Bykle kommune

Bykle kommune Sida inneheld informasjon om Bykle kommune. Ein treng tryggleik og positive omgjevnadar og impulsar for å kunne trivast og tru på seg sjølv. VELKOMEN TIL OSS!

Bykle er rik på det som er fint å vekse opp med, og som gir barna våre grunnleggjande verdiar, ei god ballast å ta med seg vidare. Vi som har bodd her ei stund veit alt om dette og vil gjerne at også du, om du vil, skal få oppleve dette. Vi er ikkje mange og vil gjerne bli fleire! Vi trur det er ein fordel at du likar småsamfunn og veit kva det krevst av den enkelte å leve og bu slik.Om du er vilj

ug til å stå på og gjere ein innsats, vert samfunnet vårt enno betre å bu i, og du har kan hende funne ein plass der du vil byggje og bu. God kommuneøkonomi har gjort det mogleg å investere i gode tilbod innan helse- og sosialtilbod, barne- og ungdomstilbod, kultur- og fritidstilbod. Vi har særs gode aktivitetsbygg både i Bykle og på Hovden og ellers fine lokale innan dei fleste område. Her kan alle oppleve ein god oppvekst, utfordrande næringsliv, eit mangfald av fritidstilbod og ein trygg alderdom. Som innbyggjar i Bykle kommune får vi i pose og sekk når kommunen satsar på eit heilårleg reiselivstilbod. Ein roleg novemberdag er vi kan hende 900 personar totalt, og midt i påska kan det vere langt over 15 000 på besøk her. Fritidstilboda er omfattande året rundt og over 30 friviljuge organisasjonar gjer det lett å vere aktiv og finne seg gode vener her.

18/08/2026

Det er no ei leilegheit ledig i "Leige før eige" i Røyrvikåsen på Hovden.

17/08/2026

Onsdag 19. august klokka 17 er det klart for Askeladden friteater på Hegni med kultur i natur.

16/08/2026

Barnehagane i Bykle kommune treng ringevikarar, altså folk som kan stille på kort varsel og ta i eit tak når det trengst.

14/08/2026
05/08/2026

Bensin og vanleg diesel er tilgjengeleg i Bykle att, no er tankanlegget ved Prix Bykle oppe og går.

03/08/2026

Som me har skrive tidlegare skal YX Bykle rivast og gje plass for nytt sentrumsbygg i bygda. I dag vart drivstoffpumpene stengt.

31/07/2026

Mange tenker på hekkeklypping som vanleg hagearbeid, men visste du at det også er eit lovpålagt ansvar? Som del av å sikre ein trygg skuleveg er god sikt i trafikken heilt avgjerande, og no er tida, eit par veker før skuleåret tar til!

30/07/2026

Har du eit prosjekt som kan bidra til regional etablering, utvikling og verdiskaping i Setesdal? Regionalt næringsfond gjev støtte til næringsprosjekt med betydning for heile regionen.

29/07/2026

Sjølv om det har kome litt nedbør i Agder dei siste par dagane så er det ikkje nok for å redusere skogbrannfaren - Meteorologisk Institutt melder at dei held fast på oransje varsel, altså svært høg skogbrannfare.

29/07/2026

Det er for tida samdrift med legekontora i Bykle og Valle med Bykle legekontor ope. Samdriftsperioden blir no forlenga til å gjelde også veke 33.

Adresse

Bykle Kommune, Bykle Rådhus
Bykle
4754

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:00
Tirsdag 09:00 - 14:00
Onsdag 09:00 - 14:00
Torsdag 09:00 - 14:00
Fredag 09:00 - 14:00

Telefon

+4737938500

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bykle kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bykle kommune:

Snarveier

Del