Time bibliotek

Time bibliotek Time bibliotek - ein oase for kunnskap og oppleving. Biblioteksjef Anne Tjørhom Frick administrerer denne sida.

Batman og Kaninmann vil minna deg om å stikka innom og henta registreringsskjemaet til Sommarles for vaksne! Les dei nom...
24/07/2026

Batman og Kaninmann vil minna deg om å stikka innom og henta registreringsskjemaet til Sommarles for vaksne! Les dei nominerte bøkene til Bibliotekets litteraturpris 2026 og bli med i trekninga av mange flotte premiar, sponsa av Hotell Jæren, Topp til tå velvære , Storstova , Ogna Scene - Kulturståvå i Grønefed, Standup Stavanger , Lucky Bowl Bryne Hulda kafé, , Norli Bryne og Nasjonalt Garborgsenter! Særs gode vinnersjansar! Frist 15. oktober!

Batman, Superman og Kaninmann har tatt en pause frå å redda verda for å informere dykk om at me har Sommarles for vaksne...
10/07/2026

Batman, Superman og Kaninmann har tatt en pause frå å redda verda for å informere dykk om at me har Sommarles for vaksne òg! Les dei nominerte bøkene til Bibliotekets litteraturpris 2026 , så er du med i trekninga av premiar som er så flotte at sjølv Darkseid, Brainiac og Doomsday hadde blitt glad! Vinnersjansene er særs gode! Lesekonkurransen varer heilt fram til 15. oktober så tid er det nok av! Kom innom for meir informasjon og for å hente registreringsskjemaet! Me sender ein stor takk til Hotell Jæren, Topp til tå velvære, Storstova , Ogna Scene - Kulturståvå i Grønefed , Standup Stavanger, Norli Bryne , Lucky Bowl Bryne, Hulda kafé og Nasjonalt Garborgsenter for sponsing av flotte premiar!❤️

📸Garborgsenteret

Viktig melding! Biblioteket er IKKJE bemanna på laurdagar i juli. Hugs lånekort viss du skal innom for å låna. Dei kjekk...
03/07/2026

Viktig melding! Biblioteket er IKKJE bemanna på laurdagar i juli. Hugs lånekort viss du skal innom for å låna. Dei kjekke folka på Nasjonalt Garborgsenter kan hjelpa med mykje, men ikkje utlån eller tinging av materiale.

Elles: ting gjerne materiale på timebibliotek.no eller send oss ein epost på [email protected] - så hjelper me på måndagane når me kjem attende.

Orsak, me rotar! I den neste perioden vil bøker og hyller flyttast på hjå oss. Me gjer plass til ei «ny» bok som kjem, o...
29/06/2026

Orsak, me rotar! I den neste perioden vil bøker og hyller flyttast på hjå oss. Me gjer plass til ei «ny» bok som kjem, og nytter og høvet til å gjera litt andre endringar óg. Leiter du etter noko, som du visste kor var? Spør oss i skranka om hjelp, send oss ein epost eller ting materialet på heimesida vår.

I 1. omgang er ungdomsavdelinga flytta rundt hjørnet, og DVDane er flytta ned ein etasje.

Sjekk ut programmet til Ranglerock! Det skjer mykje kjekt i samband med dette, både her på huset og rett utanfor! For he...
26/06/2026

Sjekk ut programmet til Ranglerock! Det skjer mykje kjekt i samband med dette, både her på huset og rett utanfor! For heile familien!

Me endrar opningstidene i sommar! Måndag, tysdag, onsdag, og fredag 10-15. Torsdag 10-18. Laurdagane i juni og august: 1...
22/06/2026

Me endrar opningstidene i sommar! Måndag, tysdag, onsdag, og fredag 10-15. Torsdag 10-18. Laurdagane i juni og august: 10-15. Laurdagene i juli er det ikkje bemanning på biblioteket, men Nasjonalt Garborgsenter og Hulda kafé er opne. Dei skal ikkje hjelpa med biblioteksting, så hugs lånekort viss du kjem innom for å låna desse laurdagane.

(Alternativt, bestill det du er på jakt etter frå heimesida vår, så plukker me det når me er på vakt, og du får hentemelding og kan hente i reservasjonshylla ved siden av utlånsautomatane. Du må framleis hugse lånekortet for å låne, men treng då ikkje leite gjennom biblioteket etter det du vil ha.)

04/06/2026

Kjenner du nokon som er kvalifisert til dei forskjellige stipenda kommunen deler ut? Nominer dei!

Adresse

Hetlandsgata 11
Bryne
4344

Åpningstider

Mandag 10:00 - 15:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 18:00
Fredag 10:00 - 15:00
Lørdag 10:00 - 15:00

Telefon

+4751776170

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Time bibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Time bibliotek:

Snarveier

Del