23/07/2026
Blir det mykje bjeffing? 🐕
Det kan vere lett å la seg freiste av utstyr som lovar ei rask løysing på bjeffinga. Men det er i strid med dyrevelferdslova å forlate hundar med fjernstyrt og automatisk utstyr som anti-bjeffehalsband med lyd, lukt eller liknande 🚫
Når hunden har lært samanhengen mellom anti-bjeffehalsbandet og straffa, kan halsbandet i seg sjølv verke stressande for hunden, sjølv om det ikkje er slått på.
Bjeffing er heilt naturleg åtferd for ein hund. Å hindre bjeffing utan å ta tak i årsaka til at hunden faktisk bjeffar, vil skape meir stress hos hunden.
👉 Finn heller årsaka til at hunden din bjeffar. Har du ikkje kompetansen til det sjølv, kan du søke profesjonell hjelp hos nokon som har det.