Grønare Kvardag i Gulen kommune

Grønare Kvardag i Gulen kommune Velkomen til Gulen kommunes pilotprosjekt «Miljø- og klimavennlege innbyggjarar», og "Grønare kvardag" - kampanje!

Her finn du miljøvennlege kvardagstips og triks, natur- og klimarelatert informasjon, og lokale miljønyheiter.

Kvar dag blir det omtrent kasta 40.000 bananar frå norske daglegvarebutikkar. 😮🍌🍌🍌🍌🍌🍌Det er berre ein av mange mattypar ...
29/07/2026

Kvar dag blir det omtrent kasta 40.000 bananar frå norske daglegvarebutikkar. 😮🍌🍌🍌🍌🍌🍌Det er berre ein av mange mattypar det blir kasta mykje av i butikkane, kvar einaste dag.

Norske daglegvarebutikkar kastar rundt 65.000 tonn mat årleg. Det er eit stort miljøproblem men også eit stort etisk problem. Den gode nyheita er at du kan bidra til at det blir mindre matsvinn i butikkane. 👏

✅Dei fleste butikkar har hyller med matvarer som nærmar seg utløpsdato, til ein rimelegare penge. Gjer det til ein vane å sjekke han kvar gong du er i butikken. Hugs at mange varer, som tørrvarer, har lengre haldbardato ein det datoen tilseier. Har butikken din ikkje slike hyller med nedprisa mat som går ut på dato, så spør om dei kan få det.

🍌Reidd ein singel banan, dei smaker like godt. Single bananar blir ofte ikkje kjøpte og ender dermed opp som matavfall.

🥛Skal du bruke mjølk til å lage graut i dag, kjøp mjølk med utløpsdato i dag eller i morgon. Mjølkeprodukt held seg ofte også nokre dagar over dato, dersom det blir oppbevart rett. Meieriprodukt som mjølk og fløyte kan også frysast og brukast seinare i supper, sausar og graut.

❄Legg matvarer tilbake der du fann dei om du ombestemmer deg. Feilplasserte varer, som kjølevarer, kan bli fortare dårleg.

🍞«To good to go» er ein av fleire appar der butikkar, restaurantar og bakeri, legg ut overskotsmat som du kan redde for ein billigare penge.

Les meir om berekraftig mat og matsvinn ⬇

Produksjon av mat, her under også transportering, medfører store miljø- og klimabelastningar. Både lokalt og globalt. I tillegg til miljøbelastningar utgjer jordbruket i Noreg 10% av dei totale klimagassutsleppa.

23/07/2026

Visste du at, største kjelde til plastforureining i sjø er fiskeutstyr? 🐟

❗️Plastutstyr står å spøkelsesfiskar, og gjer skade i årevis. Samtidig som det frigir mikroplast som blir teken opp og ete av sjødyr.

✅Ta opp tapt fiskeutstyr eller meld frå om tapt eller funne utstyr i Fritidsfiskeappen. Yrkesfiskarar kan òg melda om tap av reiskap via tenesta FiskInfo (barentswatch.no).

Fritidsfiskeappen finner du her ⬇️
https://www.fiskeridir.no/fritidsfiske/fritidsfiskeappen
Les meir om plast her ➡️ https://gulen.kommune.no/artikkel/plast-

Skal du ut å fiske? Les om reglar for artar, reiskap og ferdsel på sjøen. Meld tapt reiskap og ver med å minske spøkelsesfiske og marin forsøpling.

Det blir litt ferieavvikling no her ved det grøne kontoret i Gulen kommune. 😊Ønsker alle ein riktig fin sommar! 😎🌞🌻🌿🌳🌊🍓🍦...
20/07/2026

Det blir litt ferieavvikling no her ved det grøne kontoret i Gulen kommune. 😊
Ønsker alle ein riktig fin sommar! 😎🌞🌻🌿🌳🌊🍓🍦🌺

Bruk litt av sommaren til å lære om ville artar. 🐦🐝🪲🕷️🌿🌳Ta eit bilete av blomsteren eller bia og legg det inn i Artsdata...
16/07/2026

Bruk litt av sommaren til å lære om ville artar. 🐦🐝🪲🕷️🌿🌳

Ta eit bilete av blomsteren eller bia og legg det inn i Artsdatabankens Artsorakel – og du får opp kva art han trur det er. Her kan du lese litt meir om arten, kva status han har og rapportere funn inn i Artsobservasjoner. Lærerik sommaraktivitet for store og små.

Du finn orakelet her ➡️https://orakel.artsdatabanken.no/

Er du i gang med beredskapsdyrking? Det er ikkje for seint🌱🪴🌱No er det mykje som veks og gror, men i juli kan du framlei...
13/07/2026

Er du i gang med beredskapsdyrking? Det er ikkje for seint🌱🪴🌱

No er det mykje som veks og gror, men i juli kan du framleis så nye matplantar. Sukkererter, spinat, neper, dill, persille, ruccola, brokkoli, ei rekke salatar, reddik og grønkål er berre noko av det du kan så direkte nå. Ikkje minst kan det vere lurt å få nye bærbusker og fruktrær i jorda no, så dei får etablert seg godt i rotsystemet før hausten plutseleg kjem.

Sjekk fleire dyrketips på nettsida ⬇

Den mest berekraftige maten er den du dyrkar sjølv. Rein og kortreist mat kan dyrkast i hagar, på terrassar eller i blomsterpotter. Å vere litt sjølvforsynt med mat er ikkje berre nyttig. Det er mykje glede i å sanke eigenprodusert mat, både for store og små. I prosessen vil mange også opple...

NGIR minner oss om at elektrisk avfall ikkje skal i restavfallet!❗️ Der kan det nemleg føre til brannar og leke miljøska...
08/07/2026

NGIR minner oss om at elektrisk avfall ikkje skal i restavfallet!❗️ Der kan det nemleg føre til brannar og leke miljøskadelege stoff. ⚠️Når vi leverer til gjenvining vil råstoff som kan gjenbrukast også bli utnytta, framfor å bli brende opp med restavfallet. ♻️

✅Batteri, lyspærer og liknande kan leverast i daglegbarebutikkar, der du finn eigne avfallsstasjonar for det inne i butikken, medan annan elektronikk kan leverast i butikkar som Elkøp, Power, Clas Ohlson o.l.

Foto NGIR
https://www.ngir.no/sak/92

Visste du at du kan få tilgang til over 7000 elektroniske aviser og tidsskrift frå heile Noreg og verda i den digitale t...
01/07/2026

Visste du at du kan få tilgang til over 7000 elektroniske aviser og tidsskrift frå heile Noreg og verda i den digitale tenesta til biblioteket – heilt papirlaust og heilt gratis!🤪📚👏

Ved å logge inn på ditt lokale biblioteket kan du få tilgang via nettlesaren til Pressreader. Her finn du alt frå Bergens Tidende, til The Wall Street Journal og interiørmagasin.

Du kan også lese og høyre eventyr på fleire språk i Lesekroken. 📖👨‍👩‍👧👪Logg deg inn med passordet Gulbib. Meir informasjon under digitale tenester på biblioteket ⬇ God leseglede!📗📙

Gulen Folkebibliotek har fire filialar, her finn du oversikt over dei ulike filialane, opningstider og korleis du kan nytte deg av lånetilbodet vårt.

Vi held fram kampen mot framande artar.  💪🌿Har du uønskte artar på eigedommen din? Framandartar med stor risiko for spre...
29/06/2026

Vi held fram kampen mot framande artar. 💪🌿Har du uønskte artar på eigedommen din? Framandartar med stor risiko for spreiing er ein trussel mot norsk natur og det lokale biologiske mangfaldet. Det er artar som ikkje har komme hit naturleg, men som i si tid er importert av menneske, anten medvite eller umedvite. Nokre planteartar er vanskelegare å fjerne enn andre, og nokon spreier seg lett med små plantebitar, frø eller rotskot, men alle plantar kan tappast for energi, slik at dei døyr ut. Les meir om korleis du kan fjerne og få bukt med framandartar på ein mekanisk og langsiktig berekraftig måte, og korleis du kan rapportere inn framandartar. ⬇

‼️Hugs at det ifølge forureiningslova blir rekna som forsøpling å dumpe hageavfall i naturen. Framandartar må handterast forsvarleg for å unngå spreiing.‼️

Har du brysame framande artar på tomta di? Framande artar utgjer ein av dei største truslane mot det biologiske mangfaldet i Noreg. Aggressive framandartar spreier seg lett, så dei naturlege stadstilhøyrande artane døyr ut. Her er nokre tips til korleis du kan få bukt med dei.

Plastproduksjonen i verda aukar og nedbrytinga til mikroplast truar ikkje berre natur, dyreliv på land og i havet, men m...
23/06/2026

Plastproduksjonen i verda aukar og nedbrytinga til mikroplast truar ikkje berre natur, dyreliv på land og i havet, men menneskes helse. Det krevst framleis ein del forsking for å kartlegge den langsiktige effekten, men faktum er at ein no finn mikroplast i dei fleste organa i kroppen. 😦⚠️

Mikroplast er plast som smuldrar opp til ørsmå bitar under 5 millimeter. Av over 16.000 kjemikaliar som blir brukte i plastproduksjon er meir enn 26% skadelege for helse og miljø, og desse står for 29-66% av kjemikaliar funne i plastmateriale. I tillegg er plast kjemikalie-magnetar som held på kjemikaliar dei treffer på sin veg. Det finst ikkje trygge nivå av helseskadelege kjemikaliar, slik ein med dagens reguleringar definerer kor mykje av eit skadeleg stoff noko kan innehalde før det blir definert som farleg, konkluderer NTNU i ein rapport. Vi omgåst nemleg av så mange kjemikaliar dagleg at cocktaileffekten gjer det umogleg å berekne.

FORBRUKARAR MÅ VITE KVA DEI BLIR UTSETTE FOR, skriv NTNU❗️ Gitt alt vi no veit om skadelege kjemikaliar i plast er det spesielt viktig å redusere unødvendig plastbruk i ’kroppsnære’ varer som mat, drikke, kosmetikk og klede. Ei utfordring er at mange produkt inneheld plast utan at vi tenker over det, som t.d. ein del kosmetikk- og pleieprodukt, måling, mjølkekartongar og pappkoppar.

✅Dagens oppmoding er herved å redusere plastbruken i kvardagen din. Beste valet for miljøet, dyrelivet og helsa di! 💚👏

Få fleire tips og fakta på nettsida til kommunen⬇️ https://gulen.kommune.no/artikkel/plast-
Og brosjyre frå NTNU⬇️
https://www.ntnu.no/documents/1342508501/1356136360/Verdens+plastproblem+-+g%C3%A5r+det+p%C3%A5+helsa+l%C3%B8s.pdf

Illustrasjon frå NTNU brosjyren

Forbrukarrådet har testa 33 solkremar på marknaden. ☀️Den viser at dei dyraste ikkje er dei beste og at Svanemerket prod...
17/06/2026

Forbrukarrådet har testa 33 solkremar på marknaden. ☀️Den viser at dei dyraste ikkje er dei beste og at Svanemerket produkt ligg blant dei beste produkta. Fordi dei ikkje inneheld hormonforstyrrande og allergiframkallande stoff, eller miljøproblematiske stoff. 👏

Forbrukarrådet meiner det urovekkande at enkelte produkt inneheld stoff dei meiner det er grunn til å vere varsame med.

Men då er det godt vi har merkeordningar som kan gjere jobben for oss, så vi kan velje trygge miljø- og helsevennlege produkt.💚 Sjå etter Svanemerket, det offisielle nordiske miljømerket, når du skal handle kosmetikk og hudpleie, og andre produkt. Merkeordninga stiller strenge krav til produkt gjennom heile livssyklusen – frå råvareuttak til avfallshandtering – og tek omsyn til både klima, kjemikaliar, sirkulær økonomi og biologisk mangfald.

Les meir om Svanemerkeordningen⬇️
https://svanemerket.no/

I Forbrukerrådets test av 33 solkremer fant vi mange gode kjøp, også blant de rimeligere produktene. Samtidig avslører testen solkremer som ikke holder solfaktoren de lover, og produkter som inneholder mistenkte hormonforstyrrende stoffer.

Adresse

Eivindvikvegen1119
Eivindvik
5966

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Grønare Kvardag i Gulen kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Grønare Kvardag i Gulen kommune:

Snarveier

Del