29/05/2026
Desse ungdomane skal gjere oss endå betre! 🦸♂️
Vi har invitert 15 ungdomar frå heile Rogaland til å meine og dele innspel. Om oss og arbeidet vi gjer, og om samfunnet rundt oss. 🤔
Kvifor?
Fordi ungdom sit med erfaringar og perspektiv som vi vaksne ikkje alltid ser. Når vi lyttar til dei, tek vi betre avgjerder og får eit breiare grunnlag for arbeidet vårt.
På det første møtet var vi innom viktige tema som skulefråvær, psykisk helse, rusførebygging, beredskap, miljø og økologisk matproduksjon.
Takk for gode innspel, ungdom! 🙌