18/05/2026
Vi søker BYGGELEIAR som trivast både på 👷♀️anleggsplassen og 👩💼 kontorplassen, som kan halde oversikta og drage i trådane slik at prosjekta våre kjem i hamn på ein trygg, rett og god måte. ✅ Du samhandlar godt med prosjektleiarar og naboar, samarbeidspartnarar og andre styresmakter. 🤝
💧Med å følge opp nybygg og rehabilitering av anlegg og leidningsnett får du vere med å sikre reint vatn til folk og fjord, sikre folkehelse👧👦, naturmangfald 🌱og vere ein avgjerande del av totalberedskapen i regionen💪.
💧Til saman i Vatn og avløp er vi over 80 tilsette med eit stort fagmiljø av ingeniørar, saksbehandlarar og fagarbeidarar i utestyrken. Som byggeleiar blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med 14 tilsette i avdeling for plan og prosjekt. Du får gode moglegheiter for etterutdanning og vidareutvikling av kompetanse, heimekontor etter avtale – og kontor på rådhuset i Ålesund saman med hyggelege kollegaer.
💧Vi treng deg med relevant utdanning anten frå fagskule eller høgskule, gjerne bachelor med spesialisering innan Vatn og avløp, og god kjennskap til regelverket. Og vi ser fram til at du skal dele kompetanse og bidra positivt til fag- og arbeidsmiljøet.
💧🙋Vi gler oss til å få deg med på VA-laget.
Sjå meir om stillinga via lenke i kommentarfeltet 👇og søk innan 31. mai.