Brandseth Fjellstove

Brandseth Fjellstove Velkommen til Brandseth Fjellstove sin side! Dagens drivar, Erling Brandseth, flytte heimatt i 1988 og har sidan vore her. Ha ein fortreffelig sommar!

Litt om oss:

Brandseth Fjellstove vart opna i 1977 av Johanna og Oskar Brandseth, og dei dreiv staden med overnatting og servering fram til byrjinga av nittitalet. Brandseth Fjellstove ligg vakkert til med utsyn over bygda, og omkransa av skog og flotte fjellområde. Kun nokre få kilometer frå eit av Norges mest fotograferte utsyn, Nærøydalen sett frå Stalheim. Her kan du og prøva Stalheimskleivi,

den brattaste riksvegstrekninga i landet. I dag vel dei fleste å bruka tunnellane som fører rett ned i dalen og vidare til Gudvangen og Sognefjorden.


Åpningstider:

Brandseth Fjellstove har ope i vintersesongen, feb – apr. og sommarsesong frå jun – sept , men tek imot lag og samkomer også utanfor sesongen. Litt om beliggenheten:

Brandseth Fjellstove ligg i Brandsethdalen på Vossestrand, 34 km frå Voss sentrum, midt mellom Voss og Flåm. 2 timar frå Bergen.
2,5 km frå hovudvegen, E-16. Kjem du med buss, så ring oss, så kan me henta deg ved hovudvegen. Litt om turterrenget:

Fint turterreng heile året, men om vinteren er det berre 10 min med bil til nærmaste stolheis, på Oppheim eller ca 30 min til alpinsenteret på Voss med 9 stolheisar og skitrekk. Vær hjarteleg velkomen som vår gjest! Me skal gjera vårt beste for at de skal få ei hyggeleg samkome, og ein minnerik dag.

07/04/2022

Her finn du alle våre cateringmenyar og vår selskapsmeny. Me er fleksible, og tilpassar gjerne vårt tilbod slik at det passar ditt selskap.

26/04/2019
KOLDTBORDLISTE  FRA BRANDSETH FJELLSTOVE          2018.                                         Haugsvik, 5713 Vossestra...
26/04/2019

KOLDTBORDLISTE FRA
BRANDSETH FJELLSTOVE 2018. Haugsvik, 5713 Vossestrand
Telefon 56 53 05 00 Telefax 56 53 05 01
e-post: [email protected]
Heimeside: www.brandseth.no

Nr. 1 Røykt laks, kokt aure, skinke, svinesteik, kylling, roastbiff, skalldyr aspic, potetsalat, rekesalat,pastasalat, frisk blanda salat, eggerøre, remoulade, thousand island dressing, brød og smør.
Inntil 20 pers Kr. 320,- / Over 20 pers Kr. 280,-

Nr. 2 Røykt laks, svinesteik, kylling, røykt svinekam, roastbiff, skalldyr aspic, potetsalat, frisk blanda salat, eggerøre, thousand island dressing, brød og smør

Inntil 20 pers Kr. 270,- / Over 20 pers Kr. 245,-

Nr. 3 Svinesteik, kylling, skinke, skalldyr aspic, frisk blanda salat, thousand island, dressing, brød og smør:

Inntil 20 pers Kr. 235,-/ Over 20 pers Kr. 215,-

Tillegg minimum 8 personar

Reker med majones......Kr. 34,- Skalldyrfat............Kr. 40,-
Rekesalat.................... Kr. 26,-
Waldorfsalat........ Kr. 26,-
Tomatsild................ Kr. 25,-
Sursild................ Kr. 25,-

Gryterett med ris(tillegg til koldtbord).............. Kr. 70,- pr. person
Alle prisar er pr person

Desserter til koldtbord:
Ekte karamellpudding inntil 2 former kr, 215,-/over 2 former kr.195,- per. form
Fromage ( sitron, figaro) inntil 2 former kr. 235,-/ over 2 former kr.215,- per form
Inkludert i prisen er alle fat og skåler.

Tillegg for utkøyring
Ved tingingar over Kr.6000,- tek me ikkje køyretillegg.

Har De andre ynskje når det gjeld servering, så leverar me det meste
Varm mat, betasuppe, assorterte snittar, etc. etc.

Ta kontakt for eit godt tilbod.

Catering med god heimelaga mat. Utleige av alt du treng til ditt selskap. Kvalitet, fleksibilitet og god, personleg service i 30 år.

Bilder ifra området rundt Brandseth Fjellstove!
14/06/2013

Bilder ifra området rundt Brandseth Fjellstove!

Adresse

Brandsetvegen 248
Vossestrand
5713

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Brandseth Fjellstove legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Brandseth Fjellstove:

Del