Bykle Frivilligsentral

  • Home
  • Bykle Frivilligsentral

Bykle Frivilligsentral Bykle Frivilligsentral er ein igangsettar, samordnar og mobilisator for offentlege instansar og frivillige organisasjonar for å skape møte mellom menneske.

Skal du opp på Hovdenuten i sommar eller haust?  Du kan framleis vere med og ha tilsyn av dagsturhytta! Du vel sjølv kva...
26/06/2026

Skal du opp på Hovdenuten i sommar eller haust?
Du kan framleis vere med og ha tilsyn av dagsturhytta! Du vel sjølv kva for veke(r) du ønskjer å sjekke hytta. Som takk får du ein flott turkopp frå HSK ⛰️👏🏻

Trykk på lenka for å sjekke ledige veker og skriv deg opp!

Hovden Sportsklubb søkjer frivillige for ukentlig tilsyn av dagsturhytta på Hovdenuten frå 1. juni til 15. november 🏔️

Vi treng frivillige som kan ta turen opp og gjere mellom anna:
– feie inne
– ta med eventuelt søppel
– sjå til at hytta er utan skadar
– sørgje for at ho ser fin ut for besøkande

Som takk for innsatsen får du ei fin turkopp frå HSK 💧

👇Trykk på lenkja under og skriv deg opp på den veka som passar for deg. Du må ha appen «Google Regneark» på mobilen, eller opne lenkja på PC.
https://docs.google.com/spreadsheets/d/15L_quSAHbB2-1f6Zw5_EX1QVXc1m9NkrDt91veuvaV0/edit?gid=0 =0

🔥St. Hans på Hegni 20. juni kl 17:00 -20:00! 🔥Bli med på å skape ein minnerik St. Hans-feiring fylt med glede, felleskap...
12/06/2026

🔥St. Hans på Hegni 20. juni kl 17:00 -20:00! 🔥

Bli med på å skape ein minnerik St. Hans-feiring fylt med glede, felleskap og sommarmagi for små
og store. Ta med familie, vener og godt humør - jo fleire vi er, jo betre blir stemninga 🌸

Bålet tennes 19:00, det blir open kiosk med brus, is og enkel servering. Ta med eigen grillmat om du ynskjer, vi sørger for at grillen er tent 🤩

Vi inviterer alle til å være med å bygge eit stort flott St.Hans-bål på Hegni. Husk at alt treverk må
være ubehandla, altså utan måling, beis eller impregnering.

Hovden Sportsklubb søkjer frivillige for ukentlig tilsyn av dagsturhytta på Hovdenuten frå 1. juni til 15. november 🏔️Vi...
01/06/2026

Hovden Sportsklubb søkjer frivillige for ukentlig tilsyn av dagsturhytta på Hovdenuten frå 1. juni til 15. november 🏔️

Vi treng frivillige som kan ta turen opp og gjere mellom anna:
– feie inne
– ta med eventuelt søppel
– sjå til at hytta er utan skadar
– sørgje for at ho ser fin ut for besøkande

Som takk for innsatsen får du ei fin turkopp frå HSK 💧

👇Trykk på lenkja under og skriv deg opp på den veka som passar for deg. Du må ha appen «Google Regneark» på mobilen, eller opne lenkja på PC.
https://docs.google.com/spreadsheets/d/15L_quSAHbB2-1f6Zw5_EX1QVXc1m9NkrDt91veuvaV0/edit?gid=0 =0

Bli med på dugnad på Hegni 28 mai frå kl 16:00! 😍 Vi serverer pølser og kake.
19/05/2026

Bli med på dugnad på Hegni 28 mai frå kl 16:00! 😍 Vi serverer pølser og kake.

HEGNI SOMMAR 2026 – VI GLEDAR OSS! ☀️
I sommar fortsett ungdommen i Bykle drifta på Hegni, og vi lovar god stemning heile sesongen! 💪🌿
Det blir liv og røre med kiosk, volleyballturnering, turistinformasjon og utleige av båt og SUP. Hegni skal bli ein triveleg stad å vere – enten du er lokal, turist, ung eller senior Her kan du slappe av, ta ein is i sola, eller møte gamle og nye vener! 🍦🚣‍♀️

🎈 Vi ønskjer å lage ein sosial møteplass for alle, og pynte området med lys og fine detaljar. Men før vi kjem så langt, treng vi ein liten felles innsats!

DUGNAD 28. mai frå kl. 16.00

Vi ryddar og lukar og gjer klart til sommaren – og DU er hjarteleg velkomen! Kom som du er, om du vil hjelpe litt, mykje, eller berre ta ein kaffi og slå av ein prat. Vi set pris på alle bidrag! ☕🌞

Vi serverer pølser og kake.

💡 Har du gode idear til korleis Hegni kan bli endå trivelegare i sommar? Del dei med oss!

Kontaktinfo: [email protected]

Vi plukka over eit halvt tonn på laurdagens Ryddedag! 👏🏻 Tusen takk til alle som møtte opp og plukka søppel rundt om i B...
11/05/2026

Vi plukka over eit halvt tonn på laurdagens Ryddedag! 👏🏻 Tusen takk til alle som møtte opp og plukka søppel rundt om i Bykle og på Hovden.

På berre tre timar fekk vi samla inn heile 587 kg med avfall 🤩 Vi fekk òg kosa oss med setesdalssuppe, is og ikkje minst premietrekking🏅

Ein stor takk til samarbeidspartnarane våre, SMG og Naturvernforbundet.

PS: Viss du har lyst til å plukke meir søppel ein annan dag, kan du hente ryddeutstyr på Hovden grendehus og Bykle bibliotek 🌸🌼

30/04/2026

Får du ikkje deltatt på Ryddedagen 9. mai? 🌸 Då kan du henta gratis ryddeutstyr på Bykle bibliotek og Hovden grendehus. Noter namn og telefonnummer på skjemaet, så er du med i premietrekninga av gåvekort 9. mai!👋🏻🏅

PS: Mykje søppel? Lever det i tilhengjaren ved Hovden grendehus, så blir det teke hand om.

Heilt fantastisk 🙌🏻 🤩
30/04/2026

Heilt fantastisk 🙌🏻 🤩

🌟 Gode nyheiter 🌟
Vi er svært glade for å kunne fortelje at gjenbruksbutikken blir driven vidare! Tusen takk til Agder Fylkeskommune og Valle sparebank for tilskot 🫶🏼

Vi er framleis heilt avhengige av gåver og dei fantastiske frivillige i butikken. Vi er så takksame for alle gåver, for tida og innsatsen de legg ned. Hjarteleg takk til dykk alle 💚♻️

Har du lyst å fylle dagane med aktivitet? Då har du fleire fine moglegheiter! 🙌 Bli med på yoga, turgruppe eller sirkelt...
27/04/2026

Har du lyst å fylle dagane med aktivitet? Då har du fleire fine moglegheiter! 🙌 Bli med på yoga, turgruppe eller sirkeltrening – eit sosialt tilbod der alle kan delta og bevege seg saman🧘‍♀️🚶‍♂️💪

Yoga: Tysdagar kl. 10 på Hovden grendehus
Sirkeltrening: Torsdagar kl. 11 på Bykle samfunnshus, kinosalen
Turgruppe: Onsdagar kl. 11, oppmøte ved Hovden grendehus (anna oppmøtestad blir publisert i Spond)

Address

Skulevegen 19

4755

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Bykle Frivilligsentral posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Organization

Send a message to Bykle Frivilligsentral:

Shortcuts

  • Want your organization to be the top-listed Government Service?

Share