Haramsbiblioteka

Haramsbiblioteka Siden representerar biblioteka Longva, Lepsøy, Haramsøy, Brattvåg og Eidet.

Biblioteka har som oppgåve å fremme opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd, vere ein uavhengig møteplass, og ein arena for offentleg samtale og debatt.

22/05/2026

Haramsbiblioteka er stengt i pinsa🌟

I dag hadde vi gleda av å få besøk av forfattar Øystein Runde, saman med elevar frå 5. trinn ved Brattvåg Barneskule.📚Tu...
21/05/2026

I dag hadde vi gleda av å få besøk av forfattar Øystein Runde, saman med elevar frå 5. trinn ved Brattvåg Barneskule.📚

Tusen takk til Øystein for ei inspirerande og engasjerande stund.✨

Og takk til Litteraturhus i Møre og Romsdal for det flotte samarbeidet! 🙌

13/05/2026

Haramsbiblioteka har stengt torsdag den 14. mai (Kristi himmelfartsdag)

✨Bli med på språkkafe saman med NAV, Vaksenopplæringa, Haram Frivilligsentral, Haramsbiblioteka, Haram kommune, Lions, R...
13/05/2026

✨Bli med på språkkafe saman med NAV, Vaksenopplæringa, Haram Frivilligsentral, Haramsbiblioteka, Haram kommune, Lions, Rotary og mange andre herlege frivillige.✨

🕒Tid: 18. Mai kl. 17.00-18.30

📍Sted: Brattvåg bibliotek

Ein språkkafé er ein uformell møteplass der folk samlast for å øve på eit språk gjennom samtale. Det er vanlegvis gratis, ope for alle, og handlar meir om å prate enn om formell undervisning.

📌Typisk for ein språkkafé:

▪️Deltakarane sit i små grupper og snakkar saman
▪️Ein øver ofte på norsk, men andre språk kan òg vere med
▪️Det er gjerne frivillige samtalepartnarar som hjelper til
▪️Fokus er på tryggleik, trivsel og praktisk språkbruk, ikkje grammatikkprøvar

🖇️Kort sagt: ein språkkafé er ein stad der språk, kultur og menneske møtest over ein kopp kaffi og noko godt.

🖇️På ein språkkafé skjer det enkle og sosiale aktivitetar som gjer det lett å øve språk i praksis. Det er avslappa stemning, utan krav eller prøvar. ❣️

📚Haramsbiblioteka har markert Nynorskdagen saman med Eidet skule med flott forfattarbesøk av dyktige Sunniva Relling Ber...
12/05/2026

📚Haramsbiblioteka har markert Nynorskdagen saman med Eidet skule med flott forfattarbesøk av dyktige Sunniva Relling Berg som fortalte om bøkene sine, om korleis ein kan bli forfattar og korleis ein kan skrive.

✨Sunniva har blant anna skrive den nynorske triologien «På flukt». Dei tre bøkene, og resten av dei flotte bøkene hennar, kan du låne på Haramsbiblioteka.

❣️Nynorskdagen er ein fest- og merkedag for nynorsk språk og kultur i Noreg.

📌Kvifor er dagen viktig?

▪️Han feirar nynorsk som skriftspråk
▪️Han minner om kampen for språkleg likestilling
▪️Han løftar fram nynorsk kultur, litteratur og identitet.

✨Eva Ulla Myren anbefaler «Mormor-triologien» av Trude Teige: Serien, på tre bøker, er ei utforsking av identitet og fam...
05/05/2026

✨Eva Ulla Myren anbefaler «Mormor-triologien» av Trude Teige:

Serien, på tre bøker, er ei utforsking av identitet og familie, som skildrar kjærleik, tap og motstandsdyktigheit i nåtid i Norge og etterkrigstidas Tyskland.

«Sorg er kjærlighet, sa hun. Kjærlighet til den du har mistet. Vi kan ikke slette minnene, det er de som gjør oss til mennesker.»✨

Boktransporten mellom biblioteka i landet i gang att! Men det er nokre restriksjonar framleis: Du kan ikkje bestille fje...
04/05/2026

Boktransporten mellom biblioteka i landet i gang att!

Men det er nokre restriksjonar framleis:
Du kan ikkje bestille fjernlån sjølv gjennom Bibliotekssøk. Vi må bestille for deg.
Det vil vere noko etterslep etter perioden med stengt fjernlån og bestilling av nye bøker, så du vil enno måtte pårekne forseinkingar.

Det vil truleg ikkje ta så lang tid før alt er i normalt gjenge - vi held dykk oppdatert.

04/05/2026

Eidet bibliotek er dessverre stengt i dag

Adresse

Brattvåg
6270

Åpningstider

Mandag 12:00 - 18:00
Tirsdag 11:00 - 16:00
Onsdag 13:00 - 16:00
Torsdag 12:00 - 18:00
Fredag 11:00 - 16:00
Lørdag 11:00 - 14:00

Telefon

+4747682067

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Haramsbiblioteka legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Haramsbiblioteka:

Del