Skjåk folkebibliotek

Skjåk folkebibliotek Her finn du boktips + tips til små og store hendingar i biblioteket vårt. Velkomne😊⁣

Det er ikkje for seint å bli med på Sommarles! Kampanjen varar til 1.september. Melder du deg på no, kan du vere med på ...
19/08/2026

Det er ikkje for seint å bli med på Sommarles! Kampanjen varar til 1.september. Melder du deg på no, kan du vere med på trylleshow på Sommarles-avslutninga!

18/08/2026
Bøkene om Ninus & Binna er ein herleg bokserie med fem bøker om den grinete Kaninen og den snille Bjørnen – to vidt fors...
20/07/2026

Bøkene om Ninus & Binna er ein herleg bokserie med fem bøker om den grinete Kaninen og den snille Bjørnen – to vidt forskjellige venner som stadig hamnar i morosame og uventa situasjonar.
Bøkene er sjarmerande, frekke og vittige, med ein lun humor som både barn og vaksne vil setje pris på. Dei vakre illustrasjonane løftar forteljingane endå eit hakk, og saman skaper dei ei leseoppleving det er lett å bli glad i.
Dette er bøker som fortener å bli moderne klassikarar – og som gjerne kan lesast om att og om att.
Kanskje finn du ein ny favoritt på biblioteket? :)

«Folk som hater lokalhistorie» er alt anna enn det tittelen kan få deg til å tru. Dette er ei varm, morosam og gripande ...
17/07/2026

«Folk som hater lokalhistorie» er alt anna enn det tittelen kan få deg til å tru. Dette er ei varm, morosam og gripande forteljing om menneske, bygdeliv, sorg, samhald – og alle dei små historiene som eigentleg blir den store historia.

Tyra Teodora Tronstad skriv med ein heilt særeigen energi og humor, sjølv når livet er på sitt mest sårbare. Her møter du menneske du kjem til å le av, irritere deg over og heie på – og ei bygd som blir levande mellom sidene.

Ei bok for deg som likar gode personskildringar, levande språk og forteljingar som blir verande lenge etter at siste side er lesen.

Her er ei klar oppmoding frå unge skjåkværar :)
15/07/2026

Her er ei klar oppmoding frå unge skjåkværar :)

Det er kjempeviktig at barn les også om sommaren, slik at dei unngår det ein kallar «sommartap» – at dei gløymer noko av det dei har lært i løpet av skuleåret. Ved å halde lesinga ved like, får dei ein jamnare og lettare start når skulen tek til att til hausten.

Kva om heile livet ditt er bygd på ei løgn?McKenzie har alltid levd i skuggen av den verdskjente thrillerforfattaren av ...
15/07/2026

Kva om heile livet ditt er bygd på ei løgn?
McKenzie har alltid levd i skuggen av den verdskjente thrillerforfattaren av ei mor. Men når mora brått døyr i ei ulykke, tek livet ein uhyggeleg sving. I postkassa dukkar det opp eit brev med sider frå mora si hemmelege dagbok. Avsendaren har berre lagt ved ei kort helsing: «Vil du vite ein hemmelegheit? Kjærleg helsing mamma.»
Det McKenzie og bestevennen EJ oppdagar når dei byrjar å grave i fortida, endrar alt. Mora skreiv ikkje berre om brutale brotsverk – ho levde i dei. Og nokon er villige til å drepe for at sanninga aldri skal kome for ein dag ...

«Kjærlig hilsen mamma» av Iliana Xander kan varmt anbefalast :)

Barn som blir lesne for før dei sjølve finn orda, møter ofte skulen med eit rikare ordforråd og fleire ord å forstå verd...
17/06/2026

Barn som blir lesne for før dei sjølve finn orda, møter ofte skulen med eit rikare ordforråd og fleire ord å forstå verda med.

Velkomen til "Barnehageles" – ein enkel og koseleg lesekampanje for barn i barnehagealder saman med vaksne rundt dei.

05/06/2026

Roboten Albert tok Skjåk med storm 🙂

Denne veka har vi hatt gleda av å få besøk av forfattaren Bobbie Peers, som møtte alle 5. og 6. klassingane i Skjåk. Med spennande forteljingar frå bøkene sine, fulle av mysterium, oppfinningar og robotar, inspirerte han elevane til å lese, utforske og vere nysgjerrige. Ekstra stas var det å få møte den «levande» roboten Albert – eit møte som skapte både latter, undring og begeistring!

Vi har også sparka i gang Sommarles for alle elevane frå 1. til 7. klasse. Det er topp stemning blant ungane, og lesegleda er til å ta og føle på.

Vi ønskjer alle ein riktig god lesesommar – og gler oss til å følgje lesereisa vidare gjennom Sommarles!

Velkomen til "Barnehageles" – ein enkel og koseleg lesekampanje for barn i barnehagealder saman med vaksne rundt dei, fr...
28/05/2026

Velkomen til "Barnehageles" – ein enkel og koseleg lesekampanje for barn i barnehagealder saman med vaksne rundt dei, frå 1. juni til 1. september 2026. Alle barn i barnehagane i Skjåk får med ei fin litol brosjyre med heim i neste veke.

Adresse

Moavegen 30
Bismoen
2690

Åpningstider

Tirsdag 14:00 - 19:00
Onsdag 10:00 - 14:00
Torsdag 14:00 - 19:00
Fredag 10:00 - 14:00
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4790947020

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Skjåk folkebibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Skjåk folkebibliotek:

Snarveier

Del