Førde bibliotek i Sunnfjord

Førde bibliotek i Sunnfjord Førde bibliotek er hovudbiblioteket i Sunnfjord kommune. Biblioteket ligg i Førdehuset. Vi forventar at du viser respekt for andre.

Personvernerklæring for Facebook
Denne personvernerklæringa fortel korleis Sunnfjord kommune samlar inn og brukar personopplysningar frå Facebook. Målet er og gje deg overordna informasjon om behandlinga vår av personopplysningar. Her finn du informasjon om kva personopplysningar vi samlar inn på våre Facebook-sider og oversikt over bruksvilkår som er gjeldande. Vår behandling er i samsvar med P

ersonvernforordningen (GDPR), norsk lov av 15.juni 2018 nr.38 om behandling av personopplysninger (Personopplysningsloven). Ansvarlig part
Sunnfjord kommune er ansvarlig part for den databehandlinga som er kravd for å kunne levere tenesta som er skildra i denne personvernerklæringa. Dette omfattar ikkje databehandling som gjeld såkalte "Site Insights", der vi delar ansvaret med Facebook Ireland Limited ("Facebook"). Husk at bruk av vår side inneberer ytterlegare behandling av personopplysningane dine frå Facebook si side, som ikkje er avgrensa av det som skjer innanfor "Site-Insights". For dette viser vi til personvernerklæringa frå Facebook: https://www.facebook.com/privacy/explanation. Om vår side blir lenka til andre Facebook-sider eller online-innhald gjeld personvernerklæringa til desse tenestene. Du kan kontakte oss på e-post; [email protected] eller Personvernombod i SySIKT: [email protected]
Generell databehandling
Slik kan du samhandle med andre på Facebook-side:
• poste ein kommentar på veggen
• legge inn ein kommentar på ein post
• like ein post
• dele ein post
Ver merksam på at Facebook-sida er offentleg og andre kan sjå all informasjon. Vi kan ikkje kontrollere korleis andre side-brukarar behandlar denne informasjonen. Dei opplysningane som blir lagra om deg er dei opplysningane som du legg att når du opprettar Facebook-konto saman med dei opplysningane du legg att når du besøker Facebook-sida vår. Dette gjeld både samhandlinga di på Facebook-sida vår og statistikk som blir generert av denne aktiviteten. Det er Facebook som handtera sletting av personopplysningar, sjå; https://www.facebook.com/privacy/explanation
Analyse av bruk / Site-Insights
Saman med Facebook kan vi analysere korleis du brukar vår Facebook-side (Site-Insights). Informasjonen som blir kravd av GDPR om behandling av data for Site-Insight finn du i Facebook si personvernerklæring; https://www.facebook.com/privacy/explanation. Innanfor konteksten av Site-Insight vil vi berre motta anonymisert statistikk. Vi har ingen tilgang til personlege opplysningar som blir behandla av Facebook. Endring av denne personvernerklæringa
Denne personvernerklæringa er oppretta dato 01.11.2023
Utvikling av Facebook-sidene våre kan få verknad for måten vi handterar personopplysningar, og dette kan føre til endringar i personvernerklæringa. Bruksvilkår for Facebook-sida vår
Facebook gir deg høve til å samhandle med andre. Du er inneforstått med at innhald posta av brukarar på Facebook-sidene våre ikkje nødvendigvis speglar våre haldningar. Vi kan etter eige skjønn slette innhald som er støytande eller som ikkje stettar norsk lovgjevnad. Sjå kommunen si generelle personvernerklæring for kva rettar du har etter GDPR; (lenke til eiga nettside)

Kva skal du gjere i sommar? Lese, så klart!Måndag byrjar årets festlegaste lesekampanje for born frå 1. - 7. klasse. Reg...
29/05/2026

Kva skal du gjere i sommar? Lese, så klart!

Måndag byrjar årets festlegaste lesekampanje for born frå 1. - 7. klasse. Registrer deg på sommarles.no, les bøker og vinn auka leseferdigheit og andre artige små premiar. Nytt av i år er at du no får poeng for kor lenge du les i staden for antal bøker. Bruk litt av sommarferien på å lese, det er bra for deg 😎☀️📚❤️🤓

Rapport frå skogstur med Naturvernforbundet i Sunnfjord og Førde bibliotek: Det vart ein flott og interessant rusletur, ...
29/05/2026

Rapport frå skogstur med Naturvernforbundet i Sunnfjord og Førde bibliotek: Det vart ein flott og interessant rusletur, ein fin maikveld, på Soleide i Førde. På rundturen, med guide Anne Johanne Schei, såg vi på tre, busker, blomar, urter, mose og lav som vi passerte på vår veg. Det dukka opp spennande plantar både i vegkanten og i blanda furuskog. Vi slo hyppig opp i diverse bøker og app'ar på mobilen for å finne opplysningar om det vi såg. Det vart også plukka litt boss på rundturen. Ein utruleg kjekk og lærerik kveldstur, i hyggeleg selskap!

Det er litt endringar i opningstidene på biblioteket no i mai: Torsd. 14. mai: Stengt. Meirope også stengt. (Kristi himm...
13/05/2026

Det er litt endringar i opningstidene på biblioteket no i mai:

Torsd. 14. mai: Stengt. Meirope også stengt. (Kristi himmelfartsdag)
Sønd. 17. mai: Stengt. Meirope kl. 09.00 - 18.00
Tysd. 19. mai: Ope 12.30–15.00. Meirope kl. 08.00-22.00
Laurd. 23. mai: Stengt. Meirope kl. 09.00 - 18.00 (Pinsaftan)
Sønd. 24. mai: Stengt. Meirope også stengt. (Første pinsedag)
Månd. 25. mai: Stengt. Meirope kl. 09.00 - 21.00 (Andre pinsedag)

Snart feirer vi nasjonaldagen vår. Gratulerer med dagen!

(NB! Meirope bibliotek=sjølvbetjent bibliotek. For å få tilgang til dette må du på førehand ha skrive under på ei kontrakt med biblioteket.)

Lån, les og stem! Det er 6 norske utgjevingar som er nominert til Bibliotekets litteraturpris for 2026:  April Alexander...
08/05/2026

Lån, les og stem! Det er 6 norske utgjevingar som er nominert til Bibliotekets litteraturpris for 2026:

April Alexandersdottir: Ruby Baby
Niels Fredrik Dahl: Fars rygg (2023)
Heidi Furre: Technotika (2025)
Carl Frode Tiller: Det framande landet
Erik Eikehaug: Alle elsker Kari (2025)
Lars Elling: Ved porten til stillhetens skog

Les og stem på dine favoritter! Bli med og bestem hvilken bok som skal få Bibliotekets litteraturpris.

Brått er vi på siste dagen i april, og fine vårdagar har vi hatt! I morgon, fredag 1. mai, er det stengt her på bibliote...
30/04/2026

Brått er vi på siste dagen i april, og fine vårdagar har vi hatt! I morgon, fredag 1. mai, er det stengt her på biblioteket, både betjent og meirope. Vi er tilbake på laurdag, med betjent bibliotek frå kl. 10-14. Ha ein riktig fin 1. mai!

Vi kan med glede melde at transporten no er i gang att! Jippi!
30/04/2026

Vi kan med glede melde at transporten no er i gang att!

Jippi!

Les du e-bøker eller høyrer på e-lydbok via BookBites? No er det ein ny app som erstattar BookBites, som heiter Biblio. ...
29/04/2026

Les du e-bøker eller høyrer på e-lydbok via BookBites? No er det ein ny app som erstattar BookBites, som heiter Biblio. Den ser litt anleis ut, men har alle dei same funksjonane som du kjenner frå BookBites. Du skal ha fått ei melding i BookBites som seier at du no kan laste ned Biblio-appen. Begge appene fungerer side om side ein periode, slik at alle får god tid til å laste ned Biblio.

Du kan lese meir om den nye appen på heimesida vår: https://sunnfjordbibliotek.no/2026/04/bookbites-vert-biblio/

Det har vore ei veldig kjekk veke med mange aktivitetar på og ved biblioteket! Rundt i heile landet har det vore fokus p...
27/04/2026

Det har vore ei veldig kjekk veke med mange aktivitetar på og ved biblioteket! Rundt i heile landet har det vore fokus på berekraft i veke17! Det er mange berekraftsmål vedtatt av FN, og dei spenner seg frå å utrydde fattigdom og svolt til å satse på rein energi og syte for ansvarleg forbruk og produksjon. Ikkje minst er det viktig at vi alle samarbeider for å nå måla. Tusen takk til alle som har stilt opp!

Adresse

Angedalsvegen 5
Fords
6800

Åpningstider

Mandag 10:00 - 18:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 12:00
Torsdag 10:00 - 18:00
Fredag 10:00 - 15:00
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4757721909

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Førde bibliotek i Sunnfjord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Førde bibliotek i Sunnfjord:

Del