25/06/2026
🎉 Ti år med norsk kunnskapsnærvær i Brussel.
Når EU satsar meir på forsking, utdanning og innovasjon, blir det også viktigare for Noreg å vere tett på. I ti år har Noregs kunnskapskontor i Brussel (NorCore) vore nettopp det. Eit norsk felleskontor i EU-hovudstaden for innsikt, dialog og samarbeid.
NorCore er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og HK-dir. Funskjonen er både å vere ein lyttepost og ein brubyggjar. Her får norske aktørar oppdatert innsikt i kva som skjer i EU, samtidig som norske perspektiv og interesser blir løfta inn i europeiske prosessar.
Tempoet i EU har auka, og koplinga mellom politikk, forsking og innovasjon er tettare enn før. Det gjer eit sterkt norsk nærvær i Brussel endå viktigare.
– Nærværet i Brussel gir oss både innsikt og ein viktig arena for dialog med sentrale EU-partnarar. I ei tid prega av stor dynamikk er samarbeid vår største styrke, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Saman med partnarorganisasjonane og Kunnskapsdepartementet, markerte vi i går 10-årsjubileet i Noregs Hus i Brussel.
Vi ser fram til å byggje vidare på dette gode samarbeidet for styrke Noregs posisjon i europeisk kunnskapsarbeid.
Bileta er frå gårsdagens markering i Brussel.
Du kan lese mer om saken her: https://bit.ly/3T01iz6
NorCore, Innovasjon Norge, Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, Håkon Haugli, Karin Totland, Mari Sundli Tveit, Sveinung Skule, Paulina Aguirre Cabrera, Tiril Forsbakk, Ingeborg Frøysnes, Hans Eirik Melandsø, Ragnhild Solvi Berg