Bømlo folkebibliotek

Bømlo folkebibliotek Velkommen til Bømlo folkebibliotek! Hovudbiblioteket ligg i Bømlo kulturhus, og me har filialar i Moster Amfi og på Hillestveit. Velkommen. Velkommen!

Bømlo folkebibliotek er eit bibliotek med 3 filialar og eit hovudbibliotek. Hovudbiblioteket ligg i flotte lokaler i Bømlo kulturhus. Filialane våre finn du på Våge skule, Moster amfi og Hillestveit skule.

07/07/2026

⚽️Laurdag blir det fotballfest på Bømlo!
Bømlo kulturhus og Bømlo folkebibliotek inviterer store og små til gratis visning av kampen Noreg -England i storsalen. ⚽️🇳🇴🥁🚣‍♂️
Det er gratis inngang, men du må sikre deg plass – billettane går unna.
Reserver billett her og bli med!

Her er lesetips til deg som er i småbarnsfasen og treng litt påfyll. Bøkene er godt inndelt, så dei er lette og plukke o...
29/06/2026

Her er lesetips til deg som er i småbarnsfasen og treng litt påfyll. Bøkene er godt inndelt, så dei er lette og plukke om du blir avbrutt. Det er Anita, biblioteksmedarbeidar om tilrår, og ho blir hyppig avbrutt.

Her kjem fleire lesetips, denne gong frå Ingrid, vår barne- og ungdomsbibliotekar. Kom innom og lån før du legg ut på tu...
25/06/2026

Her kjem fleire lesetips, denne gong frå Ingrid, vår barne- og ungdomsbibliotekar. Kom innom og lån før du legg ut på tur i sommar!

Gratulerer til herrelandslaget med seier i natt! Treng du lesetips mellom kampane i sommar? Her er nokre anbefalinger fr...
23/06/2026

Gratulerer til herrelandslaget med seier i natt! Treng du lesetips mellom kampane i sommar? Her er nokre anbefalinger frå Øystein, programansvarleg ved Bømlo folkebibliotek.

Dette er siste veka med vanlege opningstider før sommartidene begynner frå måndag 29. juni og fram til 17. august:Måndag...
22/06/2026

Dette er siste veka med vanlege opningstider før sommartidene begynner frå måndag 29. juni og fram til 17. august:
Måndag: Stengt
Tysdag-torsdag: 10-16
Fredag: 10-15
Laurdag: 10-14
Det er framleis mogleg og melde seg på sommarles for born og lesebingo for vaksne og ungdom. Kom innom oss for å låne bøker til ferien. Velkommen!

Denne veka i biblioteka:Tysdag er det biblioteksdag og open kaffé i Moster Amfi. Onsdag er det lesestund for barnehagebo...
15/06/2026

Denne veka i biblioteka:
Tysdag er det biblioteksdag og open kaffé i Moster Amfi. Onsdag er det lesestund for barnehageborn i hovudbiblioteket. Torsdag er siste dag Hillestveit filial er open før skuleferien begynner, og det er Sjakk i biblioteket i hovudbiblioteket. Mange born er godt i gong med sommarles, og det er framleis mogleg og bli med. Same gjeld sommarlesbingo for vaksne. Velkommen til oss!

Sommarles er godt i gang, og mange har allereie henta premier. Men visste du at me har lesebingo for ungdom og vaksne og...
11/06/2026

Sommarles er godt i gang, og mange har allereie henta premier. Men visste du at me har lesebingo for ungdom og vaksne også? Det er ikkje berre barn som treng og lese meir, det gjeld like mykje, om ikkje meir oss vaksne. Bli med barna og finn gleda og roa ved lesing i sommar. Skjema får du hos oss i biblioteket. Bli med!

Alltid kjekt med sommaravslutning på språkkaféen ☀️Språkvertane diskar opp med nydelege bakverk og skapar ei ekstra fin ...
10/06/2026

Alltid kjekt med sommaravslutning på språkkaféen ☀️
Språkvertane diskar opp med nydelege bakverk og skapar ei ekstra fin og varm avslutning før sommaren.
Har du lyst å bli språkvert og bli kjent med menneske frå heile verda? 🌍
Ta gjerne kontakt – du er hjarteleg velkomen!
PS: Du treng ikkje kunne engelsk 😊

I ettermiddag er det Parole- og plakatverkstad i biblioteket kl. 17.00-18.30, arrangert av Amnesty International si Bøml...
05/06/2026

I ettermiddag er det Parole- og plakatverkstad i biblioteket kl. 17.00-18.30, arrangert av Amnesty International si Bømlagruppe, Bømlapride og Bømlo folkebibliotek. For tredje året på rad inviterer me til ein kreativ og sosial kveld der vi saman lagar plakatar og parolar til BømlaPride. Her er det plass til sterke bodskap, solidaritet, fargar, kreativitet og gode samtalar. Du treng ikkje ha erfaring eller kome med ferdige idear – kom som du er. Vi stiller med utstyr, og du kan laga di eiga parole eller bidra med idear og inspirasjon.

Ta med venner og familie og bli med å markera fellesskap, mangfald og menneskerettigheiter. Arrangementet er gratis med enkel servering.
Vi gler oss til å sjå deg!

Adresse

Kulturhusvegen 20
Bremnes
5430

Åpningstider

Tirsdag 10:00 - 16:00
Onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 10:00 - 16:00
Fredag 10:00 - 15:00
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4753423500

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bømlo folkebibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bømlo folkebibliotek:

Snarveier

Del