Stord bibliotek

Stord bibliotek Velkomen til Stord bibliotek! Folkebibliotekverksemda i Stord blir driven frå hovudbiblioteket i Kulturhuset.

Det er dei tilsette på biblioteket som er redaktørar, og me vil svara på spørsmål her på Facebook så ofte me kan. Me gjer merksam på at har du spørsmål som gjeld sakshandsaming, ber me deg senda e-post. Innlegg med krenkande innhald eller som bryt lova vil bli fjerna.

02/07/2026

🎩🎪🐔 Velkommen til høgtlesing på onsdag 8. juli!

🎪 Me les boka "Sirkus Pepperonini & hønsekanonen". I boka møter me Pål frå songen «Pål sine høner». Han har blitt sirkusdirektør. I sirkus Pepperonini blir ikkje ting gjort på vanleg måte. Her er det nemleg hønene som gjer alt! Ja, dei set opp sirkusteltet, sel popkorn, syr kostyme og utfører halsbrekkande kunstar i manesjen!

🐔 Etter opplesinga får me besøk av høner.

👶 Alder: Passar best for 4–9 år.

🔗 Reserver gratisbillettar her: stord.kulturhus.no/sommerbok-is-yf5t3qe

⚽️🏆🌼 Velkommen til høgtlesing og papirblomeverkstad på onsdag 1. juli!Ta med barna på biblioteket, få gratis is og bli m...
23/06/2026

⚽️🏆🌼 Velkommen til høgtlesing og papirblomeverkstad på onsdag 1. juli!

Ta med barna på biblioteket, få gratis is og bli med på ekte fotballmoro! Me les den superaktuelle VM-boka «Sallys pappa får fotballfeber» – om kva som skjer når pappa blir heilt sprø etter fotball og trur han er verdas beste trenar!

🌸✂️ Etterpå blir det papirblomeverkstad der barna kan laga sine eigne fargerike blomar – kanskje i fargane til favorittlaget deira?

👶 Alder: Passar best for 4–9 år.
🔗 Reserver gratisbillettar her: stord.kulturhus.no/sommerbok-is-yf5t3qe

🍦💥 Velkommen til is, høgtlesing og teikneverkstad på laurdag! Ta med barna på biblioteket og få gratis is medan me les d...
16/06/2026

🍦💥 Velkommen til is, høgtlesing og teikneverkstad på laurdag! Ta med barna på biblioteket og få gratis is medan me les den morosame boka «Rabalder deler likt» – om kva som skjer når ein må dela alt på millimeteren til ein blir sprø!
📏🦖Etterpå blir det teikneverkstad der barna kan fargeleggja sprøe monstre og kaker. 🎨🎂
👶 Alder: Passar best for 4–8 år.
🔗https://stord.kulturhus.no/sommerbok-is-yf5t3qe/

Tre ting me ropar hurra for:🥳 Dørene våre er opne att, og "meirope" fungerer heldigvis òg. Hurra!🥳 Me starta veka med kj...
02/06/2026

Tre ting me ropar hurra for:

🥳 Dørene våre er opne att, og "meirope" fungerer heldigvis òg. Hurra!

🥳 Me starta veka med kjekt besøk frå kulturskulen med musikkleik for dei yngste, og i dag har me arbeidd til vakker song frå foajeen. Følg med på Stord Kulturskule sitt program denne veka i høve 50-årsjubileet. Hurra og gratulerer!

🥳 Sommarles er i gang, og laurdag er det Sommarlesfest, arrangert av vår eigen Lesedigg-klubb. Forfattar Tor Arve Røssland kjem, klubb-barna deler lesetips, og så er det gratis kake, is og saft. Hurra og velkomne!

Berre to bibliotekarar som pausar sjauinga for å nyta det nye fine taket 😇 No slepp me å dela ut lommelykter til hausten...
29/05/2026

Berre to bibliotekarar som pausar sjauinga for å nyta det nye fine taket 😇 No slepp me å dela ut lommelykter til hausten!

Neste veke kan de koma tilbake på biblioteket, og det gler me oss veldig til. Ta med deg solbrillene du òg, neidå, jodå 😎

28/05/2026

Vil du hjelpa barnet ditt med å halda oppe lesegleda i sommar? ☀️📚 Skulebibliotekaren vår, Ingelin, er superklar for å sparka i gang årets Sommarles! Sjekk ut videoen der ho viser korleis de blir med på årets kjekkaste lesekampanje 🎬👇 Gå inn på ://sommerles.no/snart allereie no og gjer klart for å starta neste veke. Bli med!

Tekst frå video:
Hei du! Ja, DU! Er du klar for sommarles 2026? Frå 1. juni til 31. august kan alle på 1.–7. trinn vere med på sommarens kulaste leseeventyr på www.sommarles.no. Sommarles er som ein lesekampanje på nett, der du les, samlar poeng og låser opp premiar heile sommaren. For å vere med, må du få ein vaksen heime til å hjelpe deg med å lage konto første gongen.

Nytt i år
No registrerer du tida du les – ikkje berre kor mange sider. Det betyr at sommarles passar endå betre for alle. For vi les ulikt. Nokon les fort, andre les litt saktare. Nokon lyttar til lydbok, nokon les sjølve, og nokon blir lesne for. Det viktigaste er ikkje kor fort, korleis eller kva du les – men at du les! Les, lytt, samle poeng, levle opp og hent premiar på biblioteket på Leirvik. Vi gler oss til å sjå deg i sommar. Er du med?

Kjære bibliotekbrukar!👋 Har du nokre minutt til å svara på denne undersøkinga?Veldig spanande for oss mellom anna fordi:...
19/05/2026

Kjære bibliotekbrukar!👋 Har du nokre minutt til å svara på denne undersøkinga?

Veldig spanande for oss mellom anna fordi:
✅ me får viktige tilbakemeldingar frå dykk
✅ me er eitt av ti pilotbibliotek i utviklinga av undersøkinga
✅ me kan samanlikna dataane med andre bibliotek 🤓

Skann QR-koda eller gå til spørjeundersøkinga ved å klikke på linken her: https://nettskjema.no/a/627625 #/page/1

🚗💨 Biblioteket er på farten!Formidling for dei minste tek ikkje pause sjølv om biblioteket er stengt.På panseret ligg ko...
18/05/2026

🚗💨 Biblioteket er på farten!
Formidling for dei minste tek ikkje pause sjølv om biblioteket er stengt.
På panseret ligg kosedyr, tre fine bøker – og ei heilt nødvendig potte 🐻📚
I dag og i morgon går turen til barnehagane i Sagvåg.
Me gler oss til å lesa og le saman med 2–3-åringane!

📚Fulle hyller! Pass på å henta utanfor biblioteket*, kvardagar kl. 9-15 (10.30-15 måndag). Kontakt oss om du ikkje får h...
08/05/2026

📚Fulle hyller!

Pass på å henta utanfor biblioteket*, kvardagar kl. 9-15 (10.30-15 måndag).

Kontakt oss om du ikkje får henta innanfor dette tidsrommet, så legg me boka di i kiosken.

Det som ikkje er henta innan ei veke, blir i hovudsak innlevert att. Men vakne følgjarar vil merka seg at her står framleis bøker med hentefrist 5. mai. Litt slingringsmonn må det vera, når de er blitt vist ut på gangen utanfor biblioteket.

Hugs å sjå på hentemeldinga di – der finn du hentekoden!

*Biblioteket er stengt i høve takrenovasjon,

Adresse

Hamnegata 1
Stord Island
5411

Åpningstider

Mandag 11:00 - 15:00
Tirsdag 11:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 10:00 - 16:00
Fredag 10:00 - 16:00

Telefon

+4748213206

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stord bibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stord bibliotek:

Snarveier

Del