22/05/2026
Visste du at ei av Noregs fremste føregangskvinner kom frå Vågå? I dag er det 155 år sidan Thekla Resvoll vart fødd. Thekla var botanikar, stemmerettsforkjempar og akademisk pionér.
Thekla Resvoll var fødd i Vågå 22. mai 1871. Ho var den fyrste gifte kvinna i ei vitskapleg stilling i Noreg og den fyrste som fortsette i stillinga etter at ho fekk barn. I 1918 vart ho den fyrste norske kvinna til å forsvare ein doktorgrad.
Thekla engasjerte seg også sterkt i kampen for kvinners stemmerett, og ho var den fyrste norske kvinna som vart fotografert i bukser utan skjørt over (!). Det var også Thekla som etablerte fjellhagen på Kongsvoll stasjon.
I desse dagar har det kome ut ein ny biografi om Thekla Resvoll, skrive av Kjersti Helene Hernæs. I dag var Kjersti på God morgen, Norge og presenterte boka (innslaget starta kl. 8.10). Den fine biografien er illustrert med handmåla akvarellar av Esra Røise. Boka inneheld også mange fotografi frå Theklas liv.
12. oktober er vi så heldige å få besøk av biograf Kjersti Hærnes. Vi gler oss stort til besøket og til å høyre meir om det utrulege livet til Thekla. Set av datoen, folkens. Biblioteket har sjølvsagt den nye biografien. Løp og lån!