Seljord kommune

Seljord kommune Velkomen til Seljord kommune. Her kjem informasjon om stort og smått som skjer i Seljord. Velkomen til Seljord kommune si Facebookside!

Vi ynskjer at innbyggjarar og alle andre med hjarte for Seljord legg inn spørsmål, kommentarar og innlegg. Her vil me gi deg informasjon om tenester, tips om aktivitetar, dele nyheitar om Seljord og gi deg eit innblikk i politiske prosessar. Du finn svar på dei fleste spørsmål på heimesida www.seljord.kommune.no. Enkle spørsmål kan me svare på her, men elles må du ta kontakt med kommunen direkte.

Kontaktinformasjon finn du på heimesida eller ring 35 06 51 00. Sida skal vere til nytte for deg som innbyggar i Seljord kommune. Og me vil gjerne ha engasjement, tilbakemeldingar og dialog, men me ber deg tenke gjennom kva du skriv. Nokre kommentarar blir fjerna dersom dei inneheld:

• Hatefulle ytringar og diskriminering
• Ytringer som er fornærmande, ærekrenkande, uanstendige eller pornografiske
• Personangrep, trusler, sjikane eller hakking
• Ufint språk
• Oppfordringar til bruk av fysisk makt
• Gjentakande ytring av konspirasjonsteorier, falske nyheitar eller feilinformasjon
• Spam, eigenreklame eller gjentakande posting av lenker og annet irrelevant innhold
• Brudd på opphavsretten eller innlegg som er i strid med rettigheter til en tredjepart
• Innlegg med sensitive personopplysninger

Me følger med så godt me kan, men nokon gonger kan det glippe.
_______________________________________________________________________
ALT DU GJER OPE PÅ FACEBOOK KAN BRUKAST AV ANDRE

Det er viktig at du vernar om dine personlege opplysningar og hugsar på personvernforordningen (GDPR). Når du følger, likar eller kommenterar på ei Facebook-side, får Facebook tilgang til og kan bruke dei opplysningane og spor som du legg att. Facebook sine retningslinjer og personvernerklæring
Ifølge Facebooks retningslinjer betyr innstillinga «offentleg», at du gir alle tilgang til å bruke den aktuelle informasjonen og knytte den til deg. I Facebook sin personvernerklæring står det «at offentleg informasjon er tilgjengelig for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.» Det vil sei at dei spørsmål du stiller og det du kommenterer på for eksempel Seljord kommune si Facebook-side, kan lesast og brukast av andre.

28/05/2026
Har du lyst til å spela eit instrument, være med i band, korps eller kanskje du er nysgjerrig på teater? Søk innan 1. ju...
28/05/2026

Har du lyst til å spela eit instrument, være med i band, korps eller kanskje du er nysgjerrig på teater? Søk innan 1. juni.

Sommaren nærmar seg og det er godt å endeleg kjenne sola varme. Berre hugs å beskytt deg samtidig. Følg kreftforeninga s...
22/05/2026

Sommaren nærmar seg og det er godt å endeleg kjenne sola varme. Berre hugs å beskytt deg samtidig.
Følg kreftforeninga sine solsmarte råd. God sommar!

🌺 Nynorskdagen 12. mai! 🌺Skriv ei kortnovelle og blir med i konkurransen. Frist 22. mai 🤩Seljord bibliotek
12/05/2026

🌺 Nynorskdagen 12. mai! 🌺Skriv ei kortnovelle og blir med i konkurransen. Frist 22. mai 🤩
Seljord bibliotek

🏵️ Bli med på SKRIVEKONKURRANSE! 🏆Send inn di kortnovelle på messenger eller til [email protected] Frist 22. mai 🌸Gratulerer med nynorskdagen! 🤩
NynorsksenteretSeljord kommuneGranvin kulturhusTelemark fylkesbibliotekKva skjer i Seljord

11/05/2026

Varsel om nattarbeid og vassavstenging – spyling av leidningsnett

Teknisk etat informerer om at det skal gjennomførast spyling av det kommunale vassleidningsnettet i perioden 25. mai kvelden til morgon 28. mai, kvar natt mellom kl. 22.00 og 06.00.

I dette tidsrommet vil vatnet vere avstengt, og det kan etterpå kome brunt vatn eller luft i leidningane. Me tilrår at du tappar vatn frå ein utvendig kran etterpå, til vatnet er klart igjen.

Me beklagar dei ulempene dette kan medføre og takkar for forståinga.

Adresse

Brøløsvegen 13 A
Seljord
3840

Åpningstider

Mandag 07:45 - 15:00
Tirsdag 07:45 - 15:00
Onsdag 07:45 - 15:00
Torsdag 07:45 - 15:00
Fredag 07:45 - 15:00

Telefon

+4735065100

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Seljord kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Seljord kommune:

Del