Ål introsenter

Ål introsenter Ål introsenter held til på Ål kulturhus. Avdelinga har ansvar for busetting og oppfølgning av fl I 2021 skal kommunen busette 14 flyktningar.

Ål introsenter har ansvar for busetting og etablering av flyktningar med opphaldsløyve. Dei fleste flyktningane som blir busette i norske kommunar no er overføringsflyktningar (også kjent som kvoteflyktningar), frå mellom anna Syria, Kongo og Eritrea. Vi har stort fokus på at våre nye innbyggarar skal kjenne seg heime og bli tatt vel i mot i Ål kommune.

Ål introsenter har også ansvar for opplærin

g i norsk og samfunnskunnskap for busette flyktningar og familiegjenforeinte i Ål og Hol kommune. Skulen tilbyr også norskopplæring for arbeidsinnvandrarar og andre med behov for norskopplæring. På denne sida vil du finne informasjon om kva som skjer ved Ål introsenter.

30/04/2026

👷BRANSJERETTA NORSKKURS
👷

Visste du at Ål introsenter tilbyr bransjeretta norskkurs til private verksemder og kommunale avdelingar - både i samarbeid med Utdanningssenteret på Geilo (USG) og på eige hand? Kursa er skreddarsydde og tilpassa behova på den einskilde arbeidsplass.

Kursa kombinerer språkopplæring med bransjeretta kompetanse. Målet er å styrke deltakernes språklege ferdigheiter og motivere dei til å jobbe vidare med norsken sin.

Ta kontakt med oss viss du vil høyre meir!

https://geiloutdanning.no/utdanning/bransjerettede-norskkurs

Har vi blitt så bortskjemde at vi ikkje toler den minste motgang? Viktig spørsmål som vi alle har godt av å tenke litt p...
27/03/2026

Har vi blitt så bortskjemde at vi ikkje toler den minste motgang?

Viktig spørsmål som vi alle har godt av å tenke litt på.

Takk for kloke perspektiv, Ali Mohamed

Har vi blitt så bortskjemte at vi ikke tåler den minste motgang?

Verdas kulaste ord🤘
24/03/2026

Verdas kulaste ord🤘

🏔️FLYTTE TIL HALLINGDAL?🏔️Her finn du nyttig info frå Hallingdals stand på Emigration Expo, som til dømes tilbod om nors...
24/03/2026

🏔️FLYTTE TIL HALLINGDAL?🏔️

Her finn du nyttig info frå Hallingdals stand på Emigration Expo, som til dømes tilbod om norskopplæring ved Ål introsenter:

Regionrådet for Hallingdal

🗺️EMIGRATION EXPO 2026🗺️Denne helga gjekk Emigration Expo, Europas største rekrutteringsmesse, av stabelen i Utrecht i N...
23/03/2026

🗺️EMIGRATION EXPO 2026🗺️

Denne helga gjekk Emigration Expo, Europas største rekrutteringsmesse, av stabelen i Utrecht i Nederland.

Dei siste åra har ein delegasjon frå Hallingdal delteke på messa - så også i år. Målet med å delta på messa er å promotere Hallingdal som ein attraktiv plass å bu, jobbe, starte verksemd og leve eit godt og aktivt liv. Messa har vorte ein viktig arena for å komme i kontakt med menneske som kan tenke seg å flytte til Hallingdal.

Norskopplæring er viktig viss ein har planar om å flytte til Noreg. Ål introsenter og Gol vaksenopplæring har laga ein kort film som fortel om norskopplæringstilbodet vårt, som vart vist på messa. Kim er ein av fleire nederlendarar som har flytta til Hallingdal dei siste åra, og i filmen fortel ho om sine erfaringar med å busette seg i Hallingdal og kva som er viktig når ein skal lære norsk.

Som Kim så klokt seier: "Det norske språket er din billett til det norske samfunnet".

Slå på teksting og omsetjing til norsk viss du ikkje er dreven i nederlandsk😉

Enjoy the videos and music you love, upload original content, and share it all with friends, family, and the world on YouTube.

⭐️EID MUBARAK TIL ALLE SOM FEIRAR!⭐️
20/03/2026

⭐️EID MUBARAK TIL ALLE SOM FEIRAR!⭐️

Adresse

Myren 40
Ål
3570

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ål introsenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ål introsenter:

Snarveier

Del