Stryn kommune

Stryn kommune Velkommen til Stryn kommune si nettside på Facebook.

Vi ynskjer å kome i kontakt med deg og håper denne sida vil gjere at du også kan bli betre kjent med Stryn kommune og det vi tilbyr. Du er velkommen til å skrive på veggen vår, kommentere det Stryn kommune gjer og dele med andre kommunerelaterte ting du meiner er viktig.

Stryn kommune søkjer engasjerte ungdommar til spennande oppdrag som fritidskontaktar i prosjektet Fritid i fellesskap.So...
03/06/2026

Stryn kommune søkjer engasjerte ungdommar til spennande oppdrag som fritidskontaktar i prosjektet Fritid i fellesskap.

Som fritidskontakt får du vere med og skape inkluderande fritidsaktivitetar der barn og unge kan oppleve meistring, fellesskap og gode opplevingar saman med andre. Du jobbar i team med andre fritidskontaktar og i samarbeid med vaksen ansvarleg.

💡 Dette passar for deg som:
✅ Likar å vere saman med andre menneske
✅ Er positiv, inkluderande og engasjert
✅ Har interesser eller aktivitetar du gjerne vil dele med andre
✅ Ønskjer verdifull erfaring frå arbeid med barn og unge

📌 Om prosjektet:
Fritid i fellesskap er eit pilotprosjekt som skal utvikle meir inkluderande fritidstilbod og bidra til å styrkje sosial deltaking og redusere utanforskap.

📨 Slik søkjer du:
Send ein kort søknad der du fortel om:
• Bakgrunn og interesser
• Kvifor du ønskjer å vere fritidskontakt

🗓️ Søknadsfrist: 21. juni 2026

Bli med og skap gode opplevingar og nye fellesskap for barn og unge i Stryn! 💙
Søk her: https://850010.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/5140558290?language=nn&link_source_id=0&showExpired=False

👏👏👏
03/06/2026

👏👏👏

🐑🌿 Lurer du på kven som har ansvaret dersom sau kjem inn på eigedomen din?Mange trur at det automatisk er dyreeigaren so...
02/06/2026

🐑🌿 Lurer du på kven som har ansvaret dersom sau kjem inn på eigedomen din?

Mange trur at det automatisk er dyreeigaren som har ansvar for å halde beitedyr borte frå private eigedomar. Etter norsk lov er det likevel ofte grunneigaren som har ansvar for å halde dyr ute gjennom forsvarleg gjerdehald.

For dei som ønskjer å unngå sau på eigen eigedom, er det difor viktig å sørgje for at gjerde og grinder er i god stand før beitesesongen tek til 🪵🔨

Beitedyr er ein viktig ressurs for kulturlandskapet vårt. Dei bidreg til å halde landskapet ope, tek vare på biologisk mangfald og er ein sentral del av matproduksjonen og landbruket i kommunen 🌱💚 Snart blir sau og lam sleppte ut på beite, slik dei har vorte gjennom generasjonar.

Vi ønskjer å oppmode til godt samarbeid, god dialog og gjensidig forståing mellom bønder, grunneigarar og naboar 🤝🙂

Samtidig oppmodar vi alle grunneigarar til å ta ein gjennomgang av utmarksgjerda sine før beitesesongen er i full gang. Godt vedlikehaldne gjerde bidreg til eit godt naboskap – til beste for alle.

Foto Stryn kommune

🌸PURGLEDE🌸STRYN OMSORGSSENTER🌸Purglede er ein frivilleg organisasjon som har aktivitetane sine på Stryn omsorgssenter. P...
31/05/2026

🌸PURGLEDE🌸STRYN OMSORGSSENTER🌸
Purglede er ein frivilleg organisasjon som har aktivitetane sine på Stryn omsorgssenter. Purglede er ein frivillig organisasjon med undergrupper.
Purglede arrangerer PUB OG VINAFTEN på Buketten 3. kvar fredag kl 16.30.

FRISKTMOT 🌻
er ei undergruppe under Purglede og eit gratis lavterskeltilbod for deg som har opplevd ei utfordring i livet. Møtepunkt første og tredje måndagen i månaden på Buketten kl 17.00.

STÅSAMAN🐞
Er også ei undergruppe og er for deg som lever med kreft, er under behandling eller går til kontrollar. Her kan ein møtast i trygge omgjevnader og dele erfaringar❤️Møta er første onsdagen i månaden på Daglilja kl 18.00.

Purglede ønskjer å skape fellesskap, varme og støtte – for alle 🌸

Dei som er med i styret i Purglede er:
♡ Astrid Sandvik - styremedlem
♡ Astrid E. Svarstad - styremedlem
♡ Ronny Loen - styremedlem
♡ Torill Rognlien - styremedlem
♡ Wenche Arntsen - styremedlem
♡ Zalve Nesdal - styremedlem
♡ Olga J. Eikenæs Frøholm - styreleiar

Alle velkomne søndag 31. mai kl 12.00 – 15.00 på Stryn stadion
30/05/2026

Alle velkomne søndag 31. mai kl 12.00 – 15.00 på Stryn stadion

29/05/2026
29/05/2026
KokepåbodDet er på nytt påvist bakteriar i drikkevatnet på Rake og kommunen varslar med dette at alt vatn som skal drikk...
29/05/2026

Kokepåbod

Det er på nytt påvist bakteriar i drikkevatnet på Rake og kommunen varslar med dette at alt vatn som skal drikkast må kokast på førehand. Påbodet gjeld i områda Solvik, Rake, Marsåvika og Ugla fram til ny melding kjem.

Kva du bør gjere når det er innført kokepåbod:
https://www.fhi.no/sm/drikkevann/rad/kokevarsel/

Reparasjon av avløpsanlegg i LoenPå grunn av reparasjon av avløpspumpelinja i Loen må vi køyre pumpestasjonane på Drages...
28/05/2026

Reparasjon av avløpsanlegg i Loen
På grunn av reparasjon av avløpspumpelinja i Loen må vi køyre pumpestasjonane på Drageset og Lovik camping i overløp i ein kortare periode.
Dette kan føre til at vatnet i Loelva ved utløpet vert uklårt. Kommunen vil gjennomføre reparasjonsarbeidet så raskt som mogleg.

Adresse

Tonningsgata 4
Stryn
6783

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4757874700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stryn kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stryn kommune:

Del