Volda kommune

Volda kommune Telefon:70058700 frå kl 09.00-15.00. Volda kommune sin Facebook- profil er meint som ein ekstra informasjonskanal

Volda styrker fastlegeordninga med ny heimel i sentrumFrå 1. september får Volda legesenter ein ny fastlege. For å byggj...
31/07/2026

Volda styrker fastlegeordninga med ny heimel i sentrum

Frå 1. september får Volda legesenter ein ny fastlege. For å byggje opp den nye lista vil om lag 40 pasientar frå kvar av åtte fastlegelister bli flytta over til den nye lista. Kven som blir flytta, blir trekt ut tilfeldig av Helfo. Verken kommunen eller legane kan påverke dette. For dei aller fleste pasientane blir det ingen endring. Dei som får ny fastlege vil framleis høyre til ved Volda legesenter og møte mykje av det same personellet som før.

Fastlegetenesta i Volda er svært etterspurd. Mange ønskjer fastlege i kommunen, og det er framleis lang venteliste på fleire av listene. Samstundes har alle innbyggarane i Volda i dag ein fastlege.

Kommunen er ansvarleg for at vi har tilstrekkeleg kapasitet i fastlegeordninga. Vi har mange studentar som flyttar hit, og andre som ønskjer fastlege i kommunen. Politikarane har derfor prioritert auke i fastlegekapasiteten. I første omgang var det ny fastlege i Hornindal, men no er det Volda sentrum sin tur. Den nye heimelen vil styrkje fastlegetilbodet og gi betre kapasitet til å møte behova til både nye innbyggarar og eksisterande pasientar. Når ein ny fastlege startar opp, er det vanleg at nokre pasientar blir flytta frå eksisterande lister for at den nye legen raskt skal kunne tilby eit stabilt og godt fastlegetilbod. På sikt vil ein auke opp igjen listekapasiteten til fleire av legane ved senteret.

Blant ni søkjarar var det G**o Dørum Kleiva som fekk den nye heimelen. Kommunen har sendt inn søknad til Helfo om at ho får starte i ny fastlegeheimel 1. september 2026 ved Volda legesenter. Ho har erfaring frå både Ørsta Helsesenter, Volda sjukehus og Volda legesenter, der ho har vore fastlegevikar i om lag tre år.

Vi er glade for å få G**o Dørum Kleiva med på laget og ser fram til at ho skal styrkje fastlegetilbodet i Volda. Dei som får ho som fastlege, kan vere trygge på at dei vil få god oppfølging og framleis få hjelp ved same legesenter som før.

Gjennomgang av vedtak om tryggleiksalarmVolda kommune har motteke brev frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om regelve...
31/07/2026

Gjennomgang av vedtak om tryggleiksalarm

Volda kommune har motteke brev frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal om regelverket for eigenbetaling for tryggleiksalarm.
På denne bakgrunnen vil kommunen no gå gjennom alle vedtak der det er kravd eigenbetaling for tryggleiksalarm.

Kommunen kan berre krevje eigenbetaling når det finst heimel i lov eller forskrift. Ved vurderinga må kommunen sjå nærare på kva slags hjelp tryggleiksalarmen er knytt til, og om det i den enkelte saka er rettsleg grunnlag for å krevje betaling.

Kommunen vil derfor gjere individuelle vurderingar av gjeldande vedtak for å sikre at praksisen er i samsvar med regelverket. Dersom gjennomgangen fører til endring i vedtaket ditt, vil du få skriftleg melding frå kommunen.

Treng eg å gjere noko?
Nei. Du treng ikkje sende inn ny søknad eller klage for at saka di skal bli vurdert på nytt. Kommunen går gjennom aktuelle vedtak på eige initiativ.
Dersom gjennomgangen gjeld deg, vil du få informasjon direkte frå kommunen.

Kva skjer vidare?
Arbeidet med gjennomgangen startar så snart som mogleg. Det er om lag 200 brukarar som i dag betaler eigenandel for tryggleiksalarm i Volda kommune. På grunn av ferieavvikling og redusert bemanning dei komande vekene, vil det ta noko tid å gå gjennom alle vedtaka.
Vi ber om forståing for dette. Kommunen vil ta kontakt med dei det gjeld så snart saka deira er vurdert.

Har du spørsmål som ikkje kan vente, kan du kontakte kommunen på vanleg måte.

Ledig stilling - sjukeheimsoverlegeVolda kommune har ledig vikariat som sjukeheimsoverlege i 100 % stilling ved Volda om...
27/07/2026

Ledig stilling - sjukeheimsoverlege

Volda kommune har ledig vikariat som sjukeheimsoverlege i 100 % stilling ved Volda omsorgssenter frå oktober 2026 til oktober 2027. Søknadsfristen er 16. august 2026.

Sjukeheimane dekkjer heile spekteret av helsetenester i institusjon, med langtidsopphald, skjerma avdelingar for personar med demens, lindrande omsorg, rehabilitering og ulike typar korttidsplassar.
Kommunen kan vere fleksibel når det gjeld stillingsstorleik.

Hos oss får du ei stilling der du kan vere med og utvikle innhaldet i tenestene.

Stillinga er knytt til Volda omsorgssenter, som har 57 langtidsplassar og 20 korttidsplassar.

Vikariatet varer frå oktober 2026 til oktober 2027. Det kan vere mogleg å avtale eit anna oppstartstidspunkt.

Volda kommune har ledig vikariat som sjukeheimsoverlege i 100 % stilling ved Volda omsorgssenter frå oktober 2026 til oktober 2027. Søknadsfristen er 16. august 2026.

Opa kyrkje - Markering av 22. juliVolda kommune og Volda kyrkje markerer onsdag 22.juli at det har gått 15 år sidan terr...
20/07/2026

Opa kyrkje - Markering av 22. juli

Volda kommune og Volda kyrkje markerer onsdag 22.juli at det har gått 15 år sidan terrorangrepa i Oslo og på Utøya. Volda kyrkje vil vere open kl 14 - 15 for lystenning og ettertanke. Vi byrjar med å ringe 77 slag med kyrkjeklokkene for å minnast dei som mista livet denne dagen. Musikk ved Erlend Koppen.

Sommarprogrammet 2026 🤩Sjekk ut dei mange kjekke aktivitetane du kan vere med på i sommar gjennom Volda kommune sitt som...
15/07/2026

Sommarprogrammet 2026 🤩

Sjekk ut dei mange kjekke aktivitetane du kan vere med på i sommar gjennom Volda kommune sitt sommarprogram! Alle aktivitetane er gratis, og det er noko for dei aller fleste. Tilboda går gjennom heile sommarferien, så her ligg alt til rette for ein aktiv og innhaldsrik sommar. Bli med! Bli med! 😀👋

Her finn du oversikt over alle aktivitetane. Nokre av dei krev påmelding: https://www.volda.kommune.no/tenester/kultur-fritid-og-frivilligheit/sommarprogrammet-2026

Takk til for midlar til sommarprogrammet for barnefamiliar i Volda kommune

Bli med  å ta imot keeperhelten vår⚽️🇳🇴👏🏻Ørjan Håskjold Nyland Kjem med fly til Hovden kl. 20.15 i kveld.Ordførar Sølvi ...
14/07/2026

Bli med å ta imot keeperhelten vår⚽️🇳🇴👏🏻

Ørjan Håskjold Nyland Kjem med fly til Hovden kl. 20.15 i kveld.Ordførar Sølvi Dimmen , Mork Il og VTI Fotball kjem for å ta han imot. - møt opp og bli med du også🇳🇴👏🏻🇳🇴👏🏻🇳🇴💪🏻🇳🇴🙌🏻

Folkefest i Volda Campus Arena – bli med og hei fram Noreg!Volda Fotball  inviterer til folkefest og storskjermvisning a...
08/07/2026

Folkefest i Volda Campus Arena – bli med og hei fram Noreg!

Volda Fotball inviterer til folkefest og storskjermvisning av Noreg sin kvartfinale i Volda Campus SpareBank 1 Arena saman med frivillige, private, lokalt næringsliv og Volda kommune.

Ta med familie, vener og heile heiagjengen, og opplev den gode stemninga når vi samlast for å heie fram Noreg. Med storskjerm, fellesskap, RO-ing og spenning til siste sekund ligg alt til rette for ein ekte fotballfest.

Arrangementet er gratis, alkoholfritt og ope for alle.

Klar for folkefest?

Kl. 21.30: Dørene og kiosken opnar.

Kl. 22.30: Ordførar Sølvi Dimmen ønskjer velkomen og dreg i gang den første «RO-økta» med stortromme før kampen. Odd Kåre Fløtre er kveldens konferansier.

Kl. 23.00: Noreg mot England – kampstart!

Det er gratis inngang, og du treng ikkje reservere plass. Vi har kapasitet til rundt 1000 publikummarar i Volda Campus SpareBank 1 Arena.

Kom tidleg, finn plassen din og bli med når vi saman heiar fram Noreg og vår lokale helt Ørjan Nyland!

Ta med godt humør, norske flagg, og kle dykk gjerne i raudt, kvitt og blått.

Store fotballminne blir skapte i lag. Når spørsmålet kjem om nokre år – «Kor var du då Noreg slo England i VM 2026?» – håpar vi svaret ditt er: På folkefesten i Volda Campus Arena!

Vi rettar ein stor takk til primus motor for arrangementet Simen Bjørdal - og til Sparebanken Møre, Sparebank1 SMN og Sparebankstiftinga som har vore rause med midlar for å skape minner for livet. Dette er bygde-dugnad på sitt beste!

Høyring - lokal forskrift om termisk sikte i hjortejakta i Volda kommune. H øyringsfrist 9. august 2026.
08/07/2026

Høyring - lokal forskrift om termisk sikte i hjortejakta i Volda kommune. H øyringsfrist 9. august 2026.

Landbruks- og matdepartementet fastsette 26.06.2026 endringar i jaktutøvingsforskrifta. Dette vart gjort på bakgrunn av behov for tilpassingar i forskriftsverket i samband med at den nye Viltressurslova skulle tre i kraft 01.07.2026. I den nye viltressurslova er det lagt inn forbod mot bruk av res...

Informasjon til ungdommar i Volda kommune:
02/07/2026

Informasjon til ungdommar i Volda kommune:

Skulehelsetenesta ved Volda vgs, Solveig Håheim Vike og Iselin Steinnes Foldal, er tilgjengeleg for samtalar etter den tragiske hendinga på Greivsneset fredag førre veke.

Adresse

Stormyra 2
Volda
6100

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 16:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4770058700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Volda kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Volda kommune:

Snarveier

Del