Pleie og omsorg Skjåk

Pleie og omsorg Skjåk Pleie og omsorg ynskjer å gje dykk informasjon om kva som skjer i tenesta vår. Pleie og omsorg består av Skjåkheimen og heimetenesta i Skjåk

Trimtur med innlagt turn-oppvisning i blåsten i dag! 💜
08/07/2026

Trimtur med innlagt turn-oppvisning i blåsten i dag! 💜

Til pårørande til bebuarar "inne", i omsorgen og "synnafor"! 💜Minner om Skjåkheimdagen førstkommende laurdag! Utvida påm...
07/07/2026

Til pårørande til bebuarar "inne", i omsorgen og "synnafor"! 💜
Minner om Skjåkheimdagen førstkommende laurdag! Utvida påmelding til ut dagen torsdag! 💜
Bli med på sommarfest, med litt leik, mat og dans! -og har du kontakt med værgudene, kan du gjerne be om finvèr òg! 🌞💜

Måndagsgjengen på dagsenteret tok seg ein tur til Raudalen i dag! 💜Skikkeleg kald vind, og berre 7 varmegrader, så det v...
06/07/2026

Måndagsgjengen på dagsenteret tok seg ein tur til Raudalen i dag! 💜
Skikkeleg kald vind, og berre 7 varmegrader, så det var ikkje lenge dei orka å vere ute! 💜

På Skjåkheimen vart det sangstund i solveggen på Bakstugu etter middag! 💜

Vi er så heldige som har vår eigen "turbuss"! 💜I dag var det nokre frå omsorgen som hadde lyst på ein tur, og tur vart d...
04/07/2026

Vi er så heldige som har vår eigen "turbuss"! 💜
I dag var det nokre frå omsorgen som hadde lyst på ein tur, og tur vart det! "Nordte" Bråtå, over Bråtååsen, forbi Framrust-sætrene (med to "Framrust-guider" i bussen!), over Pollfossen og heimat til middag! 💜

På Skeiro feira dei fredagen med ekte heimelaga pizza til kveldsmat! 💜
03/07/2026

På Skeiro feira dei fredagen med ekte heimelaga pizza til kveldsmat! 💜

Fredag på Skjåkheimen! 💜Sangstund på Framstugu, kunstverkstad på dagsenteret, utdeling av reine klede, gamle bilete frå ...
03/07/2026

Fredag på Skjåkheimen! 💜
Sangstund på Framstugu, kunstverkstad på dagsenteret, utdeling av reine klede, gamle bilete frå Skjåk på storskjerm i omsorgen og heimelaga karamellpudding til dessert! 💜
God helg til alle! 💜

Torsdagsgjengen på dagsenteret tok seg ein tur til Tundradalen i dag! 💜Med "guide" som har vore ein del på setra der tid...
02/07/2026

Torsdagsgjengen på dagsenteret tok seg ein tur til Tundradalen i dag! 💜
Med "guide" som har vore ein del på setra der tidlegare, vart det fortalt litt om både "eitt og hitt" frå dalen. Lunsjen åt dei på kvileplassen ved Illveigsmyre, før dei testa ut den nye vegen heilt fram til setra! 💜
Geitene er på plass, så da vart det geitekos og trimtur på setra før dei returnerte til bygda at! 💜

På Skjåkheimen har nokre av bebuarane hatt ei god økt med Tovertafel-spel etter middag! 💜

I dag vart det tur til Bråtååsen for ein gjeng frå Skeiro, Fram- og Bakstugu. -og når dei først var så langt komne, køyr...
01/07/2026

I dag vart det tur til Bråtååsen for ein gjeng frå Skeiro, Fram- og Bakstugu. -og når dei først var så langt komne, køyrde dei like så godt til Raudalen ein tur òg! 💜
Det var lurt, for sjølv om dei køyrde i regnvêr mykje av bilturen, var det heilt stilt og opphaldsvêr i Raudalen! Såpass godt at nokre drakk turkaffe ute, medan resten sat inne bussen med opne dører! Herleg med slik frisk fjelluft! 💜
Som ekstra underhaldning var det artig, og nesten litt skummelt, å sjå på ei gruppe med klatrarar som utfalda seg i Raudberget! 💜

Vi ønsker juli velkommen! 💜Nå har vi ein ganske planlaus månad framføre oss, men det blir nok heilt sikkert mange trivel...
01/07/2026

Vi ønsker juli velkommen! 💜
Nå har vi ein ganske planlaus månad framføre oss, men det blir nok heilt sikkert mange trivelege aktivitetar og stunder på huset likevel! 💜

Kveldsmat og fotball-VM på Skeiro tysdag! 💜Heia Norge!! 🇧🇻💜
30/06/2026

Kveldsmat og fotball-VM på Skeiro tysdag! 💜
Heia Norge!! 🇧🇻💜

Adresse

Skeisvegen 1
Bismoen
2690

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Pleie og omsorg Skjåk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Pleie og omsorg Skjåk:

Snarveier

Del