Vestnes kommune

Vestnes kommune Velkommen til Vestnes kommune sin offisielle Facebook-side. For formelle førespurnader, bruk e-post: [email protected]

Endring i TT-ordninga frå og med i dag!Frå 1. juni overtek Møre og Romsdal fylkeskommune ansvaret for TT-kort. Det betyr...
01/06/2026

Endring i TT-ordninga frå og med i dag!

Frå 1. juni overtek Møre og Romsdal fylkeskommune ansvaret for TT-kort. Det betyr at informasjon, oppfølging, brukargodkjenning og meir ikkje lenger blir handtert av oss, men av fylkeskommunen.

➡️ Har du allereie TT-kort, blir du ikkje påverka av endringa.
➡️ For nye søknader må du sende inn søknad/legeerklæring direkte til Møre og Romsdal fylkeskommune.
➡️ Har du sendt søknad om TT-kort nyleg, vidaresender vi denne til fylkeskommunen, slik at du ikkje treng å gjere noko.

Les meir om endringa via lenkja i kommentarfeltet. 👇

FotballtrøyeFredag! ⚽️I dag stilte vi sporty på jobb for å vise støtte til kampen mot barnekreft. 🎗️ Ei viktig sak å sti...
29/05/2026

FotballtrøyeFredag! ⚽️

I dag stilte vi sporty på jobb for å vise støtte til kampen mot barnekreft. 🎗️ Ei viktig sak å stille opp for! 💛

Det er fremja forslag om endring av reguleringsplan for RV1 Remmem Indre Vestnes kyrkje. Endringa gjeld omdisponering av...
19/05/2026

Det er fremja forslag om endring av reguleringsplan for RV1 Remmem Indre Vestnes kyrkje. Endringa gjeld omdisponering av felt F1 til bustadføremål og auka utnytting for bustader.

🗓️ Du kan sende inn merknader til planarbeidet innan 09.06.2026.
👇 Sjå høyringsdokument og informasjon om korleis du sender innspel via lenkja under.

I medhald av plan- og bygningslovens §12-14 kunngjerast det at Ingeniør Jostein Bø på vegner av Sigrid Lindheim søker om endring av reguleringsplan for 0072 RV1 Remmem Indre Vestnes kyrkje etter forenkla prosess.

📢 Høyring: Urdelva kraftverkNVE har motteke ein revidert søknad om bygging av Urdelva kraftverk i Vestnes kommune. Den n...
18/05/2026

📢 Høyring: Urdelva kraftverk

NVE har motteke ein revidert søknad om bygging av Urdelva kraftverk i Vestnes kommune. Den nye søknaden inneheld endringar og blir no lagd ut på ny høyring.

Har du innspel til saka? Då kan du sende fråsegn til NVE.

🗓️ Høyringsfristen er 8. juni 2026.
👉 Les meir på nettsidene våre.

Søknad om bygging av Urdelva kraftverk har tidlegare vore på høyring i perioden 29.01.2024–15.03.2024. NVE har no fått ein revidert søknad frå Locus Hydro Prosjekt AS, datert 16.04.2026, med endra planar.

Kjenner du ein ungdom som fortener ei ekstra påskjønning?Vestnes ungdomsråd deler ut tre stipend på 2 500 kroner kvar ti...
15/05/2026

Kjenner du ein ungdom som fortener ei ekstra påskjønning?

Vestnes ungdomsråd deler ut tre stipend på 2 500 kroner kvar til ungdom som har utmerkt seg innan song/musikk, idrett og anna kulturkategori.

👉 Nominer eller søk innan 25. mai

Vestnes ungdomsråd deler ut tre ungdomsstipend på 2 500 kroner kvar.

Lurar du på kva som skjer på 17. mai? 🇧🇻Det blir mykje aktivitet rundt om i bygdene våre, og vi har laga ei oversikt ove...
13/05/2026

Lurar du på kva som skjer på 17. mai? 🇧🇻

Det blir mykje aktivitet rundt om i bygdene våre, og vi har laga ei oversikt over ulike arrangement.

Les meir i lenkja under. 👇

Vi nærmar oss nasjonaldagen, og det er mange flotte arrangement rundt om i bygdene våre.

Vi markerer frigjerings- og veterandagen 8. mai og ønskjer alle velkomne til markering!📍 Kl. 17.00 – Minnemarkering ved ...
03/05/2026

Vi markerer frigjerings- og veterandagen 8. mai og ønskjer alle velkomne til markering!

📍 Kl. 17.00 – Minnemarkering ved bautaen ved Vestnes kyrkje
🔹 Appell ved Ove Lungård, KFOR-veteran og områdesersjant i HV
🔹 Kransenedlegging
🔹 Musikkinnslag ved elevar frå Vestnes kulturskule

📍 Kl. 17.30 – Vestnes bibliotek
🔹 Innleiing ved biblioteksjef Vigdis Ødegård
🔹 Velkomsthelsing ved ordførar Randi Bergundhaugen
🔹 Foredrag: «Andre verdskrigen i Romsdal og Vestnes» ved Morten Øveraas
🔹 Fotoutstilling
🔹 Filmvising: «Stemmen fra London»
🔹 Sosialt samvær med kaffi og kaker

Vil du vere med og bidra til gode politiske prosessar i Vestnes kommune?Vi søkjer politisk sekretær i inntil 80 % vikari...
30/04/2026

Vil du vere med og bidra til gode politiske prosessar i Vestnes kommune?

Vi søkjer politisk sekretær i inntil 80 % vikariat ut 2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga gir ei sentral rolle i kommunen sine politiske prosessar, med variert arbeid og tett samarbeid med organisasjonen, ordførar og politiske organ.

Les meir og søk her. 👇

Vestnes kommune Sentraladministrasjon

Vi søkjer fastlege til nyoppretta fastlegeheimel ved Vestnes legesenter!Hos oss blir du ein del av eit legesenter med go...
22/04/2026

Vi søkjer fastlege til nyoppretta fastlegeheimel ved Vestnes legesenter!

Hos oss blir du ein del av eit legesenter med godt fagmiljø, moderne fasilitetar og trygge rammer.

Les meir og søk her. 👇

Vestnes kommune Vestnes legesenter

📣 Gult farevarsel – skogbrannfareDet er auka fare for skogbrann. Vi oppmodar alle til å vere ekstra varsame, og minner s...
21/04/2026

📣 Gult farevarsel – skogbrannfare
Det er auka fare for skogbrann. Vi oppmodar alle til å vere ekstra varsame, og minner samstundes om pågåande bålforbod fram til 15. september.

➡️ Les meir i lenkja under.

Bruk varslene, datagrunnlaget og kartene på eget ansvar. Det kan forekomme feil og mangler. Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Tilpass egen risiko i utsatte områder ved å velge hvor, når og hvordan du ferdes. Varslene er regionale og basert på tilgjengeli...

Adresse

Brugata 10
Vestnes
6390

Åpningstider

Mandag 12:00 - 14:00
Tirsdag 12:00 - 14:00
Onsdag 12:00 - 14:00
Torsdag 12:00 - 14:00
Fredag 12:00 - 14:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vestnes kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vestnes kommune:

Del