Tokke kommune

Tokke kommune Velkomen til Tokke kommune! Her delar me små og store glimt frå kvardagen. Kopargruvene på Åmdals Verk var i drift frå 1500-talet og heilt fram til 2. verdskrig.

Fakta:
Innbyggartal: 2242
Areal: 980 km2
Lågaste punkt: Bandak, 72 moh
Høgaste punkt: Kvannfjølli, 1537 moh
Fylg oss for å halde deg oppdatert og bli betre kjent med Tokke! Tokke kommune ligg innerst i Telemarkskanalen og strekkjer seg opp mot alle sider frå innerst i Bandak. Tokke kommune har tradisjon med industri og eksport med brynestein heilt frå viking-tida. Kraftutbygginga på 50-60-talet

har gjeve gode inntekter slik at kommunen har kunna byggje ut eit godt tenestetilbod. I dag er kommunen ein moderne industri- og jordbrukskommune med veksande reiseliv. Kommunesenteret Dalen, med eventyrhotellet Dalen Hotel ( frå 1892 ), er prega av industriverksemder og handel/ tenesteytande verksemder. Tokke har tre tettstadar i kommunen i tillegg til Dalen. Høydalsmo, Åmdals Verk og Lårdal. I tillegg fleire livskraftige lokalsamfunn som Byrte, Skafså, Mo, Austheii, Froland. Tokke har mykje å by på både av natur, opplevingar, museum og aktive og levande samfunn. Ta ein tur då vel!

------------

Tokke municipality has long traditions with industry and export of whetstones ever since the age of the Vikings. The copper mines in Åmdals Verk were active from the 16th century all the way until the Second World War. The construction of the hydro power plant in the 1950s has given Tokke a wealthy income so they have been able to provide and expand on their services. Today Tokke is a modern industrialized and agricultural municipality with ever-growing tourism. Dalen is the center for the Tokke municipality. In addition to Dalen, we have several urban areas like Høydalsmo, Åmdals Verk and Lårdal that are full of life. Local communities such as Byrte, Skafså, Mo, Austheii and Froland contribute to a gathered Tokke. Tokke can offer unforgettable experiences with our vast array of hiking possibilities, museums and active communities. Come and visit us in Tokke!

UTVIDINGA AV DAGSENTERET STARTAR OPP SNARTByggjestart er planlagt til 10. august 2026, og tilbygget skal vera ferdigstil...
31/07/2026

UTVIDINGA AV DAGSENTERET STARTAR OPP SNART

Byggjestart er planlagt til 10. august 2026, og tilbygget skal vera ferdigstilt innan 01.02.2027.

Viking Bygg AS er vald som entreprenør for prosjektet.

I byggjeperioden må ein dessverre rekne med noko redusert tilgang på parkeringsplassar i området. Difor vil besøkande og andre som ferdast ved helse- og omsorgssenteret bli oppmoda om å følgje mellombels skilting og tilvisingar på staden.

Illustrasjonen viser korleis tilbygget er planlagt utforma. Situasjonskartet viser plasseringa av tilbygget.

Prosjektet får 55 prosent tilskot frå Husbanken.

ARBEIDET MED UTVIDING OG OPPGRADERING AV ÅHEIM FELLESBYGG ER I GANGArbeidet starta sommaren 2026 og skal etter planen ve...
31/07/2026

ARBEIDET MED UTVIDING OG OPPGRADERING AV ÅHEIM FELLESBYGG ER I GANG

Arbeidet starta sommaren 2026 og skal etter planen vera ferdigstilt hausten 2026.

Skorve Entreprenør er vald som entreprenør for prosjektet.

Prosjektet omfattar eit nybygg på om lag 85 m² med nye kontor, garderobe og medisinrom. I tillegg skal eksisterande areal oppgraderast, mellom anna HC-toalett, kjøkken og gangareal.

Me skal installere ventilasjon, betre belysninga, og gjera bygget meir universelt uniforma ved å fjerne og tilpasse dørtersklar.
Det skal også installerast sprinkleranlegg i både fellesareala og leilegheitene.

Prosjektet får 55 prosent tilskot frå Husbanken.

FV450, EIDSBORGBERGET, ER HEILT OPE UT DENNE VEKA (VEKE 31)Etter det er det tilbake til opningstidene i illustrasjonen.
29/07/2026

FV450, EIDSBORGBERGET, ER HEILT OPE UT DENNE VEKA (VEKE 31)

Etter det er det tilbake til opningstidene i illustrasjonen.

28/07/2026
28/07/2026
‼️STOR SKOGBRANNFARE - UTVIDA FAREVARSEL‼️HIGH RISK OF WILDFIRE – EXTENDED WARNINGMe oppmodar alle om å vera ekstra vars...
24/07/2026

‼️STOR SKOGBRANNFARE - UTVIDA FAREVARSEL
‼️HIGH RISK OF WILDFIRE – EXTENDED WARNING

Me oppmodar alle om å vera ekstra varsame:

• Ikkje bruk grill eller tenn bål
• Kast aldri sigarettsneipar i naturen
• Meld straks frå til brannvesenet på 110 dersom du oppdagar røyk eller brann

Takk for at du tek ansvar og hjelper til med å førebyggje!

We urge everyone to exercise extra caution:

• Do not use barbecues or light campfires
• Never throw ci******es into nature
• Immediately report any smoke or fire to the fire service by calling 110

Take responsibility and help prevent wildfires! Thank you!

Fine dagar på Dalen ☀️(Foto: Knut Erik Paulsen)
21/07/2026

Fine dagar på Dalen ☀️

(Foto: Knut Erik Paulsen)

Våre flinke sommarvikarar på Vennestoga tok med seg ein liten gjeng på tur til Mjonøy i finveret🥰
20/07/2026

Våre flinke sommarvikarar på Vennestoga tok med seg ein liten gjeng på tur til Mjonøy i finveret🥰

❤️👏
17/07/2026

❤️👏

Jeg må få lov å takke og fremheve Tokke båtlag og deres suverene frivillighet og hjelp, under mitt o ...

Adresse

Dalen
3880

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tokke kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Tokke kommune:

Snarveier

Del