19/06/2026
Når vidaregåande er fullført, og det er meir enn lett å gi honnør til både lærarar og elevar. Når rektor hardnakka hevdar at det umoglege er mogleg. Når ordføraren sender ungdommen ut på eventyr, men samstundes ber dei vende heim att til bygda. Når russepresidenten forsikrar alle om at dette ikkje berre er ein slutt, men òg ein start.
Når bilete og gode ord er leverte, avdelingsleiaren har sunge og spela, «Cash Is King» har dura gjennom høgtalarane, maten er fortært, og alle kjensler har vore i sving – då har dei eminente programleiarane gjort jobben sin og leia oss trygt inn i sommarferien.
Gratulerer til årets avgangselevar, og god sommar!
Takk til føresette for samarbeidet 🌿🌼🌿