02/06/2026
💪 Då er me i gang!
👷♂️ Ordførar i Time - Andreas Vollsund fekk æra av å stå for den symbolske "fyrste støypen" under markeringa av byggestarten på utvidinga av Kvernaland omsorgssenter i dag.
🔨 – Her bygger me for framtida. Det skal vera godt å verta gamal i Time, og då treng me nok omsorgsbustadar, seier ordføraren.
🏗️ Tilbygget med 27 nye leilegheiter til ein kostnad av 170 millionar kroner skal vera ferdig i august 2027. Les meir på nettsidene våre: https://www.time.kommune.no/aktuelt/markering-av-byggestart-pa-kvernaland-omsorgssenter.29225.aspx