Bykle Frivilligsentral

  • Home
  • Bykle Frivilligsentral

Bykle Frivilligsentral Bykle Frivilligsentral er ein igangsettar, samordnar og mobilisator for offentlege instansar og frivillige organisasjonar for å skape møte mellom menneske.

Vi plukka over eit halvt tonn på laurdagens Ryddedag! 👏🏻 Tusen takk til alle som møtte opp og plukka søppel rundt om i B...
11/05/2026

Vi plukka over eit halvt tonn på laurdagens Ryddedag! 👏🏻 Tusen takk til alle som møtte opp og plukka søppel rundt om i Bykle og på Hovden.

På berre tre timar fekk vi samla inn heile 587 kg med avfall 🤩 Vi fekk òg kosa oss med setesdalssuppe, is og ikkje minst premietrekking🏅

Ein stor takk til samarbeidspartnarane våre, SMG og Naturvernforbundet.

PS: Viss du har lyst til å plukke meir søppel ein annan dag, kan du hente ryddeutstyr på Hovden grendehus og Bykle bibliotek 🌸🌼

30/04/2026

Får du ikkje deltatt på Ryddedagen 9. mai? 🌸 Då kan du henta gratis ryddeutstyr på Bykle bibliotek og Hovden grendehus. Noter namn og telefonnummer på skjemaet, så er du med i premietrekninga av gåvekort 9. mai!👋🏻🏅

PS: Mykje søppel? Lever det i tilhengjaren ved Hovden grendehus, så blir det teke hand om.

Heilt fantastisk 🙌🏻 🤩
30/04/2026

Heilt fantastisk 🙌🏻 🤩

🌟 Gode nyheiter 🌟
Vi er svært glade for å kunne fortelje at gjenbruksbutikken blir driven vidare! Tusen takk til Agder Fylkeskommune og Valle sparebank for tilskot 🫶🏼

Vi er framleis heilt avhengige av gåver og dei fantastiske frivillige i butikken. Vi er så takksame for alle gåver, for tida og innsatsen de legg ned. Hjarteleg takk til dykk alle 💚♻️

Har du lyst å fylle dagane med aktivitet? Då har du fleire fine moglegheiter! 🙌 Bli med på yoga, turgruppe eller sirkelt...
27/04/2026

Har du lyst å fylle dagane med aktivitet? Då har du fleire fine moglegheiter! 🙌 Bli med på yoga, turgruppe eller sirkeltrening – eit sosialt tilbod der alle kan delta og bevege seg saman🧘‍♀️🚶‍♂️💪

Yoga: Tysdagar kl. 10 på Hovden grendehus
Sirkeltrening: Torsdagar kl. 11 på Bykle samfunnshus, kinosalen
Turgruppe: Onsdagar kl. 11, oppmøte ved Hovden grendehus (anna oppmøtestad blir publisert i Spond)

Landskappleiken vert arrangert på Hovden frå 24. til 28. juni! 😍Som frivillig får du t-skjorte, mat og drikke under vakt...
24/04/2026

Landskappleiken vert arrangert på Hovden frå 24. til 28. juni! 😍
Som frivillig får du t-skjorte, mat og drikke under vaktene. Ei vakt gjev valfri dagsbillett, medan to eller fleire vakter gjev gjennomgangsbillett til arena og tevlingar 🤩

Det er eit stort mangfald av oppgåver du kan bidra med – til dømes matlaging, servering, rydding, rigging, følgje utøvarar til og frå scena, og mykje meir. I påmeldingsskjemaet kan du sjølv ønskje kva oppgåver du helst vil ha.

Meld deg som frivillig her:
https://form.arkon.no/?id=12020&key=nNmeZK

Har du spørsmål eller utfordringar med påmeldinga, kan du ta kontakt med Liv Hilde Holm på telefon 906 10 215.

Onsdag 25. mars inviterer turgruppa til bål og grilling på Hegni kl 11:00 😍 Me stiller med gratis pølser, kaffi og kakao...
19/03/2026

Onsdag 25. mars inviterer turgruppa til bål og grilling på Hegni kl 11:00 😍 Me stiller med gratis pølser, kaffi og kakao. Ta gjerne med ein venn og bli kjent med nye folk! Velkomen! 🔥🌭☕️

☀️Det kan vere heilt nydeleg å gå på tur om vinteren også ❄️Bli med på tur til onsdag kl. 11:00! Turgruppa møtast på gre...
09/03/2026

☀️Det kan vere heilt nydeleg å gå på tur om vinteren også ❄️
Bli med på tur til onsdag kl. 11:00! Turgruppa møtast på grendehuset og tek ein tur i nærmiljøet. Etterpå går vi innom kafeen i Fjellgardshallen for noko godt å ete og drikke etter turen🥰 Alle er velkomne!

18/02/2026

Til laurdag arrangerer Bykle IL Støyledalslåmi for alle aldre. Har du ikkje gått Støyledalen i Bykle før, er dette ei flott moglegheit til å oppleve nytt terreng. Sjå meir informasjon nedanfor, eller finn Bykle IL i Friskus-aktivitetskalenderen! 🤩❄️⛷️

13/02/2026
No kan du følge Hovden gjenbruksbutikk på eiga side på Facebook og Instagram! ♻️ Følg for oppdateringar og bileta av bru...
11/02/2026

No kan du følge Hovden gjenbruksbutikk på eiga side på Facebook og Instagram! ♻️ Følg for oppdateringar og bileta av brutkfunn!

Hovden gjenbruksbutikk er no på Facebook og Instagram! Her deler vi oppdateringar, unike skattar og gode bruktfunn. Følg oss her og på Instagram for nyheiter - og stikk gjerne innom for ein hyggeleg handel eller ein kopp kaffi i kaffekroken 💚♻️

Address

Skulevegen 19

4755

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Bykle Frivilligsentral posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Organization

Send a message to Bykle Frivilligsentral:

  • Want your organization to be the top-listed Government Service?

Share