25/03/2026
Har du hørt om Papagenoprisen? Det er en pris som fremmer livsglede, håp og mestring, og du kan nominere noe som har betydd mye for deg.
Har du lest ei sak, høyrd ein podkast, sett eit teaterstykke, standup-show eller vore på ei kunstutstilling som gjorde ein forskjell for deg eller nokon du er glad i? No vil vi i RVTS og LEVE at du skal nominere kandidatar til Papagenoprisen!
Papagenoprisen er ein nasjonal medie- og formidlingspris som skal løfte fram ansvarleg og etisk formidling om sjølvmord og livskriser.
– Dette er ikkje ein pris for glansbilete, men for fortellingar som gir håp utan å forenkle, fortel Julie Andreassen, rådgivar ved RVTS Vest og koordinator for arbeidsgruppa som arbeider med etableringa av Papagenoprisen i Noreg.
- Måten livskriser og sjølvmord blir omtala på, påverkar korleis vi forstår dei – og korleis vi snakkar om dei med kvarandre, seier Nina Danielsen, fagansvarleg for sjølvmordsførebygging i LEVE.
Ei historie kan:
💚 få nokon til å kjenne seg mindre åleine
💚 vise at kriser kan vere forbigåande
💚 løfte fram støtte, fellesskap og nye moglegheiter
💚 styrke motet til å be om hjelp
💚 skape tryggare samtalar i familien, på jobb og i vennegjengen
No er det ope for nominasjonar frå heile landet! Har du sett/høyrt/lest noko som du meiner fortener ein pris, oppmodar Nina og Julie deg til å nominere!
Lenker i kommentarfelt 💚