Stryn bibliotek

Stryn bibliotek Heimeside: www.strynbibliotek.no Biblioteket ligg sentralt plassert i trivelege lokale i første etasje på Stryn vidaregåande skule. Vi er eit meirope bibliotek.

Biblioteket i Stryn er hovudbibliotek for Stryn kommune og skulebibliotek for Stryn vidaregåande skule. Det vil seie at du kan låse deg inn på biblioteket alle dagar mellom kl. 7-23, dersom du har skrive under kontrakt.

01/06/2026

🌞 Sommarles er no i gong! 🌞

Bli med på sommarens kjekkaste lesekampanje for barn og unge. Logg inn på Sommarles, registrer bøkene du les, og samle poeng gjennom heile sommaren.

I år kan du også sjå den flotte Sommarlesfilmen Bibliotekjenta, med manus skrive av Erlend Loe. Den finn du på sommarles.no

Stryn kommune

31/05/2026

📚☀️ Berre éin dag att!

I morgon startar Sommarles, og vi gler oss til ein sommar full av leseglede, spennande bøker og kjekke utfordringar! 🌟

Er du klar til å samle poeng, få digitale trofé og bli med på sommarens leseeventyr? Finn fram boka di og gjer deg klar – Sommarles startar i morgon!

29/05/2026

😅📚 Hjelp! Sommarles nærmar seg!

Wibeke og Kristin har vore på Bibliotekdagane i Kvam og kosa seg så mykje… at dei heilt gløymde ein liten detalj: Sommarles-pynten! 🙈🌞

Så no treng vi superhjelp frå kreative barn 🤩

Kom innom biblioteket i morgon (ope kl. 11–14) og hjelp oss å pynte!

Stryn kommune

🎨 For barn i alle aldrar
🪨 Alle som hjelper til får plukke seg ein flott stein frå steinsamlinga vår

Velkomen!❤️📚

27/05/2026

📚✨ Sommarles startar snart – blir du med?

Vi har stengt Pinseaftan og 2. pinsedag.Mogeleg å bruke meirope heile pinsehelga.
22/05/2026

Vi har stengt Pinseaftan og 2. pinsedag.

Mogeleg å bruke meirope heile pinsehelga.

⚽📚 Fotballfeber på biblioteket!No er vi klare for VM 2026 – og vi har rigga til ei eiga utstilling med bøker om fotball,...
20/05/2026

⚽📚 Fotballfeber på biblioteket!

No er vi klare for VM 2026 – og vi har rigga til ei eiga utstilling med bøker om fotball, heltar, dramatikk og draumar.

Visste du at Erling Braut Haaland nyleg gav ei sjeldan bok til biblioteket i heimkommunen sin, Time, nettopp for å inspirere fleire til å lese? Han seier at det er lettare å få lyst til å lese når ein kjenner seg igjen i det ein les 💚

Det vil vi også bidra til!
👉 Kom innom og bli inspirert
👉 Lån ei bok og bli med i ditt eige “lese-VM”
👉 Og ikkje minst: Bli med på tippekonkurransen vår!

Kven vinn VM?
Og kor langt kjem Noreg? 🇳🇴

Lever tipset ditt i biblioteket – kanskje du går av med sigeren! 🏆

Velkomen inn til både leseglede og VM-stemning! ⚽📖

Svalbard – frå den kalde krigen og fram til i dag.Møt Birger Amundsen, ein av Noregs fremste formidlarar av polarhistori...
10/05/2026

Svalbard – frå den kalde krigen og fram til i dag.

Møt Birger Amundsen, ein av Noregs fremste formidlarar av polarhistorie, som gir deg eit skarpt blikk på korleis naturressursar, geopolitikk og klimaendringar møtest i Arktis.

🗓 Måndag 11. mai kl. 11–12
📍 Digitalt foredrag (med moglegheit for spørsmål)
☕ Vi serverer kaffe og noko godt attåt
I samarbeid med senioruni.no

Velkomen!

https://strynbibliotek.no/arrangement/digitalt-foredrag-med-birger-amundsen-svalbard-i-skuggen-av-stormaktene/

Svalbard i stormaktskampens skugge – Birger Amundsen gir eit skarpt og engasjerande blikk på natur, politikk og liv i nord.

Adresse

Hegrevegen 1
Stryn
6783

Åpningstider

Mandag 10:00 - 16:00
Tirsdag 10:00 - 16:00
Onsdag 10:00 - 16:00
Torsdag 10:00 - 20:00
Fredag 10:00 - 16:00
Lørdag 11:00 - 14:00

Telefon

+4757874880

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stryn bibliotek legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stryn bibliotek:

Del