Herøy Brann og redning.

Herøy Brann og redning. Herøy Brann og redning har hovudstasjon i Fosnavåg og bibrannstasjon i Myrvåg med tankbil og oljeverndepot. SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? JA TAKK!

𝗙𝗔𝗖𝗘𝗕𝗢𝗢𝗞-𝗥𝗘𝗧𝗡𝗜𝗡𝗚𝗦𝗟𝗜𝗡𝗝𝗘𝗥
Velkomen til Herøy brann og redning si Facebook-side. Her får du nyttig informasjon om førebyggjande arbeid og kjekke glimt knytt til tenesteområdet vårt. Viktig informasjon blir også delt på nettsida til Herøy kommune. Denne Facebook-sida er drifta av tilsette ved Herøy brann og redning. PERSONVERN
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Derfor er di

n eigen policy like viktig som Herøy brann og redning (Herøy kommune) sin. Når du følgjer, liker eller kommenterer noko på Facebook-sida vår, får Facebook tilgang og vil bruke opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status «offentleg» gir du alle tilgang og tillating til å nytte informasjonen og knyte den til deg. I Facebook sine retningslinjer står det at «at offentlig informasjon er tilgjengelig for alle i eller utenfor tenestene våre, og kan sees eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller og det du kommenterer på våre Facebook-sider, kan lesast og brukast av andre. Vi set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Vi svarer gjerne på spørsmål og tek imot innspel. Innspel som er arkivverdige, blir lagra i arkivsystemet vårt og vil kome i postlistene våre som er offentlege. BLEI INNLEGGET DITT SLETTA? Det er sjølvsagt heilt OK å vere ueinig med oss. Vi tar også imot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for demokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Vi kan også velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og media står i, for å stanse villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar også innlegg eller kommentarar der vi meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Ta kontakt med oss på tlf., e-post eller via Messenger. Vi minner om at du ikkje skal sende sensitiv informasjon på e-post eller Messenger. Kontaktinfo finn du her: www.heroy.kommune.no

Har du ein av desse sju plantane? Då kan hagen din bli ei brannfelle 🔥Lurer du på kva plantar det er snakk om? Les artik...
31/07/2026

Har du ein av desse sju plantane? Då kan hagen din bli ei brannfelle 🔥
Lurer du på kva plantar det er snakk om? Les artikkel i kommentarfeltet 👇

Sikring av bagasje og lausgodsSkal de på bilferie i sommar? 🚗☀️ Før ferieeventyret startar for fullt, har Bjørnis ei vik...
31/07/2026

Sikring av bagasje og lausgods

Skal de på bilferie i sommar? 🚗☀️ Før ferieeventyret startar for fullt, har Bjørnis ei viktig påminning: Pass godt på sikringa av bagasje og lause gjenstandar!
🧳 Pakk bagasjerommet smart: All bagasje bør pakkast i bagasjerommet, med dei tyngste tinga nedst og lengst fram mot seteryggen. Fest bagasjen godt, helst med solide stropper.
Når den store bagasjen er trygt på plass, er det på tide å ta ein kikk inn i sjølve kupeen. Visste du at heilt uskuldige ting kan bli livsfarlege ved ei bråbremsing? Mobiltelefonar, nettbrett, fulle drikkeflasker og anna lausgods får stor kraft dersom bilen kolliderer.
🎒 Rydd bort småting: Oppbevar bøker, mobiltelefonar og nettbrett i stol-lommer, lukka vesker eller i hanskerommet når dei ikkje er i bruk.
💧 Bruk kopphaldarar: La drikkeflasker stå trygt i faste haldarar, ikkje liggje laust på setet.
🐶 Sikre kjæledyret: Bruk alltid eit godkjent bur eller ein eigen bilsele til hunden.
Ein ryddig og sikra bil er ein tryggare bil. Spenn dykk godt fast, og ha ein flott tur på sommarvegane! 🐻🚐❤️

ØVING-ØVING-ØVINGSommar er tid for øving på skogbrann 🔥Øvinga er på Heid tursti, så ser du mannskap med slangar eller br...
30/07/2026

ØVING-ØVING-ØVING

Sommar er tid for øving på skogbrann 🔥Øvinga er på Heid tursti, så ser du mannskap med slangar eller brannbil 🚒 og ikkje noko røyk, er det mest truleg øving - heldigvis 😊

Ha ein fin sommar vidare 😊

Sikring av barn i bilSkal du ha med barn på biltur? 🚗 God sikring av dei minste i bilen er like sjølvsagt som mat og søv...
29/07/2026

Sikring av barn i bil

Skal du ha med barn på biltur? 🚗 God sikring av dei minste i bilen er like sjølvsagt som mat og søvn! Men hugsar de å ta beltesjekken før turen startar? ⚠️
Sjekk at alt sikringsutstyr blir brukt rett, og at alle har setebeltet stramt og tett inntil kroppen, riktig plassert. Det gjeld på kvar einaste tur!
Les meir om sikring av barn i bil hos Trygg Trafikk: 👉 www.tryggtrafikk.no/tips/bil/barn-i-bil/

Ny søknadsfrist 03.08.2026!
28/07/2026

Ny søknadsfrist 03.08.2026!

Trygg ladingLadar du trygt? 🔋Litiumbatteri er som regel trygge å bruke, men av og til kan dei skape problem for oss. Det...
27/07/2026

Trygg lading

Ladar du trygt? 🔋Litiumbatteri er som regel trygge å bruke, men av og til kan dei skape problem for oss. Det kan skuldast produksjonsfeil eller skadar, til dømes på ein elsparkesykkel som køyrer over ein fortauskant og får eit slag i batterikassa. Eller ein mobiltelefon som går i bakken ved eit uhell ... 🔥😱
Difor heiar eg på ladevettreglane:
1️⃣ Lad i rom med røykvarslar
2️⃣ Lad når du er vaken og til stades
3️⃣ Les og følg produsenten si bruksrettleiing
4️⃣ Bruk helst original ladar
5️⃣ Lad på eit underlag som ikkje lett kan ta fyr
6️⃣ Ikkje lad i senga
7️⃣ Ikkje lad i korridor eller trapperom (desse må kunne brukast som rømningsveg ved brann)
8️⃣ Byt ut skadd utstyr
9️⃣ Stopp ladinga dersom det kjem lydar, lukt eller det blir unormalt varmt
🔟 Ved røyk og flammar, ring brannvesenet på 110 🚒🔥

Kunne dette vere ei deltidsstilling for deg? Du har enno tid til å søkje 😊 Ny søknadsfrist 03.08.2026
24/07/2026

Kunne dette vere ei deltidsstilling for deg? Du har enno tid til å søkje 😊 Ny søknadsfrist 03.08.2026

Herøy brann og redning har ledig 2 x 2,40 % stilling som brannkonstabel/røykdykkar. Stillinga er knytt til brannstasjonen i Fosnavåg og har fast vaktordning.Herøy brann og redning er kommunen sin innsatsstyrke ved brann, trafikkuhell, redningsoppdrag og andre akutte hendinga.

Er dette ei deltidsstilling for deg? Du har enno tid til å søkje 😊 Ny søknadsfrist 03.08.2026
24/07/2026

Er dette ei deltidsstilling for deg? Du har enno tid til å søkje 😊 Ny søknadsfrist 03.08.2026

Herøy brann og redning har ledig 2 x 2,40 % stilling som brannkonstabel/røykdykkar knytt til brannstasjonen i Myrvåg. Stillinga har ikkje fast vaktordning.Herøy brann og redning er kommunen sin innsatsstyrke ved brann, trafikkuhell, redningsoppdrag og andre akutte hendinga.

Bruk sykkelhjelm!Hjelm er kulare enn kul i hovudet! 🚲🛴 Vi har berre eitt hovud, så det gjeld å ta godt vare på det! Sjøl...
24/07/2026

Bruk sykkelhjelm!

Hjelm er kulare enn kul i hovudet! 🚲🛴 Vi har berre eitt hovud, så det gjeld å ta godt vare på det! Sjølv om sykkelhjelm ikkje er påboden i Noreg, er det alltid smart å bruke hjelm, anten hovudet er stort og robust eller lite og sårbart. Her må alle vaksne gå føre som gode førebilete!

Hugs: På elsparkesykkel er det påbode med hjelm for alle frå minstealderen på 12 år og opp til 15 år.

Adresse

Sjukeheimsvegen 12
Fosnavåg
6092

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4748173860

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Herøy Brann og redning. legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Herøy Brann og redning.:

Snarveier

Del