Voss gymnas

Voss gymnas Voss gymnas er ein fylkeskommunal vidaregåande skule i Voss herad. Voss gymnas opna offisielt 1. august 2017.

Då var skulesamanslåinga på Voss fullført og fem skular (Voss gymnas, Voss husflidskule, Rogne vidaregåande skule, Voss vidaregåande skule og Voss jordbruksskule) hadde blitt til to nye: Voss gymnas og Voss vidaregåande skule. I løpet av skulesamanslåingsprosessen vart det òg avgjort å leggje ned Hjeltnes vidaregåande skule og flytte deira tilbod til vossaskulane. Voss gymnas har omlag 600 elevar

fordelt på sju utdanningsprogram, både studieførebuande og yrkesretta. Innan for utdanningsprogrammet for idrettsfag har skulen ei toppidrettssatsing innan skiidrettane, i samarbeid med Olympiatoppen Vest. Vidare tilbyr skulen vaksenopplæring og innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar. Om lag 120 tilsette arbeider til dagleg ved Voss gymnas. I skuleåret 2017/18 vert det gamle jugendbygget frå 1919 totalrenovert. Fram til dette bygget er ferdig renovert vil ein del av skulen sine aktivitetar føregå på gamle Voss vgs sin avdeling på Vatletun.

Gå-fotballkamp mellom russen og dei tilsette i dag som avslutning på russetida. Russen-tilsette 1-3 😃
15/06/2026

Gå-fotballkamp mellom russen og dei tilsette i dag som avslutning på russetida. Russen-tilsette 1-3 😃

Fysikk- og matematikkelevane våre var denne veka på ekskursjon til Voss Energi på Palmafossen. Der tok Yngve Tranøy oss ...
12/06/2026

Fysikk- og matematikkelevane våre var denne veka på ekskursjon til Voss Energi på Palmafossen. Der tok Yngve Tranøy oss med på ei interessant omvising og gav oss ei innføring i korleis generatoren og transformatoren fungerer i praksis. Det var lærerikt å høyra om kraftverket si betydning for fornybar energiproduksjon i regionen. 💧⚡🔌💡Tusen takk til Yngve og Voss Energi

Vg2 Sal og reiseliv har vore på  studietur til Balestrand.  Første stopp var  Hopperstad stavkyrkje i Vik, omvising inne...
05/06/2026

Vg2 Sal og reiseliv har vore på studietur til Balestrand. Første stopp var Hopperstad stavkyrkje i Vik, omvising inne og ute i ei av dei best bevarte stavkyrkjene.

I Balestrand budde me på Balestrand Hotel, der me fekk omvising og lærte om hotelldrift og reiseliv.

Torsdagen var Guri Våge Mossige frå Norsk Reiselivsmuseum guide, då lærte me om oppstarten til norsk reiseliv og korleis Balestrand har trekt til seg gjester frå heile verda. Me såg og den nye kunstutstillinga av H. Dahl

Me var og innom St. Olafs Church, den karakteristiske engelske kyrkja i Balestrand, før vi fekk ei interessant omvising på Kviknes Hotel ved hotelldirektør Sigurd Kvikne.
På heimvegen stoppa vi ved Fridtjov den frøkne,

Turen vart ei flott blanding av historie, kultur og reiseli. Elevane viste stort engasjement, og turen gav både mykje læring og godt samvær. Me sit att med mange gode minne frå to innhaldsrike dagar.

5.juni er verdas miljødag, og 1 IDB har i dag bidrege til naturrestaurering saman med Naturvernlaget på Almeland og på N...
05/06/2026

5.juni er verdas miljødag, og 1 IDB har i dag bidrege til naturrestaurering saman med Naturvernlaget på Almeland og på Nedkvitne. Me har fjerna hundrevis av framandarten kjempespringfrø! 🌸 Me reddar verda bit for bit!

Vg2 idrettsfag har hatt ein fantastisk dag i Nærøyfjorden med ulike aktivitetar andre dag på friluftstur.
02/06/2026

Vg2 idrettsfag har hatt ein fantastisk dag i Nærøyfjorden med ulike aktivitetar andre dag på friluftstur.

Idrettsfag er på friluftstur med overnattkng. Dei starta med fjelltur før dei har sett opp leir på Bakka. Kjekke og spre...
01/06/2026

Idrettsfag er på friluftstur med overnattkng. Dei starta med fjelltur før dei har sett opp leir på Bakka. Kjekke og spreke elevar å ha med på tur!

I går starta russetida for Vossarussen og det årlege rebusløpet for russen vart òg arrangert.22 bilar med elevar frå Vos...
14/05/2026

I går starta russetida for Vossarussen og det årlege rebusløpet for russen vart òg arrangert.
22 bilar med elevar frå Voss gymnas og Voss vgs navigerte seg gjennom postane og løyste oppgåver undervegs.
Til slutt vart dei løna med god mat, premiar og god stemning.
Hjarteleg takk til alle som har vore med og bidratt til at dette vart eit vellukka arrangement:
Naudetatane med politi, brann og ambulanse, BIR, Voss Bilberging, NAF, Natteramnane, Utekontakten, Trygg Trafikk, Statens Vegvesen, helsesjukepleiarane, bandet frå vg1-musikk, og dei tilsette på båe skulane.
Me håpar russen får ei kjekk og trygg russetid framover.
Ta vare på kvarandre!

Kva er ditt favoritt-nynorskord? Det kom mange fine ord på veggen i høve Nynorskdagen 12. mai.
12/05/2026

Kva er ditt favoritt-nynorskord? Det kom mange fine ord på veggen i høve Nynorskdagen 12. mai.

👏👏
01/05/2026

👏👏

Erle Bøgild Lynghamar (18) hadde eigentleg tenkt å leggja skikarrieren på hylla. Så flytta ho til Voss og starta på idrettslinja på gymnaset.

I dag fekk elevane som har valt rettslære på studiespesialisering, fylgje ei rettssak i Voss tingrett. Dei var tilhøyrar...
27/04/2026

I dag fekk elevane som har valt rettslære på studiespesialisering, fylgje ei rettssak i Voss tingrett. Dei var tilhøyrarar i ei straffesak fyrst, så fekk dei samtale med fagdommar Tonje Tvilde, aktor Kristine Steinfeld og forsvarar Thomas Nikolai Skeie Nondal etterpå.
Ein lærerik dag om rettsstaten i den lokale tingretten.

Adresse

Gymnasvegen 5
Vossavangen
5700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Voss gymnas legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Voss gymnas:

Snarveier

Del