Kvinnherad bibliotek

Kvinnherad bibliotek Hyggelig og flott folkebibliotek med mange arrangement midt i Husnes sentrum. Velkommen inn. Kom inn og slapp av hos oss. Vi har aviser, pc'er og tv-spel.

Folkebibliotek med godt utval av bøker, god atmosfære og mange arrangement for både små og store. Vi som jobbar på biblioteket vil hjelpe deg å finne svar på det du lurar på eller tips om gode bøker. Og best av alt- det er gratis.

Gratulerer med Verdas bokdag i dag, 23. april 🌹📚Kom innom for ein koseleg prat, gratis kaffe, twist, bokmerker og bøker ...
23/04/2026

Gratulerer med Verdas bokdag i dag, 23. april 🌹📚Kom innom for ein koseleg prat, gratis kaffe, twist, bokmerker og bøker ♥️

🎙️ Tusen takk til alle som kom på temakvelden om demens i kveld 💙Det vart ei viktig og nær stund, med gode spørsmål og f...
21/04/2026

🎙️ Tusen takk til alle som kom på temakvelden om demens i kveld 💙Det vart ei viktig og nær stund, med gode spørsmål og fine samtalar. Liv Karin Kval delte av si lange erfaring og me er takksame for alt ho formidla. Takk òg til alle som møtte opp og bidrog til eit trygt og ope fellesskap. Me er stolte av å vere ein stad der slike samtalar får plass. 💛 Og til slutt må me også takke Husnes og Valen helselag for godt samarbeid ♥️

15/04/2026

Grunna konkurs i Norsk bibliotektransport, er fjernlån midlertidig ute av drift.

Tusen takk til alle som har vore med å pusla på Sherlock Holmes -puslespelet! Fantastisk godt jobba! Jane Austen vert ne...
14/04/2026

Tusen takk til alle som har vore med å pusla på Sherlock Holmes -puslespelet! Fantastisk godt jobba! Jane Austen vert neste prosjekt. Kom, bli med! 🥳🧩✨

Eit sterkt møte og viktig samtale med Stine Hanssen Brattland på biblioteket i kveld. For ei dame! Mange blei rysta av d...
13/04/2026

Eit sterkt møte og viktig samtale med Stine Hanssen Brattland på biblioteket i kveld. For ei dame! Mange blei rysta av den den sterke livshistorie hennar med åresvis lang kamp i NAV-systemet før autisme-diagnosen var på plass. Her var det mykje innsikt på ein kveld. Eit svært engasjert publikum stilte mange gode spørsmål også. Tusen takk til Stine og alle som kom. I tillegg må vi også takke Bibliotekutvikling Vestland for prosjektstøtte til Norsk røyndom-prosjektet vårt.

No er folkehelseundersøkinga 2026 i gang!Har du fått invitasjon på sms eller e-post? Då håpar vi du vil svare.Undersøkin...
11/04/2026

No er folkehelseundersøkinga 2026 i gang!
Har du fått invitasjon på sms eller e-post? Då håpar vi du vil svare.
Undersøkinga gir viktig kunnskap om korleis innbyggjarane har det i kvardagen, mellom anna om trivsel, helse, nærmiljø og livskvalitet. Jo fleire som svarer, desto betre grunnlag får vi for å planleggje gode tiltak og tenester framover.
Svara er anonyme og viktige.
📲 Invitasjonen blir sendt på sms eller e-post
🎁 Dei som svarer, er med i trekking av gåvekort
🔗 Les meir her: vestlandfylke.no/fhus

Adresse

Sentrumsvegen 39
Husnes
5460

Åpningstider

Mandag 10:00 - 16:00
Tirsdag 10:00 - 16:00
Onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 10:00 - 16:00
Fredag 10:00 - 16:00
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4794023757

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvinnherad bibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kvinnherad bibliotek:

Del