Valdresmusea

Valdresmusea Museets kraft ligg i usemja. Vi skal våge, ikkje vakle. Vi skal søke sanning, ikkje flyte på skorpa.

Eit overordna mål for Valdresmusea er å spreie kunnskap, skape engasjement, inkludere nye målgrupper og senke terskelen for deltaking. Satsingsområda er folkemusikk, folkedans, folkemusikkinstrument, bunad, tekstil, bygningsvern, støls- og hyttekultur. Valdresmusea driv Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling, Bautahaugen Samlinger og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

STAVKYRKJENE: I Valdres har vi heile seks stavkyrkjer. Dei gamle kyrkjene har alle levande, sakrale rom med dekor og obj...
04/08/2026

STAVKYRKJENE: I Valdres har vi heile seks stavkyrkjer. Dei gamle kyrkjene har alle levande, sakrale rom med dekor og objekt frå mange hundreår. No om sommaren kan du få omvising, opningstider finn du her: https://valdresmusea.no/omvising-i-mellomalderkyrkjene. Foto: Anne Marit Noraker

BAGNSBERGATN: Tusen takk til heile 40 stykk som blei med på krigshistorisk vandring på Laurdag. Vår gaid Eivind fortalte...
03/08/2026

BAGNSBERGATN: Tusen takk til heile 40 stykk som blei med på krigshistorisk vandring på Laurdag.

Vår gaid Eivind fortalte om dei skjilsettande historiane der me kjem nært innpå både sivile, norske- og tyske soldatars historier. Det var ein sprek gjeng som var med å gå dei 250 høgdemetrene opp og ned igjen.

Me sett gjedne opp ein tur til i starten av september. Ellers går det ann å bestille eigne gruppeturar. Meir info finn du på www.Valdresmusea.no

29/07/2026

STØLSKULTUR OG MATTRADISJONAR: Kirsti testar smørformene som vart laga av dei unge sommartilsette den siste veka. Ta ein tur innom Tvengestølen på Valdres Folkemuseum for å sjå nærare på resultata.

KLOKE HENDER + STØLSKULTUR OG MATTRADISJONAR: Denne sommaren har vi unge sommartilsette i handverksopplæring med mentor ...
29/07/2026

KLOKE HENDER + STØLSKULTUR OG MATTRADISJONAR: Denne sommaren har vi unge sommartilsette i handverksopplæring med mentor Knut Olav Dokken. På museumsstølen og i smia har dei laga smørformer, snekra og smidd reiskap og gjenstandar som skal nyttast i formidlinga på Valdres Folkemuseum. Sparebankstiftelsen DNB

KRIGSHISTORISK VANDRING: Det er forsatt nokre plassar igjen på krigshistorisk vandring til helga, 1. og 2. august. Bli m...
28/07/2026

KRIGSHISTORISK VANDRING: Det er forsatt nokre plassar igjen på krigshistorisk vandring til helga, 1. og 2. august.

Bli med og høyr om kampane i Gråbeinhølet og på Bagnsbergatn (1.august) og om korleis dei norske styrkane held stand i stillingane ovanfor Islandmoen i 4 døgn. (2. August)

Billettar og meir informasjon: https://booking.duell.no/valdresmusea/bagn/

FOLK OG FE: Museumsliv med dyr, besøkande og sommartilsette på Valdres Folkemuseum. Ope kvar dag 10-17 heile sommerferie...
27/07/2026

FOLK OG FE: Museumsliv med dyr, besøkande og sommartilsette på Valdres Folkemuseum. Ope kvar dag 10-17 heile sommerferien, velkomen! Foto: Sara, Kristine og Kirsti.

STØLSKLEDE: Vi treng fleire retroklede til bruk på museumsstølen på Valdres Folkemuseum. Særleg aktuelt er skaut og erme...
21/07/2026

STØLSKLEDE: Vi treng fleire retroklede til bruk på museumsstølen på Valdres Folkemuseum. Særleg aktuelt er skaut og ermeforkle/forkleskjoler i bomull. Har du noko å gi bort? Kontakt oss ved å sende bilete til [email protected]

16/07/2026

Adresse

Tyinvegen 27
Fagernes
2900

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Valdresmusea legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Valdresmusea:

Snarveier

Del