04/08/2026
Kor robust er Noreg når det verkeleg gjeld?
Visste du at rundt 90 prosent av det vi importerer til Noreg kjem sjøvegen? Kva hadde skjedd om sjøtransporten stoppa opp? Mat på butikkhyllene, medisinar på apoteket og drivstoff til transport og beredskap er avhengige av at skipsfarten fungerer. I ei tid prega av uro og uvisse er eit «robust maritimt transportsystem» viktigare enn nokon gong.
⚓ Trygge farleier
⚓ Effektive hamner
⚓ Gode koplingar mellom sjø, veg og bane
Dette er avgjerande for at varer og forsyningar kjem fram når samfunnet treng det mest. I artikkelsamlinga vår Status 2026 skriv kystdirektør Einar Vik Arset om kvifor sjøtransporten er avgjerande for både forsyningstryggleik, beredskap og kvardagslivet i Noreg.
--> Er vi som samfunn bevisste nok på kor viktig sjøtransporten er for beredskapen vår?
https://www.kystverket.no/Status2026Sjotransporten