Hareid kommune

Hareid kommune Hareid er 5-minuttsbygda på Sunnmøre. Her er det kort veg til alt du treng i kvardagen. Her får du nyttig informasjon og kjekke glimt frå kommunen. JA TAKK!

HAREID KOMMUNE SI FACEBOOK-POLICY
Velkomen til Hareid kommune si Facebook-side. Det aller meste av informasjon blir delt på nettsidene våre, så du treng ikkje Facebook for å halde deg oppdatert på det vi driv med. Denne Facebook-sida er drifta av sentraladministrasjonen – i hovudsak av kommunikasjonsansvarleg. PERSONVERN
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Derfor er din ei

gen policy like viktig som kommunen sin. Når du følgjer, liker eller kommenterer noko på Facebook-sidene våre, får Facebook tilgang og vil bruke opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status «offentleg» gir du alle tilgang og tillating til å nytte informasjonen og knyte den til deg. I Facebook sine retningslinjer står det at «at offentlig informasjon er tilgjengelig for alle i eller utenfor tjenestene våre, og kan sees eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller, reaksjonane dine og det du kommenterer på våre Facebook-sider, kan lesast og brukast av andre. SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Vi set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Vi er på Facebook som ein service for innbyggarane våre og svarer gjerne på spørsmål og tek imot innspel. Innspel som er arkivverdige, blir lagra i arkivsystemet vårt og vil kome i postlistene våre som (også) er offentlege. Har du feilmeldingar på veg, vatn og avlaup kan du sende oss ei direktemelding. Dersom det hastar, kan du sende tekstmelding eller ringe til vakttelefonen vår på 97062360. Vi kan ikkje sakshandsame her på Facebook. Slike meldingar må du sende til [email protected] eller den enkelte sakshandsamar. Kontaktinfo til dei tilsette finn du på heimesidene våre. BLEI DET DU SKREIV SLETTA? Det er sjølvsagt heilt OK å vere ueinig med oss. Vi tar også imot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for demokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Vi kan også velje å slette feilinnformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og medier står i for å stanse villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar også innlegg eller kommentarar der vi meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har med saka å gjere eller som inneheld reklame for kommersielle produkt og teneste, blir også fjerna. HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Har du spørsmål til denne policyen? Send oss ein e-post på [email protected] eller direkte her på Facebook. Hareid, desember 2021

Vi treng ein ny kandidat til eldrerådet. Kjenner du nokon som kan passe?Les meir i lenka i kommentarfeltet 👇
15/08/2026

Vi treng ein ny kandidat til eldrerådet. Kjenner du nokon som kan passe?
Les meir i lenka i kommentarfeltet 👇

Måndag 17. august startar eit nytt skuleår i Hareid kommune. Vi gler oss til å ta imot alle elevane, men særleg alle før...
15/08/2026

Måndag 17. august startar eit nytt skuleår i Hareid kommune. Vi gler oss til å ta imot alle elevane, men særleg alle førsteklassingane. 🤩

Les meir om oppmøtetid og stad for fyrste skuledag og kor mange førsteklassingar det startar på kvar skule - i lenka i kommentarfeltet.

50 centimeter.Det er grensa for hekkar og gjerde i gatekryss og siktsoner. Målet er at alle som ferdast i gatene våre sk...
14/08/2026

50 centimeter.
Det er grensa for hekkar og gjerde i gatekryss og siktsoner. Målet er at alle som ferdast i gatene våre skal sjå kva som skjuler seg rundt neste sving.

Det kan vere ein førsteklassing på veg til skulen.

Les meir i lenka i kommentarfeltet. 👇

Skal du bygge noko? Bestill gratis rettleiingstime med byggesakshandsamar. Bestillinga gjer du enkelt på nett - og timen...
14/08/2026

Skal du bygge noko? Bestill gratis rettleiingstime med byggesakshandsamar. Bestillinga gjer du enkelt på nett - og timen kan vere både fysisk og digital.

Les meir i lenka i kommentarfeltet. 👇

Høgtlesing er svært viktig for barns språkutvikling. 😃No startar  folkebibliotek med ny lesekampanje med eit mål som båd...
09/08/2026

Høgtlesing er svært viktig for barns språkutvikling. 😃No startar folkebibliotek med ny lesekampanje med eit mål som både barn og føresette kan strekke seg etter. 🤩

Les meir i lenka i kommentarfeltet.👇

Prosjektet med å byte vasskummane i Vadbakkane er godt i gang. Den vanlege vegen opp til feltet er stengd, så du må nytt...
07/08/2026

Prosjektet med å byte vasskummane i Vadbakkane er godt i gang. Den vanlege vegen opp til feltet er stengd, så du må nytte den nye vegen gjennom Plassane for å kome heim. Neste veke startar vi å stenge vatnet. Alle som blir råka får tekstmelding.
Les meir i lenka i kommentarfeltet. 👇

Søndag skal ungdommane få styre showet i Hareid. Då blir det konsert, danseoppvisning og kunstutstilling. 🎨🩰🎸Les meir i ...
06/08/2026

Søndag skal ungdommane få styre showet i Hareid. Då blir det konsert, danseoppvisning og kunstutstilling. 🎨🩰🎸

Les meir i lenka i kommentarfeltet 👇

Til helga er det Seinsommarfest på Hareid! 😎Kjem du med båt eller bubil - er det få minutt å gå til festivalområdet. 🚚⛵️...
06/08/2026

Til helga er det Seinsommarfest på Hareid! 😎
Kjem du med båt eller bubil - er det få minutt å gå til festivalområdet. 🚚⛵️

Les meir i lenke i kommentarfeltet👇

Laurdag - etter barnefestivalen - arrangerer vi visning for alle som er interessert i eller nyfikne på Plassane bustadfe...
05/08/2026

Laurdag - etter barnefestivalen - arrangerer vi visning for alle som er interessert i eller nyfikne på Plassane bustadfelt.

Les meir i lenka i kommentarfeltet 👇

Når vi startar å grave i Melshornlia må mange rekne med å miste vatnet i periodar. Les meir i lenka i kommentarfeltet. 👇
27/07/2026

Når vi startar å grave i Melshornlia må mange rekne med å miste vatnet i periodar. Les meir i lenka i kommentarfeltet. 👇

Adresse

Rådhusplassen 5
Hareid
6060

Åpningstider

Mandag 08:30 - 15:00
Tirsdag 08:30 - 15:00
Onsdag 08:30 - 15:00
Torsdag 08:30 - 15:00
Fredag 08:30 - 15:00

Telefon

+4770095000

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hareid kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hareid kommune:

Snarveier

Del