17/08/2026
Helseangst – når jakta på tryggleik skaper meir uro 🫀💭
Kanskje kjenner du det igjen?
Du kjenner eit lite stikk i brystet. Eit press som ikkje pleier å vere der. Hjartet slår litt annleis enn vanleg. ❤️🩹
Og nesten før du har rukke å tenkje deg om, kjem tanken:
«Kva om det er noko alvorleg?» 💭
Det er eigentleg ikkje så rart. Vi er laga for å reagere på fare. Angst er kroppen si varsellampe 🚨 – og litt helseangst er både normalt og nyttig. Ho kan få oss til å ta symptom på alvor, oppsøkje lege når vi bør 🩺, og ta vare på helsa vår.
Men nokre gonger blir varsellampa litt for følsam.⚠️
Det som starta med eit lite signal frå kroppen, tek plutseleg mykje plass. Du kjenner etter ein gong til. Googlar kanskje symptomet 📱. Spør nokon kva dei tenkjer. Bestiller ein legetime.
Og når du får høyre at det truleg ikkje er noko farleg, kjem lettelsen. Heldigvis.😮💨
Men så kjenner du kanskje noko nytt.
Eller tanken kjem snikande: «Tenk om dei har oversett noko?»💭
Og så er du i gang igjen.🔄
Det er noko av det krevjande med helseangst: Det vi gjer for å kjenne oss trygge, kan vere det som held uroa i gang.
For jo meir vi følgjer med på kroppen 👀, desto meir oppdagar vi. Kroppen er full av lydar, stikkingar, spenningar, ekstraslag og andre små variasjonar som kjem og går gjennom ein heilt vanleg dag.
Og når vi blir redde, skjer det endå meir.
Pulsen aukar. Pusten endrar seg. Musklane spenner seg. Vi kan bli svimle, varme, kvalme eller kjenne hjartebank.❤️🔥
Så står vi der med endå fleire kroppssignal å tolke.
Slik kan helseangsten lage sin eigen sirkel:
Eg kjenner noko → eg blir redd → eg følgjer meir med → eg kjenner endå meir → eg blir endå reddare. 🔄
Det vanskelege er kanskje at helseangst ofte handlar om noko vi alle må forhalde oss til: Vi kan aldri bli heilt sikre. 🎲
Ingen kan få ein garanti for aldri å bli sjuk. Ingen kan undersøkje seg fram til 100 prosent tryggleik om framtida.
Difor handlar det å jobbe med helseangst ikkje om å slutte å ta kroppen på alvor. Det handlar om å øve på å leve med den vesle usikkerheita som alltid vil vere der. 🌿
Å kjenne eit symptom utan straks å måtte finne forklaringa.
Å la vere å google ein gong til. 📵
Å kjenne uro utan å måtte få nokon til å ta ho bort.
Små steg – men ofte viktige steg. 🌱
🌿 Dersom uro for eiga helse tek mykje plass i kvardagen, fører til mykje grubling og sjekking, eller gjer at du unngår ting du eigentleg ønskjer å gjere, kan det vere nyttig å få hjelp til å bryte sirkelen.
I Rask psykisk helsehjelp kan du få hjelp til å forstå kva som held helseangsten ved like – og øve på nye måtar å møte både tankane, uroa og kroppssignala på.
👉 Du treng ikkje tilvising frå lege. Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på om dette kan vere noko for deg.