Biblioteket på Fedje

Biblioteket på Fedje Eit lite men framifrå bibliotek.

Biblioteket har sommarstengt i august 🌞Kom gjerne innom mandag eller torsdag denne veka for å låne bøker til ferien. Bib...
27/07/2026

Biblioteket har sommarstengt i august 🌞

Kom gjerne innom mandag eller torsdag denne veka for å låne bøker til ferien. Biblioteket er opent igjen som vanleg frå og med 31. august.

Har du bøker du vil levere inn i denne perioden kan du nytte innleveringsboksen ved døra.

God sommar! 🌻🌊🍀

02/07/2026

Biblioteket har fått innleveringsboks, som betyr at du kan levere bøker sjølv om biblioteket er stengt! 🥳📚✨

Boksen er plassert til høgre for inngangsdøra, og du bruker den ved å opne lokket heilt på toppen, så legg du bøkene nedi. Bøkene som kjem inn vert registrert som innlevert ved neste opningsdag.

02/06/2026

Endring i opningstid veke 23 og 24

Denne veka og neste veke vert opningsdagen på torsdag flytta til onsdag. Det vil seie at vi held opent onsdag 3. og 10. juni kl 10-14, og stengt torsdag 4. og 11. juni. Mandagane er vi open som vanleg kl 17-19.

Velkommen innom! ☀️🌸

I dag startar Sommarles 2026! Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles. Sommarles g...
01/06/2026

I dag startar Sommarles 2026!

Frå 1. juni til 31. august kan alle som går på 1.-7. trinn delta på Sommarles. Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med.

Sommarles er for alle! På Sommarles.no kan de registrere både bøker som barna har lest sjølv og bøker dei har lest saman med nokon eller lytta til (høgtlesing og lydbøker).

Kvar gong det blir registrert lesing, får deltakarane poeng og går etter kvart opp i level. I år er det tida deltakarane har brukt på lesing som gir poeng i Sommarles, framfor antall sider som tidlegare år. Talet på sider som er lest vil framleis bli registrert automatisk. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytt til Sommarlesfortellinga for i år, som er skriven av forfattar Mari Moen Holsve.

For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Har de ein profil frå i fjor kan denne framleis brukast. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese/lytte og registrere i veg!

Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Ta gjerne turen innom biblioteket for å få vite meir.

God sommar med Sommarles.no!

Sommerles.no er en digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer fra 1. juni til 31. august. På sommerles.no kan du registrere bøkene du leser, samle poeng, få kule premier og lesetips, lese den eksklusive Sommerles-fortellingen, løse oppgaver og følge med på hva vennene dine leser!

27/05/2026

Biblioteket må dessverre halde stengt torsdag 28. mai. Vi beklager ulempa dette medfører. Har du bøker du ønsker å levere inn kan desse leverast på sørvistorget.

01/04/2026

Grunna påske og raude dagar er Biblioteket på Fedje stengt fram til torsdag 9. april. God påske! 🌞🐥🌷

Adresse

Kalvedalen 6
Fedje
5947

Åpningstider

Mandag 17:00 - 19:00
Torsdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4756165111

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Biblioteket på Fedje legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Biblioteket på Fedje:

Snarveier

Del