nærbø sentrum?

Hå kommune inviterer til informasjons- og medverknadsmøte om ny reguleringsplan for delfelt 3C i Nærbø sentrum.

Her kan du kome med innspel til korleis området kan bli:
✨ ein positiv del av nabolaget
✨ ein god stad å bli gammal
✨ eit triveleg bumiljø med gode uteområde

📍 Tid: Onsdag 10. juni kl. 18.00–19.30
📍 Stad: Hå bibliotek

Planen legg til rette for aldersvennlege bustader, og nå ønsker me dine tankar om mellom anna uterom og bofellesskap.

👉 Meld deg på innan tysdag 9. juni: [email protected]

Har du leigetakarar eller andre med rettar på eigedomen din? Tips dei gjerne om møtet.
👇Meir info i kommentarfeltet

Vel møtt – me håpar å sjå deg! 💬

⛵1. juni er det bare 50 dagar til Tall Ships fest i Sirevåg 🥳  📣Fantastisk nyhet! Gåvefond Sparebanken Norge har gitt ei...
29/05/2026

⛵1. juni er det bare 50 dagar til Tall Ships fest i Sirevåg 🥳
📣Fantastisk nyhet! Gåvefond Sparebanken Norge har gitt ei gåve på 800 000 kr til prosjektet Tall Ships Sirevåg 2026. Dette gjer det mogleg å gjere avtalar med store flotte skuter i god tid før arrangementet. Vi er også kjempestolte og glade for å ha dei lokale firmaeneET Bygg As Ogna Sveis As Ogna Camping Hå Energi AS, Sirevåg Mekaniske AS med som sponsorar, som delfinaniserer segltokt for 9 Hå-ungdommar og 1 ungdomsleiar med Fullriggeren Sørlandet. Tusen takk til gåvefondet til Spb Norge og til sponsorar😊💙

👩‍🔧Arr. Hå kommune i samarbeid med Sirevåg hamn, Sirevåg vel, Brusand IL og Jærlyd Martin Jærlyd Våland

TV Vest sitt flotte innslag fra lanseringa 28.5.26 (open tilgang):
https://tv.tvvest.no/en/video/12129

🎭Program måndag 20. juli 🎤

Lokale salsbuer

Gratis konsertar frå scenen i vågen:
Britt-Synnøve Johansen med band
Det Pene Bæn
Martine Høiland Lode med band
Ramsalte shantysøstre
Koret Frimenn
Demenskoret «Den glade sanger»

Ellers blir det sjørøvarar & gatemusikantar og trekkspilltoner frå Jærbelgen rundt om kring i havna.

Barn og Ung i juli har gratis familieaktivitetar mellom 1200-1600.

Seilas med skuta Pascal Flores (Meir info om billettsal kjem).


Kveldskonsert på skuter (billettsal)
Thalassa: Musikk ved BigKjell
Fullriggeren Sørlandet: Musikk ved Tom Anders Klungland.
Billettsal opnar 26.juni.

Foto: Solveig Jåstad.

🩺 Nytt legekontor på Nærbø – har du lokalet?Legetenesta søker eigna næringslokale til nytt, moderne legekontor, for å gi...
29/05/2026

🩺 Nytt legekontor på Nærbø – har du lokalet?

Legetenesta søker eigna næringslokale til nytt, moderne legekontor, for å gi gode og framtidsretta helsetenester til innbyggarane.

👉 Om lag 700 m²
👉 Innflytting i 2027–2028
👉 Leigeavtale med mogleg forlenging

Kjenner du til noko – eller er du utleigar sjølv? Tips oss!

📞 915 86 679
✉️ [email protected]
🗓️ Frist: innan utgangen av juni

👉 Del gjerne!

🧠 Demensvennleg samfunnHå kommune inviterer bedrifter og lokalsamfunn til gratis undervisning om demens og korleis me ka...
15/05/2026

🧠 Demensvennleg samfunn

Hå kommune inviterer bedrifter og lokalsamfunn til gratis undervisning om demens og korleis me kan skapa eit meir inkluderande samfunn.

📅 11. juni 2026
⏰ kl. 08.00–09.00
📍 Kommunestyresalen

✅ Auka kunnskap
✅ Praktiske råd i møte med menneske med demens
✅ Klistremerke for demensvennleg verksemd

🔔 Påmelding: Demenskoordinator
Anne Dagny – tlf. 482 75 047

👇 Lenke til meir informasjon i kommentarfeltet.

🇳🇴❤️ Snart er det 17. mai i Hå!Nå er programmet for nasjonaldagen klart, med oversikt over feiringar rundt om i kommunen...
12/05/2026

🇳🇴❤️ Snart er det 17. mai i Hå!

Nå er programmet for nasjonaldagen klart, med oversikt over feiringar rundt om i kommunen. Det blir tog, musikk, aktivitetar og gode møte mellom folk i alle aldrar.

Sjå programmet her 👉 https://www.ha.no/aktuelt/slik-blir-17-mai-i-ha-kommune.132247.aspx

Me ønskjer alle ein fin og minnerik nasjonaldag! ❤️🎉

17. mai blir feira med tog, talar og aktivitetar i heile Hå kommune. Her finn du programmet for dei ulike skulekrinsane.

Hugs på ongane okka - spesielt på nasjonaldagen❤️🤍💙God 17. mai!🇳🇴
11/05/2026

Hugs på ongane okka - spesielt på nasjonaldagen❤️🤍💙God 17. mai!🇳🇴

Nasjonaldagen nærmer seg 🇳🇴 La den være barnas dag ❤️

Velkommen til næringsfrokost i kommunestyresalen, Hå rådhus.Dato: Onsdag 3. juni.Dørene opnar kl 08.00. Frokost og mingl...
08/05/2026

Velkommen til næringsfrokost i kommunestyresalen, Hå rådhus.
Dato: Onsdag 3. juni.
Dørene opnar kl 08.00. Frokost og mingling kl 08.00-08.20.

Tema:
Kor skal me bu i Hå?🏠🏡🏘🌳

Innlegg ved blant andre:
🏠Asle Ingebrethsen, SI-bygg
🏠Ivar Isdal i Ineo Eiendom.
🏠Andreas Bjorland, ordførar Hå kommune

Meld deg på i lenke kommentarfelt⬇️

🌟 Aktiv glede og samarbeid i Hå! 🌟Den siste tida har det vore mykje kjekt som har skjedd i idrettsbarnehagane våre 💛I ap...
07/05/2026

🌟 Aktiv glede og samarbeid i Hå! 🌟

Den siste tida har det vore mykje kjekt som har skjedd i idrettsbarnehagane våre 💛

I april samla me styrare og idrettspedagogar frå heile Rogaland til nettverksmøte på Varhaug. Her delte me erfaringar, fekk inspirasjon og lærte av kvarandre – og ikkje minst fekk fleire testa klatreveggen med sikring! 🧗‍♂️

Tysdag 5. mai inviterte Varhaug idrettsbarnehage alle skulestartarane i Hå til ein stor aktivitetsdag på IDEN. Rundt 260 barn deltok, og det var fullt av liv og røre! Barna fekk prøve seg på hinderløype, frisbeegolf, tautrekking, minigolf, stafettar, fotball og mykje meir ⚽️

Ekstra populært var oppvarminga med “kyllingen den spretne” og “kua den kule” 🐔🐄

Dette er gode døme på korleis samarbeid og aktivitet skapar både meistring, glede og fellesskap for barna 🙌

🎨🎶 Vil du bli elev ved Hå kulturskule? 🎭💃Hugs fristen: 1. mai 2026!Me tek imot nye søkjarar til undervisning i song, ins...
27/04/2026

🎨🎶 Vil du bli elev ved Hå kulturskule? 🎭💃
Hugs fristen: 1. mai 2026!
Me tek imot nye søkjarar til undervisning i song, instrument, band, teater, dans, tilrettelagde musikkaktivitetar og ulike kunstfag – både individuelt og i grupper.
Undervisninga føregår på Nærbø, Varhaug, Vigrestad og Ogna.
➡️ Meir informasjon finn du på nettsidene til kulturskulen.
(Lenke i kommentarfeltet)

Foto: Vegard Hanssen

27/04/2026

⛵️Vi er stolte over at skutedronningen Fullriggeren Sørlandet som fyller 100 år til neste år, blir med på Tallships fest i Sirevåg mandag 20.juli.
⛵️Nå er det bare 12 uker igjen til festen!
⛵️ 9 ungdommer fra Hå og en ungdomsleder gleder seg til å få reise på seiltokt med Fullriggen Sørlandet under regattaen The Tall Ships Races på etappen Antwerpen-Sirevåg-Stavanger. De ungdommene heldige er: Elena, Felix, Leander, Lerke, Marcelius, Marcus, Mateo, Mathias, og Ruben. Ungdomsleder: Annette Jensen Gimre.

Adresse

Rådhusgata 8
Varhaug
4360

Åpningstider

Mandag 07:45 - 15:15
Tirsdag 07:45 - 15:15
Onsdag 07:45 - 15:15
Torsdag 07:45 - 15:15
Fredag 07:45 - 15:15

Telefon

+4751793000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hå kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hå kommune:

Del