Etne Kommune

Etne Kommune Etne kommune ligg sør i Hordaland fylke. Totalt flatemål er 708 kvadratkilometer og innbyggjartalet er om lag 4.000. JA TAKK! Kvifor?

Velkommen til Etne kommune si side på Facebook. Her får du nyttig informasjon og glimt frå Etne. All viktig informasjon frå Etne kommune finn du på heimesidene våre. Du treng ikkje ha Facebook-konto for å vere oppdatert på informasjon frå kommuenn. Sida blir administrert av kommunikasjonsavdelinga. Landbruk har i alle tider vore viktigaste leveveg i kommunen, og Etne er i dag blant dei største lan

dbrukskommunane i Vestland fylke. Elles har kommunen mange arbeidsplassar innanfor mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Gravhaugar, helleristningar, runer og bygdeborger vitnar om eldgammal busetnad. Tilgangen på kulturtilbod og naturtilbod frå fjord til fjell er variert og god. Dette nyt reiselivet godt av, og næringa er veksande. Rundt 600 fritidshus er i dag å finne i kommunen.

-------------------------------------------

SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Gje oss gjerne dine kommentarar og spørsmål her! Kommunikasjonsavdelinga svarer på førespurnader om kommunen sine tenester i arbeidstida, så snart det er mogleg. Saker som krev sakshandsaming i kommunen, melder du frå om på andre måtar, til dømes i ein e-post til [email protected]
Kontaktinformasjon til ulike avdelingar finn du på nettsidene våre.

-------------------------------------------

SKRIV SAKLEG OG KORT

Ver sakleg i innhald og språk når du skriv innlegg her eller kommenterer andre sine innlegg, så vert du oppfatta som ein seriøs bidragsytar. Skriv du kort, vil fleire lese det du skriv.

-------------------------------------------

BLEI INNLEGGET ELLER KOMMENTAREN DIN SLETTA?

Å vere ueinig med kommunen er naturlegvis heilt greitt. Me heiar på saklege kommentarar og innlegg. God debatt og ueinigheit høyrer demokratiet til. Facebook slettar innlegg og kommentarar som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Fordi hatefulle ytringar og anna grums hemmer den frie demokratiske debatten, og gjer at mange opplever sosiale medium og kommentarfelt som utrygge stader. Facebook har dessutan 13 års aldersgrense. Kommunen si Facebook-side skal vere ein trygg og god plass å stikke innom aleine, også for barn på 13 år. Vi kan velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen myndigheiter og medium står i for å kjempe mot villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar innlegg der vi meiner skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har noko med den aktuelle saka å gjere, kan også bli sletta. Innlegg med reklame for kommersielle produkt og tenester blir fjerna.

-------------------------------------------

ALT DU GJER OPE PÅ FACEBOOK KAN BRUKAST AV ANDRE

Din eigen policy på sosiale medium er like viktig som kommunen sin. Det er viktig at du vernar om dine personlege opplysningar og hugsar på personvernforordninga (GDPR). Når du følgjer, likar eller kommenterer ei Facebook-side, får Facebook tilgang til, og kan bruke, dei opplysningane og spora du legg igjen. Facebook sine retningsliner og personvernerklæring ifølgje Facebook sine retningsliner betyr innstillinga «offentleg» at du gjev alle tilgang og løyve til å bruke den aktuelle informasjonen og knytte den til deg. I Facebook si personvernerklæring står det at «offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller gis tilgang til gjennom søkemotorar på Internett, API’ar eller media mv.» Det vil seie at dei spørsmåla du stiller og det du kommenterer på f.eks. Etne kommune si Facebook-side, kan lesast og brukast av andre.

-------------------------------------------

HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Send spørsmål og kommentarar til [email protected], eller del dei med oss i ei Messenger-melding.

31/07/2026

Nytt sentralbord ☎

Telefonnummeret er 53 75 81 40. Når du ringer dette nummeret, vil du få fleire tasteval. Vel då det alternativet som passar for den avdelingen du ønskjer å kome i kontakt med eller vent på svar.

Kva er det som gjer Etne til ein så god stad å bu, leva, jobba og oppleva?I den nye brosjyra vår får du eit lite innblik...
30/07/2026

Kva er det som gjer Etne til ein så god stad å bu, leva, jobba og oppleva?

I den nye brosjyra vår får du eit lite innblikk i Etne – kommunen med store naturopplevingar, levande bygder, engasjerte folk og gode moglegheiter💚

Ta ein titt i brosjyra og bli betre kjend med Etne – kanskje oppdagar du noko du ikkje visste frå før? 👀

👉 Bla deg gjennom brosjyra her!

ImagemapPublisert Brosjyre_16 sider.jpg

🌱 Nytt tilskot til klimarådgjeving for landbruket!Tilskotsordninga vert fornya, og det skal bli enklare og raskare å søk...
28/07/2026

🌱 Nytt tilskot til klimarådgjeving for landbruket!

Tilskotsordninga vert fornya, og det skal bli enklare og raskare å søkje om støtte til klimarådgjeving. Les meir om kven som kan søkje og kva som skal til. 👇

Tilskot til klimarådgjeving skal snart få eige søknadsskjema utanfor RMP-tilskota. Tilskotet vil bli utbetalt raskare enn tidlegare.

Framleis ustabil telefon ved legekontoret❗️Legekontoret opplever for tida utfordringar med telefonsystemet. Me arbeider ...
24/07/2026

Framleis ustabil telefon ved legekontoret❗️

Legekontoret opplever for tida utfordringar med telefonsystemet. Me arbeider med saka for å få løyst problemet så raskt som mogleg.
Dersom du har behov for å kontakte legekontoret, kan du:
- sende melding via Pasientsky eller Helse Norge
- møte opp på legekontoret.
Ved akutt behov for hjelp, ring 113. Me beklagar ulempene dette medfører.

Stor brannfare grunna tørt vær❗️Minnar om forbod mot open eld i terreng og utmark.Dette er ikkje tillate:❗️å tenne bål❗️...
17/07/2026

Stor brannfare grunna tørt vær❗️

Minnar om forbod mot open eld i terreng og utmark.

Dette er ikkje tillate:
❗️å tenne bål
❗️å bruke eingongsgrill
❗️å grille eller bruke open flamme i skog, mark og anna terreng

Dette kan vere tillate:
✅grilling i eigen hage, dersom det skjer på ein trygg måte og under god kontroll

Vis varsemd og ta ansvar for å forebygge brann.
Ved brann eller fare for brann: Ring 110

Visste du at ...  •  uoppmerksomme førarar medverkar til kvar tredje dødsulykke i trafikken?•  kjører du i 80 km/t og ta...
17/07/2026

Visste du at ...
• uoppmerksomme førarar medverkar til kvar tredje dødsulykke i trafikken?
• kjører du i 80 km/t og tar blikket vekk frå vegen i to sekund, har du kjørt 44 meter i blinde.
• mobilen har ein eigen bilmodus som kan bidra til færre distraksjonar under kjøring.

13/07/2026
💙 Er du pårørande til ein person med demens?Til hausten 2026 inviterer Etne og Vindafjord kommune til pårørandeskule – e...
13/07/2026

💙 Er du pårørande til ein person med demens?

Til hausten 2026 inviterer Etne og Vindafjord kommune til pårørandeskule – eit kurs som gir kunnskap, støtte og moglegheit til å møte andre i same situasjon.

Er du pårørande til ein person med demens? I haust inviterar Etne kommune og Vindafjord kommune til kurs. Påmeldinga opnar 10.august.

Adresse

Sjoarvegen 2
Etne
5590

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4753758000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Etne Kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Etne Kommune:

Snarveier

Del