29/05/2026
Fotballtrøyefredag
I dag har studentar ved HVL sprunge veldedighetsløp til inntekt for Barnekreftforeningen, og på skular og arbeidsplassar rundt om på Stord har elevar og tilsette teke på seg fotballtrøya for å visa støtte. Saman set me søkjelys på forsking på barnekreft og på dei barna og familiane som står i sin livs tøffaste kamp.
Slike dagar minner oss om kva fellesskap betyr i praksis. Når me stiller opp for kvarandre, samlar inn pengar til viktig forsking og viser omsorg for dei som treng det mest, byggjer me eit varmare og sterkare samfunn. Eit samfunn der me står saman, tek ansvar for kvarandre og sørgjer for at alle får den hjelpa og oppfølginga dei treng.
Difor er satsing på forsking, eit sterkt offentleg helsevesen og gode støtteordningar for familiar så viktig.
Me oppmodar alle som ynskjer å støtte saka til å vippsa eit valfritt beløp til vippsnummer 4422 💛
Barnekreftforeningen