Politiet i Kvinnherad

Politiet i Kvinnherad Dette er politiets Facebookside i Kvinnherad. Me kan kontaktast på telefon 53483800, politiets kontaktnummer 02800 eller ved naud, ring 112.

17/07/2026

Me har fått inn ein gullring som for nokre dagar sidan vart funnen utanfor Rema1000 Husnes. Ta kontakt med oss dersom det kan være din.

Denne båten har blitt forlagt på BKS industri sitt område på Opsanger i fleire veker. Det ser ut som ein eldre Halco med...
15/07/2026

Denne båten har blitt forlagt på BKS industri sitt område på Opsanger i fleire veker. Det ser ut som ein eldre Halco med registreringsnummer RCE549. Er det nokon som saknar denne eller har kunnskap om kven sin det er? Del gjerne. God sommar 🌞

12/07/2026

🚨 Viktig melding om el-sparkesyklar i sommar

Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk ser ein stor auke i alvorlege ulukker og er sterkt bekymra for at det vil skje endå fleire ulukker i sommar når barn og unge har skulefri.

Bruk eitt minutt på å lese dette – det kan bidra til å førebyggje alvorlege ulukker.

Foreldre og føresette har hovudansvaret for barna i trafikken, og vi ber dykk derfor om å gjere følgjande:

1️⃣ Snakk med barna om trygg bruk av el-sparkesykkel og trafikkreglane.
2️⃣ Sjå til at køyretøyet er lovleg (fart og effekt).
3️⃣ Sørg for at køyretøyet er forsikra.
4️⃣ Pass på at barnet har ein hjelm som passar, og at han blir brukt.

👉🏼 På denne nettsida finn de nyttig rettleiing om korleis de kan bidra til trygg og lovleg bruk av el-sparkesykkel:

https://www.tryggtrafikk.no/tips/elsparkesykkel/til-foreldre-og-foresatte/

Saman kan vi bidra til ein tryggare sommar i trafikken. Vi har ingen å miste 💙

10/07/2026

⚠️ Me har fått med oss at i nabokommunen vår Stord er det personar som utgir seg for å vera frå brannvesenet. Derfor vil me være litt føre var her i Kvinnherad og opplyse om våre rutinar for heimebesøk/tilsyn når det ikkje er naudsituasjonar:

✅ Me kjem ikkje uanmeldt
✅ Me er alltid uniformert
✅ Me har alltid med oss ID-kort frå Kvinnherad kommune, brann og redning
✅ Me kjem ikkje på kveldstid

❗️Får du uanmeldt besøk frå nokon som utgir seg for å vera frå brannvesenet, men ikkje har uniform og ikkje vil visa fram ID-kort?
⛔️Ikkje slepp inn vedkommande. Meld heller frå til politiet på tlf. 02800.

Ferdselsforbodet ved Bondhusbreen mellom Bondhusvatnet og breen er oppheva.
10/07/2026

Ferdselsforbodet ved Bondhusbreen mellom Bondhusvatnet og breen er oppheva.

Den bredemde sjøen ved Bondhusbreen har drenert naturleg og utgjer ikkje lenger noko flaumfare. Politiet har no oppheva ferdselsforbodet langs elva mellom breen og vatnet.
Meir informasjon i lenka i kommentarfeltet!

24/06/2026

Politiet forbyr opphald i området som er merka med raud strek på vedlagt bilde.
Heile pressemelding i samband med bresjøen som ligg inntil Bondhusbrea les du ved å følgja lenka i kommentarfeltet.

16/06/2026
09/06/2026
Med tanke på ferien som står for tur minnar vi på at vi har nokre ledige passtimar dei neste vekene. For å bestilla må e...
08/06/2026

Med tanke på ferien som står for tur minnar vi på at vi har nokre ledige passtimar dei neste vekene. For å bestilla må ein gå inn på politiet.no og tinga time.

På politiet.no finner du tjenester, åpningstider, kontakt og informasjon.

30/01/2026

Politiet har i dag fått inn ein Samsung mobil som er funnen i busslomma på Husnes 23. januar. Ta kontakt med politiet dersom det kan være din😊

Adresse

Stabburshaugen 5
Husnes
5460

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:00
Tirsdag 09:00 - 14:00
Onsdag 09:00 - 14:00
Torsdag 09:00 - 16:00
Fredag 09:00 - 14:00

Telefon

53483800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Politiet i Kvinnherad legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del