Ulstein kommune

Ulstein kommune Lik sida vår og få med deg stort og smått frå Ulstein. Sjå også nettstaden vår www.ulstein.kommune.no JA, TAKK! Send oss gjerne spørsmål her. Kvifor?

ULSTEIN KOMMUNE SIN POLICY PÅ FACEBOOK
Velkomen til Ulstein kommune si Facebook-side. Her får du nyttig informasjon frå kommunen og glimt frå Ulstein. All viktig informasjon frå Ulstein kommune finn du på nettsidene våre. Du treng ikkje å ha Facebook-konto for å vere oppdatert på informasjon frå kommunen. Sida vert administrert under kommunalsjef organisasjon og utvikling.
------------------------

---------------------------------------------------------------

SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Vi svarer på førespurnader om kommunale tenester i arbeidstida (kl. 9-15), så snart vi har høve. Men vi ser helst at du ringer oss eller sender ein e-post. Saker som gjeld saksbehandling i kommunen melder du ikkje frå til oss om her, men til dømes i ein e-post. Kontaktinformasjon til dei ulike avdelingane finn du på nettsidene våre.
----------------------------------------------------------------------------------------

SKRIV SAKLEG OG KORT
Ver sakleg i innhald og språk når du skriv innlegg her eller kommenterer på andre sine innlegg. Då vert du oppfatta som ein seriøs bidragsytar. Skriv du kort vil fleire lese det du skriv. Ver obs på at du ikkje deler personopplysningar.
----------------------------------------------------------------------------------------

VART INNLEGGET ELLER KOMMENTAREN DIN SLETTA?
Å vere usamd med kommunen er naturlegvis heilt ok. Vi heiar på saklege kommentarar og innlegg. God debatt og usemje høyrer demokratiet til. Facebook slettar innlegg og kommentarar som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan verte opplevd som krenkande. Fordi hatefulle ytringar og anna grums hemmar den frie demokratiske debatten og gjer at mange opplever sosiale medium og kommentarfelt som utrygge stader. Facebook har dessutan 13 års aldersgrense. Kommunen si Facebook-side skal vere ein trygg og god stad å stikke innom aleine, også for barn på 13. Vi kan velje å slette feilinformasjon som vert spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og medium står i mot villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar innlegg der vi meiner skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har noko med den aktuelle saka å gjere kan også verte sletta. Innlegg med reklame for kommersielle produkt og tenester vert fjerna.
----------------------------------------------------------------------------------------

ALT DU GJER OPE PÅ FACEBOOK KAN VERTE BRUKT AV ANDRE
Din eigen policy på sosiale medium er like viktig som kommunen sin. Det er viktig at du vernar om dine personlege opplysningar og huskar på personvernforordninga (GDPR). Når du følger, liker eller kommenterer ei Facebook-side, får Facebook tilgang til og kan bruke dei opplysningane og spora du legg igjen.
-------------------------------------------------------------------------------------------

Facebook sine retningslinjer og personvernerklæring
Ifølge Facebook sine retningslinjer betyr innstillinga «offentleg» at du gir alle tilgang til og løyve til å bruke den aktuelle informasjonen og knyte informasjonen til deg. I Facebook si personvernerklæring står det at «offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan verte sett eller verte gitt tilgang til gjennom søkemotorar på Internett, API’ar eller medium mv.» Det vil seie at dei spørsmåla du stiller og det du kommenterer på for eksempel Ulstein kommune si Facebook-side, kan verte lest og brukt av andre.
-----------------------------------------
HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Send spørsmål og kommentarar til [email protected].

Politiet i Møre og Romsdal kjem med ei viktig sommarhelsing til alle foreldre
26/06/2026

Politiet i Møre og Romsdal kjem med ei viktig sommarhelsing til alle foreldre

Politiet i Møre og Romsdal kjem med viktig informasjon til foreldre inn i sommarferien.

Arbeidet med nytt nærmiljøanlegg ved Ulsteinvik barneskule er i full gang🏗️Planen er at det skal stå klart til skulestar...
25/06/2026

Arbeidet med nytt nærmiljøanlegg ved Ulsteinvik barneskule er i full gang🏗️
Planen er at det skal stå klart til skulestart🛝🥅🚲
Les meir👇

Arbeidet med nytt nærmiljøanlegg ved Ulsteinvik barneskule er i full gang, og mange av dei mye leikeapparata er allereie tekne i bruk.

No er det sommaropningstider i Ulstein Arena🌞Les meir👇
24/06/2026

No er det sommaropningstider i Ulstein Arena🌞
Les meir👇

Det er no sommaropningstider i Ulstein Arena

Ulstein, Sande og Herøy går inn i eit nytt samarbeid💪Les meir👇
23/06/2026

Ulstein, Sande og Herøy går inn i eit nytt samarbeid💪
Les meir👇

Kommunane Ulstein, Sande og Herøy har alle sagt ja til å opprette eit strategisk interkommunalt samarbeid om økonomiforvaltning. Ulstein vert vertskommune for samarbeidet.

Siste skuledag inviterte FAU til feiring av Ulstein skule sin 50-årsdagLes meir👇
23/06/2026

Siste skuledag inviterte FAU til feiring av Ulstein skule sin 50-årsdag
Les meir👇

-Det har vore ein dag med tilbakeblikk og mange kjensler, men no ser vi framover og gler oss til hausten, seier rektor Norunn Lindvik Velsvik etter aller siste skuledag for Ulstein skule.

I dag vert det mykje aktivitet ved Sunnmøre Folkehøgskule når brannvesenet i Ulstein og Hareid har øving👩‍🚒🧑‍🚒🔥🚒Les meir...
22/06/2026

I dag vert det mykje aktivitet ved Sunnmøre Folkehøgskule når brannvesenet i Ulstein og Hareid har øving👩‍🚒🧑‍🚒🔥🚒
Les meir👇

I dag kan det bli ein del lys og lyd når Ulstein og Hareid brannvesen øver ved Sunnmøre Folkehøgskule.

Bli oppdatert på kva som skjer i kommunen: Sjå kommunestyremøtet live kl. 17, og få oversikt over sakene her:
18/06/2026

Bli oppdatert på kva som skjer i kommunen: Sjå kommunestyremøtet live kl. 17, og få oversikt over sakene her:

Her finn du lenke til sakliste og til direktesendinga som startar 18. juni klokka 17.00.

Elevane ved Ulstein skule har hatt uteskule, og 7. klasse fekk lage steinomn i fjøra. 🌞🔥Det vart steikt både pizza, kane...
18/06/2026

Elevane ved Ulstein skule har hatt uteskule, og 7. klasse fekk lage steinomn i fjøra. 🌞🔥
Det vart steikt både pizza, kanelsnurrar, bollar og sjokoladefondant til lunsj!🍕🍕
Les meir👇

Ulstein barneskule har hatt uteskule og sjuandeklassingane laga lunsjen sin i steinomn dei har bygd sjølv.

Vi ønsker oss ein ny kollega i bu og habilitering i Ulstein kommune!Er du helsefagarbeidar og kan jobbe natt?🌛Då håpar v...
17/06/2026

Vi ønsker oss ein ny kollega i bu og habilitering i Ulstein kommune!
Er du helsefagarbeidar og kan jobbe natt?🌛
Då håpar vi du vil søke📧
Les meir👇

Er du vår nye kollega?

Det har vore mange kjekke stunder under vårsemesteret av SeniorSmart i Ulstein.📧❤💻📱No gjer vi oss klare til å kome med n...
16/06/2026

Det har vore mange kjekke stunder under vårsemesteret av SeniorSmart i Ulstein.📧❤💻📱
No gjer vi oss klare til å kome med nye og spanande tilbod til hausten!🍂🍁
Kjenner du nokon som hadde hatt glede av å vere med på SeniorSmart? Då ønskjer vi hjarteleg velkomen til haustsemesteret.
Meir informasjon kjem før sesongstart.

Vårsemesteret i SeniorSmart vart avslutta med hjelp frå IT-elevar ved Ulstein vidaregåande skule.

Adresse

Sjøgata 63
Ulsteinvik
6065

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ulstein kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ulstein kommune:

Snarveier

Del