02/07/2026
☀️ Vi har allereie kome til juli og skuleferien er godt i gang. For mange barn og unge betyr dette fleire varme og seine sommarkveldar, kanskje også nye vennskap og nye aktivitetar.
🦋 Som ungdom skal ein erfare livet, og det inkluderer prøving og feiling. Denne fasen kan vere krevjande, både for ungdommen sjølv og for den som er forelder. Då er det viktig at vi som vaksne snakkar med dei unge, er nysgjerrige på kva dei gjer på og at vi set trygge rammer for dei.
🫶 Vi håpar alle foreldre vil lese og ta med seg politiet i Møre og Romsdal si sommarhelsing inn i ferien👇
☀️ 𝐒𝐨𝐦𝐦𝐚𝐫𝐡𝐞𝐥𝐬𝐢𝐧𝐠 𝐭𝐢𝐥 𝐟𝐨𝐫𝐞𝐥𝐝𝐫𝐞
Sommaren er her, sjølv om du ser at det er lite sol i distriktet vårt. Med meir fritid, meir utetid og ofte meir tid på nett er det uansett viktig med varme vaksne 💙
Det viktigaste du kan gjere, er å vere til stades, bry deg og tørre å spørje.
👨👩👧👦 Snakk med barna dine – både om det som skjer ute og det som skjer digitalt
🤝 Samarbeid med andre foreldre
👀 Ver ein trygg vaksen som følgjer med
I sommarbrevet frå førebyggande avsnitt i Ålesund har dei viktige oppmodingar til alle føresette – uansett kvar du bur i distriktet vårt.
Les om:
🛴 El-sparkesyklar
🏫 Skadeverk og forsøpling
📲 Kriminalitet på bestilling (VAAS/CAAS)
⚠️ Farlege nettsamfunn
Sommarhelsinga finn du i lenkja under 💬
Vi i Nettpatruljen ønskjer alle ein trygg og fin sommar 🌼