Visit Sunnhordland

Visit Sunnhordland Official travel guide in Sunnhordland - just a short boat trip from Bergen. Tagg us in your photos! Velkommen til Sunnhordland! Welcome to Sunnhordland!

Experience wild coast, beautiful fjords, high mountains and preserved glaciers in our region. Me vil gi deg inspirasjon og informasjon om kva du kan gjere i Sunnhordlands regionen. Sunnhordland strekk seg frå steinrike ute i havet til fjordar med bratte fjellsider inn til eit fruktbart innland. Her i Sunnhordland kan du gå breen på evig snø, bada i havet, fiska sei i fjorden - alt på ein dag. EN:

Sunnhordland stretches from the rocky islands out in the sea to fjords with steep mountain sides and a fruitful inland. Folgefonna - Norway´s third largest glacier is the icing on the cake. Here in Sunnhordland you can ski on eternal snow, swim in the sea, fish pollock in the fjord - everything in one day. DE: Sunnhordland erstreckt sich von den kahlen Inseln draußen im Meer bis zu den Fjorden, die von steilen Felswänden und eigem fruchtbaren Inland umgeben sind. Der Folgefonna - Norwegens drittgrößter Gletscher, ist die absolute Krönung dieser Landschaft. Hier in Sunnhordland können Sie im ewigen Schnee Ski laufen, im Meer baden, Seelachs im Fjord angeln, und das alles an einem Tag! Herzlich willkommen in Sunnhordland!

04/08/2026

Siste veka med sommarope i Gruvene på Litlabø!⛏️

Regnet har visst tenkt å bli verande litt til… Då passar det kanskje perfekt med ein tur under jorda.

Bli med gruvetoget inn i fjellet, høyr historia om gruvesamfunnet på Litlabø og opplev korleis kvardagen var for dei som levde og arbeidde her. Etter omvisinga kan du ta ein kaffi og noko godt i kaféen – og utforske området rundt.

Bonus: Det er 3–6 grader i gruva året rundt. Så hugs ein genser – sjølv om det er sommar. 😉

Perfekt for ein regntung feriedag – og kanskje siste utflukta før kvardagen og skulestarten er tilbake.

📅 Sommarope varer til 9. august.

☀️ Midt i sommarferien kjem… ein artikkel om hausten. 🍂Nei, me har ikkje mista kalenderen. 😅 Men på Vestlandet veit me a...
24/07/2026

☀️ Midt i sommarferien kjem… ein artikkel om hausten. 🍂
Nei, me har ikkje mista kalenderen. 😅 Men på Vestlandet veit me at det aldri er feil å ha ein plan for regnvêrsdagane.

Difor har me samla dei beste haustaktivitetane for heile familien – for ja, før eller sidan kjem dei dagane der paraplyen får meir luft enn solkremen.

💦 Eit lite tips før du legg ut: Klatring og jettegrytene ventar best til det har tørka opp. Når sola kjem tilbake, er dei opplevingar du absolutt bør få med deg.

Fram til då? Finn inspirasjon til alt frå museum og kaféar til badstove, lokalmat og andre kjekke opplevingar som passar perfekt når regnet trommar på ruta.

🍁 Lagre gjerne artikkelen no – framtids-du kjem til å takke deg.

👇 Les meir:

Er du klar for å skape nye haustminner i Sunnhordland? Her har vi samla 11 familievenlege aktivitetar som gjer hausten full av eventyr.

🎉 Festivalhelga er i full gang på Halsnøy!Sæbøvik er fylt med folk, musikk og god stemning når Sæbøvikfestivalen går for...
17/07/2026

🎉 Festivalhelga er i full gang på Halsnøy!

Sæbøvik er fylt med folk, musikk og god stemning når Sæbøvikfestivalen går for fullt. Her er det liv i sentrum frå morgon til kveld, med aktivitetar for heile familien, god mat frå havet, konsertar, dans og møte mellom gamle og nye kjende.

Har du enno ikkje teke turen? Det er framleis mykje att av festivalhelga. Ta med familie eller vener og opplev den gode stemninga som har gjort Sæbøvikfestivalen til ein sommartradisjon for så mange.

📍 Sæbøvik, Halsnøy
📅 Festivalen varer ut laurdag 18. juli.

👉 Sjå programmet og finn det som passar for deg i arrangementskalenderen vår.

Sæbøvik Hamn
SPAR Sæbøvik

https://www.fjordnorway.com/no/arrangementer/sobaevik-festivalen-15-18-juli

Opplev musikksommaren i Austevoll, to helger du ikkje vil gå glipp av.Musikksommaren startar med ei sterk opning i Bekkj...
15/07/2026

Opplev musikksommaren i Austevoll, to helger du ikkje vil gå glipp av.

Musikksommaren startar med ei sterk opning i Bekkjarvik Gjestehamn, der Eva Weel Skram og Daniel Kvammen står på scena.

https://www.fjordnorway.com/no/arrangementer/sommerkonserten-i-bekkjarvik

Dagen etter ventar Sommarfest på Olaskjeret, med The Flying Dancing Kings og god festivalstemning.

✨ Helga etter skjer noko heilt nytt!

For første gong blir Palepop 2026❗ arrangert – ein heilt ny festival som tek i bruk både Møkster og Stolmen. På dagtid kan du oppleve konsertar og aktivitetar på Møkster, før festivalen flyttar seg til Stangeland Gard på Stolmen for dei store kveldskonsertane. Med skyssbåtar mellom øyane blir sjølve reisa ein del av festivalopplevinga.

Palepop er meir enn ein konsertarena, det er ein festival som kombinerer musikk, øyliv og kystkultur på ein måte du knapt finn andre stader.

Så enten du planlegg ei helg eller to, Austevoll har sommarmusikken for deg! 🎵

📸 Stangeland Gard ved Tom Haga
📸 Henriette Lien for Visit Sunnhordland

11/07/2026

Frå bre til kyst – heile Sunnhordland ror for Noreg! 🚣❤️

For eit fantastisk engasjement de har vist dei siste dagane! Frå heile regionen har små og store stilt opp med vikinghjelm, landslagsdrakter, flagg og eit smittande humør for å heia fram det norske herrelandslaget i fotball.

Tusen takk til alle kommunar, bedrifter og privatpersonar som har vore med. De har vist kva som skjer når heile Sunnhordland dreg i same retning.

No er det klart for VM-kvartfinale mot England – og me håpar heile regionen blir med og heiar fram Noreg i kveld! 🇳🇴⚽

Heia Noreg! ❤️🤍💙

📸Visit Sunnhordland - Folgefonni Breførarlag, Visit Fitjar, Pippifestivalen, Vestland Media Visningssenter Engesund Fiskeoppdrett

Takk til Oljeberget x Katastrofe og management for løyve til å bruke «Vikingblod» i denne filmen

Sveio kommune
Stord kommune
Fitjar kommune
Austevoll kommune
Bømlo kommune
Etne Kommune
Tysnes kommune
Kvinnherad kommune
Tysnesfest
Region Sunnhordland
Sunnhordland Unesco Global Geopark
Moster Amfi

No brakar det snart laus! 🎶☀️Allereie onsdag startar Tysnesfest 2026 – fire dagar med konsertar, festivalstemning og som...
07/07/2026

No brakar det snart laus! 🎶☀️

Allereie onsdag startar Tysnesfest 2026 – fire dagar med konsertar, festivalstemning og sommaropplevingar på vakre Tysnes.

Med gode vêrutsikter, artistar i toppklasse, konsert på Tysnessåta med Odd Nordstoga, aktivitetar på sjøen og gode matopplevingar ligg alt til rette for ei fantastisk festivalhelg.

Bur du i Sunnhordland – eller er du på jakt etter den perfekte sommarhelga? Då er Tysnesfest vel verdt turen.

Kven tek du med deg? 🎉

Tysnesfest
Visit Norway
Fjord Norway
Mandelhuset

📸Martin Litwicki , Marie Gade Lundlie, Tysnesfest

03/07/2026

Dette er ikkje eit vanleg reiselivsinnlegg , men kanskje eit av dei viktigaste me deler i sommar.🚗🚙

Ta deg eit lite minutt til å sjå denne korte filmen med enkle råd for trygg køyring på norske vegar. Saman kan me bidra til ei tryggare ferie – både for gjester og dei som bur her.

🇬🇧 English

This isn't your typical travel post , but it might be one of the most important ones we share this summer.🚗🚙

Take a minute to watch this short video with simple tips for staying safe on Norwegian roads. Together, we can help make the holiday season safer for both visitors and locals.

🇩🇪 Deutsch

Dies ist kein gewöhnlicher Reisebeitrag , aber vielleicht einer der wichtigsten, die wir in diesem Sommer teilen.

Nehmen Sie sich einen Moment Zeit und sehen Sie sich dieses kurze Video mit einfachen Tipps für sicheres Fahren auf Norwegens Straßen an. Gemeinsam können wir dazu beitragen, den Urlaub für Gäste und Einheimische sicherer zu machen.

Vestland fylkeskommune
Fjord Norway
Visit Norway
Stord kommune, Sveio kommune, Bømlo kommune, Austevoll kommune, Kvinnherad kommune, Fitjar kommune, Etne Kommune, Tysnes kommune

Ein stad for lange sommarkveldar. ☀️🎶På Stangeland Gård er det alltid ein grunn til å samle dei du er glad i. Kanskje bl...
26/06/2026

Ein stad for lange sommarkveldar. ☀️🎶

På Stangeland Gård er det alltid ein grunn til å samle dei du er glad i. Kanskje blir det ei natt i ei av glampinghyttene, ei feiring rundt langbordet eller berre nokre timar der god mat, vakre omgjevnader og godt selskap får vere det viktigaste.

24.–25. juli blir garden fylt med musikk når PalePop Festival inviterer til to sommarkveldar med konsertar, mat og god stemning. Ei perfekt anledning til å oppleve garden på sitt mest levande – og kanskje gjere festivalhelga komplett med ei overnatting.
Artistar som skal spele er Nico & Vinz, SKAAR, Kristi Brud , John Olav Nilsen &, og mnage mange fleire.

Stangeland Gård er ein stad du kjem til for ein oppleving, men ofte reiser frå med lyst til å kome tilbake.

📍 Stangeland Gård, Austevoll
📅 PalePop Festival – 24.–25. juli

📸 Tom Haga

☀️ Legg inn eit stopp på Sunnhordlandstunet i sommar.Midt i den vakre Vidsteenparken på Stord ventar ei oppleving for bå...
25/06/2026

☀️ Legg inn eit stopp på Sunnhordlandstunet i sommar.

Midt i den vakre Vidsteenparken på Stord ventar ei oppleving for både store og små. 🌿

Ta turen innom og:
✨ Opplev spennande utstillingar om historia og kulturen i Sunnhordland

🏘️ Vandre mellom historiske bygningar frå heile regionen

🧩 Test samarbeidsevna i det populære Sunnhordland Escape, der de må løyse gåter for å redde Margaret Larsdotter frå heksebålet

🌳 Nyt ein roleg tur i den flotte parken – perfekt for ei lita pause i sommardagen.

☀️ Sommarsesongen 2026 varer frå 19. juni til 16. august, med ope museum og aktivitetar gjennom sommaren. Museumet er ope tysdag–fredag kl. 11.00–16.00, medan escaperoom kan bookast på førespurnad.

Kven tek du med deg på museumstur ,eller utfordrar til ein runde i escaperoom? 👇

Fjord Norway
Visit Norway

Visste du at eitt av Noregs eldste kloster ligg på Halsnøy?Halsnøy kloster vart grunnlagt i 1163 og har vore ein viktig ...
22/06/2026

Visste du at eitt av Noregs eldste kloster ligg på Halsnøy?

Halsnøy kloster vart grunnlagt i 1163 og har vore ein viktig møteplass i over 850 år. Her kan du rusle mellom dei gamle steinmurane, bli med på omvising og høyre forteljingar om munkeliv, makt, kvardagsliv og menneska som har sett spor etter seg gjennom hundreåra.

Klosteret er ein del av Sunnhordland Museum og held ope gjennom sommaren med kunnskapsrike guidar som gjerne deler historia med deg.

Enten du er historieinteressert, på dagstur i regionen eller berre har lyst til å oppleve ein stad med heilt spesiell atmosfære, er Halsnøy kloster vel verdt eit besøk.

🕒 Sommarope 19. juni–9. august 2026
Tirsdag - Søndag kl. 11.00–16.00

📍 Halsnøy Kloster

📸 Visit Sunnhordland og Hilde Eide Helland

Visit Norway Fjord Norway

Adresse

Vabakkjen 6
Stord Island
5414

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Visit Sunnhordland legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Visit Sunnhordland:

Snarveier

Del