Volda Senterparti

Volda Senterparti Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Volda Senterparti, Politisk organisasjon, Volda.

Pengane skal gå til pasientane! -– Eg er svært glad for at Senterpartiet sitt forslag sikrast fleirtal i helse- og omsor...
22/05/2026

Pengane skal gå til pasientane!
-– Eg er svært glad for at Senterpartiet sitt forslag sikrast fleirtal i helse- og omsorgskomiteen, seier Geir Inge Lien. Helse Møre og Romsdal står i ein svært krevjande situasjon, der det er foreslått urimelege kutt på viktige tenester som er heilt uforsvarlege. Det er derfor viktig at Stortinget no slår fast at finansieringa av Helseplattforma ikkje skal ramme pasienttilboda i Møre og Romsdal, seier Lien.

Senterpartiet har fått fleirtal i helse- og omsorgskomiteen for å sikre at finansieringa av Helseplattforma ikkje går ut over sjukehustilbod.

15/05/2026

Tenk å være rådgiver i et helseforetak, og tjene mer enn helseministeren‼️

Samtidig kuttes det i helt grunnleggende ting på sykehusene.
Kaffe til pårørende forsvinner. Avdelinger mangler så enkelt utstyr som skittentøyskurver. Ansatte opplever press, kutt og større avstand til ledelsen.

Likevel fortsetter direktørveldet med millionlønninger, lukrative fallskjermer og nye toppjobber – ofte med mindre ansvar og samme lønn.

Dette er ikke tilfeldig. Det er resultatet av foretaksmodellen, der sykehus styres mer som konsern enn som en del av fellesskapets helsetjeneste.

Senterpartiet har foreslått at helseforetakene som et minimum må følge statens lønnsregulativ, der makslønnen er 2,1 millioner kroner i året, men heller ikke dette blir respektert.

Avstanden mellom toppen og de som går i turnus og møter pasientene hver eneste dag, har blitt altfor stor.

Vi trenger et helsevesen med mer tillit til fagfolk og mindre direktørbyråkrati.

Foretaksmodellen må bort. Direktørstyret må bort. Pasientene og de ansatte må først💪🍀

I dei komande forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett vil Senterpartiet prioritere det som betyr mest for folk i kva...
11/05/2026

I dei komande forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett vil Senterpartiet prioritere det som betyr mest for folk i kvardagen: Sterke kommunar, trygge arbeidsplassar og levande lokalsamfunn i heile landet.

Mange kommunar står no i ein svært krevjande økonomisk situasjon. Kostnadene aukar, behova i skule, helse og eldreomsorg blir større, og altfor mange kommunar har kutta i tilbod og tenester for å få økonomien til å gå rundt. Senterpartiet meiner kommunane må få betre rammevilkår slik at dei kan levere gode tenester nær folk – ikkje tvingast til nye innstrammingar.

Senterpartiet har tidlegare prioritert kommuneøkonomien tungt i budsjettforhandlingar og fått gjennomslag for ekstra milliardar til kommunane. Samstundes ser vi at utfordringane framleis er store mange stader i landet, og derfor må vi gjere meir også no.
For oss handlar dette om meir enn tal i eit budsjett. Det handlar om tryggleik i kvardagen. Om at eldre skal få god omsorg, at barn skal ha ein trygg skulekvardag, og at folk skal møte ein kommune som har ressursar til å stille opp når dei treng det.

Samtidig opplever mange bedrifter tøffare tider. Særleg bygg- og anleggsbransjen er hardt råka av høgare kostnader og mindre aktivitet. Derfor vil Senterpartiet prioritere tiltak som skaper aktivitet, held folk i arbeid og bidreg til utvikling i heile landet.
Senterpartiet meiner òg at dette ikkje er tida for å gjere kvardagen vanskelegare for folk og næringsliv gjennom auka skattar og avgifter. Når mange opplever auka utgifter og større økonomisk uvisse, må politikken bidra til tryggleik og stabilitet – ikkje meir belastning.

Vi treng ein politikk som byggjer opp lokalsamfunn, sikrar arbeidsplassar og skaper framtidstru i heile Noreg.

Å dyrke poteter sjølv er meir enn berre mat på bordet 🌱🥔– det er også god beredskap 🥔🌱�Ulstein Senterparti delte ut sett...
09/05/2026

Å dyrke poteter sjølv er meir enn berre mat på bordet 🌱🥔– det er også god beredskap 🥔🌱
�Ulstein Senterparti delte ut settepoteter på sin stand i dag. Nokre rader med poteter i hagen kan faktisk utgjere ein forskjell når det trengst.
Samtidig tek vi vare på kunnskap, tradisjonar og jorda vi står på. Eigne poteter smakar best – og gir ei ekstra kjensle av tryggleik i kvardagen 💚

Har du sett nokre poteter i år?

Besøk frå Volda på potetstanden vår i dag 💚🥔🌱☀️ beredskap og sjølvforsyning i fokus 🤩

01/05/2026

Gratulerer med dagen!🇳🇴 Visste du at det var statsminister Per Borten fra Senterpartiet som ga det politiske startskuddet til den norske frontfagsmodellen?🍀

27/04/2026
Viktig dag for kvinnehelse 🍀 SP har fremma forslag om å sikre betre og meir likeverdig behandling for overgangsplager og...
23/04/2026

Viktig dag for kvinnehelse 🍀 SP har fremma forslag om å sikre betre og meir likeverdig behandling for overgangsplager og vurdere korleis blåreseptordninga kan omfatte hormonbehandling til kvinner som har fagleg begrunna behov for dette. Bra at forslaget får støtte og fleirtal frå Ap, Sv, R og Mdg👍

SP følger opp samferdselsutvalets vedtak og løftar situasjonen på E39 Volda Furene inn i Stortinget🍀 🍀Geir Inge Lien (Sp...
08/04/2026

SP følger opp samferdselsutvalets vedtak og løftar situasjonen på E39 Volda Furene inn i Stortinget🍀

🍀Geir Inge Lien (Sp) har stilt eit skriftleg spørsmål til samferdselsministeren om kva som vil bli gjort for å avhjelpe utfordringane til naudetatane langs vegen i dag. Han spør også om statsråden vil gripe inn for å sikre ein forsvarleg omkøyringsveg i påvente av oppstart av ny E39 Volda – Furene.

🍀Situasjonen på dagens vegtrase er uhaldbar med dårleg framkome. Naudetatane opplever stadig forseinkingar i Vikane på grunn av trafikktilhøva. Det finst ingen omkøyringsveg utanom fv 5894 over Krøvelseidet, men den er smal og ikkje dimensjonert for denne trafikkmengda, og ved førre stenging vart det full stans i trafikken også der.

Geir Inge Lien (Sp) løftar no spørsmålet om den uhaldbar situasjonen på E39 Volda – Furene fram i Stortinget.

Volda har siste åra prioritert styrka bemanning for dei minste i barnehagen, eit viktig førebyggande tiltak. I årets pre...
31/03/2026

Volda har siste åra prioritert styrka bemanning for dei minste i barnehagen, eit viktig førebyggande tiltak. I årets pressa budsjett er dette kutta frå 1. august, men det er også vedtatt å søkje om statlige midlar til toppa bemanning slik at vi i størst mogleg grad kunne halde fram å styrke bemanninga i barnehagene. No viser det seg at bemanninga allereie er tatt ned. Dei folkevalgte blir først kjende med dette i SU-møter i barnehagane, Rebecca Christina Riise Bjerknes ber om forklaring og peikar på at tenesteutvala har ein viktig funksjon🍀
🍀les saka i kommentarfeltet 🍀

Adresse

Volda

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda Senterparti legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Volda Senterparti:

Del