Voss Venstre

Voss Venstre Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Voss Venstre, Politisk organisasjon, Voss.

Voss Venstre sitt program har 8 hovudområde, der me gjer greie for kva me ynskjer å prioritere for framtida. Har du ikkj...
08/09/2023

Voss Venstre sitt program har 8 hovudområde, der me gjer greie for kva me ynskjer å prioritere for framtida. Har du ikkje motteke programmet i postkassa kan du lese det her.
Godt val!

07/09/2023

Ja til jordvern!!!

07/09/2023

Har du stemt?
Om ikkje, har du 100 timar på deg til vallokala stenger ✅
Eg anbefalar sjølvsagt å stemme på Venstre!
Men det viktigaste er å stemme......

"Me – i likskap med norsk lov – forventar at skulen er inkluderande og ikkje opptrer diskriminerande overfor til dømes s...
26/08/2023

"Me – i likskap med norsk lov – forventar at skulen er inkluderande og ikkje opptrer diskriminerande overfor til dømes skeive."

I 1513 skreiv Niccolò di Bernardo dei Machiavelli at «Det er betre for fyrsten å vera frykta enn elska». Nokre av Arbeidarpartiet sine nylege lesarinnlegg i avisa kan nærast få ein til å undra om det er dette som er Arbeidarpartiet sin nye valkampstrategi.

"Voss Venstre ynskjer eit mangfaldig og kreativt næringsliv"
22/08/2023

"Voss Venstre ynskjer eit mangfaldig og kreativt næringsliv"

Skal me klara å omstilla oss og å hengja med i det grøne skiftet treng me gode rammevilkår for dei som ynskjer å skapa dagens og morgondagens arbeidsplassar. Voss Venstre vil at ein enkelt skal kunne skapa ein arbeidsplass for seg sjølv og andre, og at ein enklare skal kunna jobba frå der ein...

21/08/2023

I desse tider er det spennande å lesa program som kjem i postkassa frå ulike politiske parti. Med interesse les eg alt. Det gjer eg fordi eg har tru på at alle kan ha gode forslag til korleis me kan utvikla Voss herad på ein god måte.

20/08/2023

Voss Venstre sin 3. kandidat er Leif Helge Vevatne. Han bur i Tjukkebygda med kone og 2 døtre. Han er 45 år og utdanna bilmekanikar og elkraftingeniør.
Han jobba 15 år i oljebransjen før han starta eige bedrift. I politikken er han særleg oppteken av openheit i all forvaltning, ein god skule for alle og folk sin fridom til å ta eigne, gode val. Han jobbar for å få på plass ein aktiv næringspolitikk og at Vossevangen får naudsynt handlingsrom til positiv utvikling.

18/08/2023
"No treng vi eit samla NATO og eit sterkt EU. Handlekraftig samarbeid og koordinasjon på tvers av nasjonar. Det gjeld en...
18/08/2023

"No treng vi eit samla NATO og eit sterkt EU. Handlekraftig samarbeid og koordinasjon på tvers av nasjonar. Det gjeld energipolitikk, våpenkjøp, humanitær støtte og fordeling av flyktningar."

Snart er det 1 ½ år sidan Russland starta sin fullskala krig mot Ukraina. Fridomen til mange land i Europa avheng av at ukrainarane vinn. Venstre har støtta Ukraina sidan krigen starta, og det vil me halda fram med, så lenge det er behov for det.

Venstre ynskjer å styrka skulen i Voss herad. Etter nær 25 år med raudgrønt styre, visar kommunebaromereret at skulane p...
13/08/2023

Venstre ynskjer å styrka skulen i Voss herad. Etter nær 25 år med raudgrønt styre, visar kommunebaromereret at skulane på Voss ligg mellom dei 30 nedste på lista. Skulane våre er i praksis sett under administrasjon av utdanningsdirektoratet! Det er på tide med ei endring i politisk leiing. Nei takk til nye år med lik "medisin"......

12/08/2023

Venstre vil behalde varig vern av Raundalselva, samstundes som me får effektive flaumsikringstiltak. Det er mogleg!!! 👍Ola Elvestuen, Venstres tidlegare klima- og miljøvernminister, er tydeleg på at Venstre nasjonalt støtter tiltak i Vossavadsdraget og at staten må ta rekninga! Venstre kjemper for at folk skal kjenna seg trygge langs vassdraget vårt og me byrjar verta meget utålmodige på NVE 💪

Adresse

Voss

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Voss Venstre legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Voss Venstre:

Del